Jerusalem til jul

Jerusalem til jul

Då Jerusalem vart erobra av Storbritannia i 1917, vart det grundig dekka i norske aviser. Medan det meste var i form av tørre telegram-rapportar om krigsutviklinga, var det òg ein del fargerike analysar med kristne over- og undertonar.

I løpet av dei to siste månadane av 1917 endra krigssituasjonen for Storbritannia seg mykje. Med revolusjon i Russland i november mista dei ein alliert, samstundes som USA var på veg inn som ny alliert. Krigen mot Det osmanske riket hadde gått mykje treigare enn forventa, og britane hadde gått på fleire nederlag. Dei hadde forsøkt to gongar (mars og april 1917) å ta seg inn i Palestina via Gaza over Sinai-halvøya, men hadde vorte slått attende kvar gong. 

Borgarmeister Husayn Salim al-Husayni, i midten med frakk, bart og fes, overgjev Jerusalem etter 401 år med osmansk styre til britiske styrkar morgonen 9. desember 1917 (Foto: LoC)

I byrjinga av november kom den vært kontroversielle Balfour-erklæringa, der Storbritannia lova å støtte opprettinga av ein «nasjonalheim for det jødiske folket» i Palestina. Palestina hadde britane då ikkje kontroll over, men same dag sette den nyutnemnde general Edmund Allenby i gang den tredje offensiven mot Gaza. Allenby hadde fått i oppdrag av statsminister Lloyd George å skaffe sjølve Jerusalem som julepresang til ei krigstrøytt britisk befolkning. Felttoget var vellukka og litt over ein månad seinare, 9. desember 1917, overgav borgarmeisteren av Jerusalem byen til britane. 

Filmopptak frå inntoget i Jerusalem.

Lloyd George fekk julegåva si, men britane utsette inntoget i sjølve byen nokre dagar for å sikre seg at alt gjekk rett føre seg. I eit velregissert og symboltungt propagandastunt 11. desember 1917, spaserte Allenby audmjuk gjennom Jaffa-porten og inn i gamlebyen som eit teikn på respekt for den heilage byen. I Bergens Tidende kunne ein onsdag 12. desember lese om «Det høitidelige inntog i Jerusalem», der «General Allenby ledsages under indtoget av kommandanterne for de franske og italienske tropper, som har deltat i felttoget og dessuten ogsaa av muhamedanske delegerte.»

Man mindes bibelens beretning om, at Kristus holdt sit indtog i Jerusalem paa en aseninde [ho-esel]. Senere drog keiser Wilhelm ind i den hellige stad til hest og under utfoldelse av stor pragt. General Allenby og hans deltagere holder sit indtog tilfots. Jerusalems erobring har i alle britiske kredse vakt stor tilfredshet, ja endog begeistring, skjønt den militære betydning av seiren ikke ansees for særlig stor.
  
Da Bonar Law [finansminister] redegjorde derfor i underhuset, brøt man ut i hurrarop, som fornyedes, da han erklærte, at engelskmændene hadde utskutt erobringen for ikke at skade det hellige sted.
 

Sitatet over kom med telegram frå London. Telegrammet frå Wien frå den andre sida i krigen, gjengjeve i same avis, var ein god del kortare:

»Neue freie Presse« skriver om Jerusalems overgivelse, at denne hændelse kan ikke ændre noget i de store krigslinjer, hvor beklagelig den end er.

General Edmund Allenby spaserer inn Jaffa-porten 11. desember 1917. Klokketårnet i bakgrunnen er no borte.

Biletet på den audmjuke og respektfulle britiske offiseren er det meste kjende biletet av inntakinga av Jerusalem. Inntoget var varsla og reklamert godt på førehand, sopass godt at mange norske aviser allereie same dag hadde erobringa av Jerusalem som hovudsak på framsidene sine. Medan Balfour-erklæringa knapt vart nemnd i norsk presse, og då nærmast berre indirekte, fekk felttoget til Allenby og erobringa av Jerusalem brei dekking, og det vart omtalt i eit tjuetals norske aviser i 10.–12. desember. Rapportering av nyhenda var i alle hovudsak basert på telegram frå London med omtale av den britiske finansministeren Bonar Law sin tale i Underhuset.

New York Herald, 11. desember 1917.

New York Herald, 11. desember 1917.

Ei av dei meste kjende avisframsidene om inntoget i Jerusalem tilhøyrer New York Herald som entusiastisk kunne rapportere at «Jerusalem er redda av britane etter 673 år med muslimsk styre» og at det var «mykje jubel i den kristne verda». Norske Intelligenssedler sine overskrifter same dag er det nærmaste ein kjem noko liknande i Noreg, der ein kunne lese at «Jerusalem erobret frå tyrken» og «Halvmaanens herredømme brutt i det hellige land». Norske aviser la seg likevel på ei noko mindre sensasjonell religionskrigaktig line enn New York Herald. Det var meir nøkternt og telegramtørt, men den religiøse undertonen var likevel tydeleg i den generelle omtalen av Jerusalem. Sakane var ofte følgd av historiske skildringar av Jerusalem fulle med referansar til Bibelen og med fotografi og illustrasjonar av dei heilage stadane i byen. Under kan du bla gjennom fem norske avisframsider:

