Ein krympande innsjø i Iran

Ein krympande innsjø i Iran

Fargeskiftet er tydeleg på desse to satelittbileta tatt av NASA mellom april og juli 2016 (NASA Earth Observatory)

Fargeskiftet er tydeleg på desse to satelittbileta tatt av NASA mellom april og juli 2016 (NASA Earth Observatory)

I Iran ligg Urmia-sjøen, som ein gong i tida var den største innsjøen i Midtausten og ein av dei største saltvassinnsjøane i verda. Innsjøen ligg i det som i dag er iransk Aserbajdsjan, nær grensa mot Tyrkia, og er ofte å sjå på oversiktskart over Midtausten, der den er den einaste innsjøen i Iran som er teikna inn. Klimaendringar, minkande grunnvatn og irrigasjon der ein tar vatn frå elvene før dei når sjøen, har ført til tilførselen av ferskvatn gradvis minkar. Etter kvart som det blir mindre vatn, stig saltinnhaldet. Det aukande saltinnhaldet fører til at mikroorganismar får sjøen til å skifte farge, som i 2016 då den gjekk frå grøn til raud. Sjølv om fargen har variert, verkar det som at raudfargen blir eit vanlegare syn, sidan mindre ferskvatn renn ut i sjøen. Vatnet i Urmia-sjøen forsvinn berre via fordamping sidan det ikkje er noko naturleg utlaup. Denne prosessen går no sopass raskt at sjøen er i ferd med å forsvinne heilt, på lik line med mange andre innsjøar, som t.d. Aralsjøen og Daudehavet.

Urmia-sjøen, nordvest i eit grønfarga Persia, er godt synleg på dette britiske kartutsnittet frå 1886. (Library of Congress)

Urmia-sjøen, nordvest i eit grønfarga Persia, er godt synleg på dette britiske kartutsnittet frå 1886. (Library of Congress)

Innsjøen skildra i ei britisk militærhandbok for Mesopotamia i 1917. (IOR/L/MIL/17/15/41/6)

Innsjøen skildra i ei britisk militærhandbok for Mesopotamia i 1917. (IOR/L/MIL/17/15/41/6)

Sjøen har alltid vore svært grunn. I 1917 var det berre 16 meter på det djupaste, ifølgje ei britisk handbok. For nokre år sidan var djupna redusert til berre 2 meter. Innsjøen var svært rik på øyer, og hadde ein gong so mange som 102 forskjellige øyer (Ifølgje Wikipedia, skal sjølvaste Hülegü khan, mongolherskaren som erobra Bagdad i 1258 og barnebarn av Djengis khan, vere gravlagd på ei av desse øyene saman med all rikdomen sin. Nærmare bestemt Sjahi-øya, som ein ser til venstre i biletet øvst i saken.)

Ei britisk geologisk oversikt viser Urmia-sjøen sine dimensjonar slik ein trudde den var i mai 1918 (‘Fig. 6 The Former Extension of Lake Urmia (after de Morgan)’ IOR/L/MIL/17/15/54, p 46A)

Ei britisk geologisk oversikt viser Urmia-sjøen sine dimensjonar slik ein trudde den var i mai 1918 (‘Fig. 6 The Former Extension of Lake Urmia (after de Morgan)’ IOR/L/MIL/17/15/54, p 46A)

I ei britisk geologisk oversiktsverk over Midtausten frå mai 1918 finst det ein illustrasjon over innsjøen og den dåverande utstrekninga. Ifølgje oversiktsverket varierte innsjøen ganske mykje frå sesong til sesong. Dei raude strekane viser kvar innsjøen var på sitt største. Den stipla lina viser til strandlina innsjøen skal ha hatt i pliocen-epoken, som var for nokre millionar år sidan (om lag 5,3–1,8 millionar år for å vere meir nøyaktig.).

Fridtjof Nansen diskuterte vasstandane i Urmia-sjøen og nærliggande innsjøar i historiske tid i Gjennem Armenia i 1927, der han konkluderte at:

Av alle tegn kan således sluttes at den gjennemsnitlige vannstann i disse sjøer ikke i historisk tid har vært høiere enn nu, og at klimatet følgelig ikke i det store og hele er blit tørrere i senere tid.

Sidespor: Det er ikkje berre Urmia-sjøen som tørkar inn i Iran. Den sokalla «Livselva», Zayandé-Rud, som renn gjennom Isfahan, tørkar somme tider heilt inn på grunn av tørke, folkeauke og urbanisering.

Den inntørka elvebotnen til «Livselva» i Isfahan i september 2016. Brua i bakgrunnen er den 300 meter lange «Treogtredve bruspenn-brua», Allāhverdi Khan eller Si-o-seh pol som den òg heiter. Brua er bygd 1599–1602 under safavide-sjahen Abbas den sto…

Den inntørka elvebotnen til «Livselva» i Isfahan i september 2016. Brua i bakgrunnen er den 300 meter lange «Treogtredve bruspenn-brua», Allāhverdi Khan eller Si-o-seh pol som den òg heiter. Brua er bygd 1599–1602 under safavide-sjahen Abbas den store, som flytta hovudstaden til Isfahan i 1598.

Det uttørka elveleiet i Isfahan sett frå ei anna bru, september 2016.

Det uttørka elveleiet i Isfahan sett frå ei anna bru, september 2016.

Då Israel vart oppretta

Då Israel vart oppretta

Jerusalem til jul

Jerusalem til jul