Då Israel vart oppretta

Då Israel vart oppretta

Skjermdump av dagbladet.no, 14. mai 2018

Skjermdump av dagbladet.no, 14. mai 2018

Palestina, Israel og Jerusalem dominerer framleis nyheitsbiletet i Noreg 70 år etter Israel vart erklært 14. mai 1948. I desse dagar kan ein lese om palestinarar som blir drepne på Gazastripa samstundes med at den amerikanske ambassaden vert opna i Jerusalem. 

Men kva skreiv eigentleg norske aviser om då Israel vart oppretta i mai 1948?

Framsidan på Glåmdalen (Organ for Det norske arbeiderparti) 15. mai 1948

Framsidan på Glåmdalen (Organ for Det norske arbeiderparti) 15. mai 1948

Delingsplanen illustrert i Aftenposten, 15. mai 1948

Delingsplanen illustrert i Aftenposten, 15. mai 1948

Det britiske mandatet i Palestina tok slutt ved midnatt natt til 15. mai 1948. Nokre månadar tidlegare hadde det nyoppretta FN vedtatt at Palestina skulle bli delt inn i ein arabisk og ein jødisk stat, med eit internasjonalt administrert Jerusalem. Frå delingsplanen vart vedtatt 29. november 1947 og fram til mai 1948 var det borgarkrig i mandatområdet mellom jødiske og palestinsk-arabiske grupper.

Då det var endeleg klart at britane trakk seg ut, erklærte David Ben Gurion staten Israel for oppretta fredag 14. mai 1948 klokka 15.00 norsk tid (16.00 lokal tid). Dei omkringliggande arabiske statane, med Egypt og Transjordan i spissen, erklærte krig og gjekk inn med militære styrkar i det tidlegare Palestina-mandatet like ved midnatt.

Delingsplanen til FN (1947)

Delingsplanen til FN (1947)

At den nye staten kom til å bli invadert, kom ikkje som noko overrasking, og var omtalt i avisene dagen før, der frå Dagbladet, fredag 14. mai 1948.

At den nye staten kom til å bli invadert, kom ikkje som noko overrasking, og var omtalt i avisene dagen før, der frå Dagbladet, fredag 14. mai 1948.

Det var ikkje noko overrasking at det kom ei sjølvstendeerklæring og ein påfølgjande krig. Dagbladet skreiv 14. mai at «Egyptisk storangrep på Palestina ventes når som helst» og hadde ein lengre kommentar om at det no var «Full krig i Palestina» signert R. V..

Aftenposten aften, 14. mai 1948

Aftenposten aften, 14. mai 1948

Aftenposten aften, 14. mai 1948

Aftenposten aften, 14. mai 1948

Dagbladet, 14. mai 1948.

Dagbladet, 14. mai 1948.

Dagen etter invasjonen kunne ein lese denne situasjonsrapporten frå NTB/Reuter i Dagbladet og fleire andre aviser den 15. mai:

Etter en natt med verdenshistoriske begivenheter står de jødiske og arabiske arméer nå ansikt til ansikt og tar mål av hverandre, klar til å innlede en hellig krig på liv og død. Spenningen i Den nære orient har nådd bristepunktet, og i London er stemningen meget dyster. 

Bergens Tidende, 15. mai 1948

Bergens Tidende, 15. mai 1948

Adresseavisen fokuserte på Winston Churchill sitt Oslo-besøk og Israel 15. mai 1948

Adresseavisen fokuserte på Winston Churchill sitt Oslo-besøk og Israel 15. mai 1948

Sarpsborg Arbeiderblad, 15. mai 1948

Sarpsborg Arbeiderblad, 15. mai 1948

Dagbladet, 15. mai 1948

Dagbladet, 15. mai 1948

USA sjokkerer verda i Bergens Tidende, 15. mai

USA sjokkerer verda i Bergens Tidende, 15. mai

Dei fleste avisene baserte seg på telegram og rapportar frå utlandet og gjengav for det meste internasjonale nyhende. Dei tematikkane som gjekk att i tillegg til erklæringa, var korleis dette påverka FN. USA var svært raskt ute med å anerkjenne den nye staten, noko som skal ha kome svært bardus på dei andre statane i FN. «Som en bombe virket meldingen i FN», skreiv Bergens Tidende og viste til ein «Reuters medarbeider» som vart sitert i fleire andre aviser. Anerkjenningar frå andre land vart rapportert forløpande dei neste dagane. Ei norsk anerkjenning kom ikkje med det første, og på eit tidspunkt spurte kommunistavisa Friheten 28. mai om «Når skal Norge anerkjenne Israel?», fulgt av ein «henvendelse til Regjeringen» om anerkjenning av Per Boye-Hansen, generalsekretær, på vegne av «norske venner av staten Israel». Noreg anerkjende Israel først i februar 1949.

Friheten, 28. mai 1948

Friheten, 28. mai 1948

15. mai siterte Aftenposten ein omsett versjon av den israelske uavhengigheitserklæringa på framsida. Dagbladet var ei av få aviser som hadde tatt kontakt med forstandaren av Det mosaiske trussamfunn i Oslo, kaptein Harry Koritzinsky, som kunne fortelje at dei hadde sendt gratulasjonar til den nye regjeringa i Israel på vegne av norske jødar:

«Norske jøder hilser med stolthet gjenopprettelsen av den jødiske stat og dermed fyllestgjørelsen av en tusenårig drøm.»