Den 17de Mai, torsdag 13. desember 1917

Jerusalem, og den vidare erobringa av Palestina, vart grundig dekka og omtala i norske aviser i vekene som følgde. Nokre av dei noko få djupare analysane av erobringa, hadde eit nøytral til positiv haldning til erobringa. Ei av dei mest positive kom i Den 17de Mai, der ein kunne ein noko overentusiastisk og fargerik britisk-vennleg analyse som erklærte det heile for ein «vigtug militær og politisk siger»:

Daa keisar Wilhelm høgt til hest i si tid [1898] drog inn i Jerusalem, gjekk inntoget for seg under all den stasen og orientalske fargerikdomen hans trugne osmanske krigsbrør kunde hitta paa.
   Tysdag marserte general Allenby inn i same byen. Han gjekk, melder telegrammi. I brodden for dei djerve soldatarne sine kom han som utfriaren og bergingsmannen for denne byen, som i so lange tider hev lege under heidningeveldet.
[...]
Usemje og indre strid skipla samhaldet [av ei kristen statsordning leia av Gottfred av Bouillon med Jerusalem som hovudstad], og alt i 1244 tok muhamedanarane magti for aalvor. Sidan hev dei raadt over byen utan aa skifta magti med nokon, heilt til general Allenby no maandag melde um at den heilage staden atter var i kristne hender.
[...]
Dei engelske bladi held sterkt fram, at Allenbys siger vil gjeva atterljod i heile islam. Det var eit like stort tap for islam aa missa Jerusalem, som det var ein stor siger for kristendommen aa vinna byen attende. Tysklands panislamittiske plan hev falle til jordi, og den er vorten ein fiasko fraa fyrst til sist. 
[...]
General Allenby hev vunne seg eit udøyande namn, og kjem upp på sidan av den store avlidne herføraren, general Maude [inntok Bagdad i mars 1917], han som vart sett på nr. 1 millom dei engelske generalane. 

Ei samanlikning som ofte kom opp, var den tyske keisar Wilhelm II sitt storslåtte statsbesøk til Det osmanske riket i 1898. Då han besøkte Jerusaem rei inn i byen til hest i heilkvit keisarmundur med ein gullhjelm med to ørner på toppen. Tidlegare hadde keisaren vore i Damaskus og erklærte pompøst framfor grava til Saladin at den tyske keisaren ville for all tid vere ven med sultanen og hans 300 millionar muslimske undersåttar (i sultanen si rolle som kalif). Bileta under er henta frå Library of Congress:

Generelt var det lite kritikk å spore i norske aviser i 1917, med unntak av ein viss «D. S.» i avisa Glommedalen Social-Demokrat som ergra seg over overskrifta «De kristne har seiret i Jerusalem» og fokuset på «kristne» i samband den første verdskrig generelt.

For å trekke det meir til heimlege trakter, so kom nyhenda til Sunnfjord 13. desember 1917 via Florø-avisa Nordre Bergenhus Folkeblad, eit «Blad for bonden og fiskaren», som då framleis heldt seg til gotisk skrift. Her stod det å lese at «sigeren [spelar] mest inn for jødarne, sidan England hev lova dei det gamle fedrelandet etter krigen er slutt.» Noko altfor sikker politisk analyse og spådom om framtida prøver avisa seg ikkje på og slår berre fast at «Um det vil verka attende paa jødar i midmagtlandi er vel meir uvisst».

I eit essay om fred i Glommedalen Social-Demokrat ergra «D. S.» 27. desember 1917 seg over fokuset på «kristne» i samband med første verdskrig.

I eit essay om fred i Glommedalen Social-Demokrat ergra «D. S.» 27. desember 1917 seg over fokuset på «kristne» i samband med første verdskrig.

Nordre Bergenhus Folkeblad, 13. desember

Nokre utvalde utklipp frå enkelte norske aviser sine saker og analyser:

Romsdals Amtstidende bydde på ei analyse 17. desember om kva erobringa ville ha å seie for jødane og sionismen.

Sak om Jerusalem i Kristiania/Oslo-avisa Avisen - Upolitisk Nyhets- og Underholdningsblad, 18. desember 1917.

I Aftensposten  kunne ein laurdag morgon 22. desember lese at Paven støtta erobringa sidan britane var sett på som ein «garanti for fremtidig endelig frihed».

På sjølvaste Julafta 1917 kunne Trondhjems Adresseavis by på julebilete frå det heilage land, der dei la til at «disse festligheter [vil] foregaa under adskillig tryggere forhold» no som Allenby styrte.

Til slutt må det bli lagt til at erobringa av Jerusalem på ingen måte kom som ei overrasking for lesarane av norske aviser. Fleire aviser hadde heilt sidan starten på invasjonen av Palestina meldt fleire gongar at Allenby sine styrkar var nær Jerusalem og at byen sannsynlegvis kom til å falle i nær framtid. Ein kunne allereie lese 15. november i Den 17de Mai at «General Allenby stend framfyre Jerusalem.» Oppdateringane kom òg jamleg, og i 23. november kunne Aftenposten konkludere med at «Jerusalems fald synes nær forestaande».

Referansar:

Avisutklippa er alle henta frå Nasjonalbiblioteket, medan dei fleste bileta er frå Library of Congress. Nokre bilete er henta frå Wikimedia Commons.

Ein krympande innsjø i Iran

Ein krympande innsjø i Iran

Bokmelding: «Om tyranni»

Bokmelding: «Om tyranni»