I media

Eit lite utval av tilgjengelege kronikkar, artiklar, intervju og føredrag

Radio, podcast og lydopptak

Palestina i mellomkrigstida
NRK P2, Kompass
Gjest i del 5 av Kompass-serien «Historia om landet alle vil ha», saman med Kjersti G. Berg.
24. oktober 2023

Historia om landet alle vil ha, del 5, handler om tida mellom de to verdenskrigene: Storbritannia har kontrollen i Palestina, europeiske jøder vandrer inn og palestinerne gjør opprør.

Historisk bakgrunn for Israel/Palestina
Intervju i Utenriksmagasinet Mir, Studentradioen i Bergen
Program: «Om Hamas' angrep Israel»
13. oktober 2023

Jordan i Midtausten
Føredrag på Bergen Offentlege Bibliotek
24. september 2020

I vår stengde Jordan raskt og kraftig ned grunna korona-pandemien, noko som har stagga spreiinga av viruset, men gått hardt ut over økonomien og sosiale rettar. I sommar oppløyste ein domstol den jordanske greina av Det muslimske brorskapet. Trass korona-restriksjonar, har det vore store demonstrasjonar som følgje av ei lengre konflikt mellom styresmaktene og ei fagforeining for lærarar – der foreininga er stengt ned og fleire av leiarane er arresterte. I dette føredraget skal vi bli betre kjend med Jordan, eit land som ofte har vorte sett på som ein roleg utkant i ein uroleg region. Føredraget vil sjå nærmare på Jordan si historie og geografi, med indre spenningar og ytre påverknad, for prøve å gje ein god kontekst til landet si rolle i regionen i dag. Denne månaden er det òg femti år sidan «Svart september», den korte og blodige borgarkrigen i 1970, som enda med at Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) vart kasta ut av landet. Med eit historisk blikk vil føredraget fokusere på spørsmål som kva demografiske utfordringar byr landet på med folkeauke og hundretusenvis av flyktningar frå nabolanda? Korleis passar landet inn i det regionale puslespelet? Kva er rolla til beduinstammane i landet og korleis speler det inn på politikken? Korleis kan den historiske utviklinga i Jordan hjelpe oss med betre å forstå situasjonen i dag? Magnus Halsnes er midtaustenhistorikar og har budd to periodar i Jordan. Han skriv for tida på ei doktorgrad om grenseutvikling, kartbruk og statsbygging i ørkenområda mellom Jordan, Syria, Irak og Saudi-Arabia etter første verdskrig.

Saudi Arabia: Forklart
Panelsamtale saman med Knut Vikør og Anne K. Bang på Litteraturhuset i Bergen
Del av Forklart-serien til Bergen Ressurssenter CMI/UiB
8. november 2018

Saudi Arabia forklart på Litteraturhuset i Bergen 8. november 2018. Kva er det med Saudi-Arabia? Drapet på den regimekritiske journalisten Jamal Khashoggi har reist internasjonal fordømming mot Saudi Arabia. I kjølvatnet av drapet har kritikken mot landet auka. Er det noko som kan utfordra kongefamiliens makt? Kontrastane er tilsynelatande mange i dette landet: På den eine sida er det ein velståande oljeøkonomi, ein strategisk alliert med USA og medlem i både G-20 og FNs menneskerettsråd. Samtidig er landet eit eineveldig monarki med ein svært konservativ form for islam. Statstyret er stadig skulda for alvorlege menneskerettsbrot. Landet har ekstraordinært høge militærutgifter og det er ein av verdas største våpenimportørar, med hendene inn i fleire regionale konflikter - ikkje minst Jemen. Ei spenning mellom det tradisjonelle og det moderne pregar landet. Korleis kan landets historiske utvikling hjelpe oss til å forstå dette komplekse landet i dag? Kva rolle spelar Saudi-Arabia i regionen? Og kva veg går Saudi-Arabia framover? Arrangementet er del gratis og ope for alle! Forklart-serien til Bergen Ressurssenter CMI/UiB http://www.resourcecentre.no/about/forklart/

Kronikkar i avis

Gamle stammer hjelper IS-militsen
saman med Eivind Heldaas Seland
Bergens Tidende, 20. august 2014

Når den fryktede militsen og terrororganisasjonen IS rykker frem i et så stort tempo i Midtøsten, skyldes det gammel kontroll og kontakt - på tvers av landegrensene.

Et brudd med tidsånden
saman med Eivind Heldaas Seland
Bergens Tidende, 20. august 2014

I en tid da ideen om nasjonal selvråderett var en del av tidsånden, ble britene og franskmennenes fordeling av Midtøsten et symbol på arrogant imperialisme.

Folket Russland glemte å nevne
saman med Glenn Jensen Mangerøy
Klassekampen, 13. februar 2014

Under sportsarenaene på «den røde sletten» Krasnaja Poljana, ligger en tragisk og enestående historie begravet.

Artiklar

Den ukjende Austfronten
forskning.no, 1. juli 2014

Austfronten og Balkan har vorte neglisjert i historieforskinga på første verdskrig. Om femten år vil dagens fokus på Vestfronten bli sett på med undring, meiner historieprofessor. (UiB)

Intervjua i media

Jemenittisk slavesønn avsatt, mens nesten-sprengt nevø blir kronprins
Dagbladet, 29. april 2015