Koritzinsky sa at ein «2000 gammel år drøm er gått i oppfyllelse» og fortel til avisa at han trur den nye staten i første omgang kan takle 3 millionar nye jødiske innvandrar. Vidare blir han spurt om situasjonen for norske jødar og om dei kunne tenke seg å flytte til Israel:

Bilete frå utanfor den norske sionistforeininga, Dagbladet, 15. mai 1948

Bilete frå utanfor den norske sionistforeininga, Dagbladet, 15. mai 1948

– Hvor mange jøder er det i Norge nå?
– I landet er det i alt ca. 600 jøder pluss de 400 som kom hit for et år siden fra tyske leire. I 1930 var det ca. 1400 — 720 norske jøder ble tilintetgjort og ca. 50 har forlatt landet. 

– Trives de 400 nye jødene her, eller tror De de gjerne nå vil til den nye jødestaten?
– De trives utmerket her, har fått arbeid, og jeg tror de helst vil bli i Norge.

– Blir det noen festligheter i anledning av begivenheten?
– Ja, i morgen skal vi ha møte, hvor vi kommer til å feire den.

Støttemeldingar

I fleire aviser kunne ein dagane etter lese korte støttemeldingar til Israel, frå norske jødar, ymse «norske kvinner og menn» som Arnulf Øverland og Martin Tranmæl, og ikkje minst arbeidarane ved Aker og Nyland verkstadar.

Fisk for appelsiner! Gerhard Fuchs, direktøren for Det norske handelskompani i Palestina har trua på Israel på framsida av Arbeiderbladet, 18. mai 1948.

Fisk for appelsiner! Gerhard Fuchs, direktøren for Det norske handelskompani i Palestina har trua på Israel på framsida av Arbeiderbladet, 18. mai 1948.

Dagbladet, 15. mai 1948

Dagbladet, 15. mai 1948

Arbeiderbladet, 15. mai 1948. Det same står i Dagbladet same dag.

Arbeiderbladet, 15. mai 1948. Det same står i Dagbladet same dag.

Arbeiderbladet viser det jødiske flagget vaie på 17. mai i Oslo utanfor Den norske sionistforening, 18. mai 1948.

Arbeiderbladet viser det jødiske flagget vaie på 17. mai i Oslo utanfor Den norske sionistforening, 18. mai 1948.

Arbeiderbladet, 18. mai 1948

Arbeiderbladet, 18. mai 1948

Friheten, 28. mai 1948

Friheten, 28. mai 1948

Israel og krigen i Palestina ofte omtalt i ulike samanhengar i avisene dei neste månadane. Forfattaren Torborg Nedreaas skreiv mellom anna 31. mai 1948 i NKP-avisa Friheten om «Palestina og vi» der ho i sterke ordlag kritiserte «britisk støtte til nedslakting av jødene i Palestina» og britisk våpenhjelp til Syria, Transjordan, Irak og Egypt.

Israel og krigen i Palestina var å finne på mange avisframsider ei lang tid framover. Her frå arbeiderpartiavisa 1ste mai ei veke etter erklæringa 22. mai 1948.

Israel og krigen i Palestina var å finne på mange avisframsider ei lang tid framover. Her frå arbeiderpartiavisa 1ste mai ei veke etter erklæringa 22. mai 1948.

Forfattaren Torborg Nedreaas skreiv 31. mai 1948 i NKP-avisa Friheten om «Palestina og vi» der ho i sterke ordlag kritiserte «britisk støtte til nedslakting av jødene i Palestina» og britisk våpenhjelp til Syria, Transjordan, Irak og Egypt.

Forfattaren Torborg Nedreaas skreiv 31. mai 1948 i NKP-avisa Friheten om «Palestina og vi» der ho i sterke ordlag kritiserte «britisk støtte til nedslakting av jødene i Palestina» og britisk våpenhjelp til Syria, Transjordan, Irak og Egypt.

Det kan elles vere verdt å nemne at samstundes med at mandatet i Palestina tok slutt, var avisene i Noreg fulle av stoff om besøket til Winston Churchill, som var britisk koloniminister då ein sette opp strukturane for administrasjonsstrukturen for Palestina-mandatet i 1921–1922. Ein finn alt frå rapportar, fotografi, hyllingar, dikt, teikneseriar, og intervju med ho som laga ein bukett til han.

Winston Churchill i samtale med kong Haakon VII, i Dagbladet, 15. mai 1948.

Winston Churchill i samtale med kong Haakon VII, i Dagbladet, 15. mai 1948.

I mai-dagane i 1948 var det kommande flyktningeproblemet lite i fokus og det var mest å spore i mindre notisar, som i Verdens Gang i april 1948, om at det var kome «arabiske flyktninger» til Egypt. Etter krigen mellom Israel og nabostatane var over, og akkurat eitt år etter den israelske uavhengigheitserklæringa, skreiv den bergenske journalisten Albert Henrik Mohn eit lengre innlegg i VG om «De arabiske flyktningene» den 18. mai 1949, som fekk fleire svar. Her skriv Mohn i detalj om dei svært dårlege forholda desse levde under og at flyktningane «råtner i jordhullene sine».

Albert Henrik Mohn om dei flyktningane i Verdens Gang, 18. mai 1949.

Alt er henta frå Atekst og Nasjonalbiblioteket. 


Denne teksten vart publisert 15. mai 2018

Bokmelding: «Sannhet til salgs»

Bokmelding: «Sannhet til salgs»

Ein krympande innsjø i Iran

Ein krympande innsjø i Iran