Bokmelding: «Sannhet til salgs»

Bokmelding: «Sannhet til salgs»

Sannhet til salgs.jpg

Sannhet til salgs er ei heilt grei debattbok om forsking. Det er vanskeleg å vere usamd med Dag O. Hessen i mykje av den han påpeiker, der han tar opp interessante problemstillingar og tendensar innan høgare utdanning og i forsking, alt med eit personleg utgangspunkt og personleg erfaring. Den opplevast likevel som noko tam for eit forsvarsskrift å vere. 

Hessen kjem eigentleg ikkje med noko nytt og boka er ikkje akkurat nokon brannfakkel. Det er meir ein gjennomgang av «fire problematiske tendenser» innan forsking og forskingspolitikk, som Hessen skriv sjølv på side 19. Til det fungerer boka godt og Hessen er innom dei aller flest felt. Til tider blir det for velkjend og lite nytt. I delen om skepsis til forsking og forskarar («Falske fakta»), brukar han til dømes dei ganske velkjende og velbrukte døma klima, evolusjon og vaksiner. Her kunne boka tent på å hatt mindre kjende døme for sjå på problemstillinga med ei anna vinkling enn den ein sannsynleg lesar vil kjenne godt frå før.

Både i føreordet og i avslutninga påpeiker Hessen at «dette er et personlig innlegg i en evig aktuell diskusjon om hva akademia bør være, og hva det bør være til for» (s. 145) og at det kjem til å vere prega av bakgrunnen hans som professor i biologi ved UiO. Hessen bruker seg sjølv som utgangspunkt og det er tydleg gjennom heile boka at det er naturvitskapsfeltet han kjenner best til og hentar dei fleste døma ifrå. 

Generelt sett er boka skrive i eit enkelt og lett tilgjengeleg språk for alle som er og burde vere interessert i forskingspolitikk. Den oppsummerer mange problematiske tendensar innan forsking som ein bør kjenne til og filosofere rundt. Slik sett fungerer Sannhet til salgs som ei grei innføringsbok.

Bokmelding: «Israel – Historie, politikk og samfunn»

Bokmelding: «Israel – Historie, politikk og samfunn»

Då Israel vart oppretta

Då Israel vart oppretta