Fjellskisser

 
Fjell_WadiRum_2.png
 

Eit lite fritidsprosjekt eg har er å teikne fjell og ruinar. Her er difor eit lite utval av ymse skisseteikningar. Ein del er frå fantasien, men mykje er basert på eigne fotografi, eller inspirert av skisser eller fotografi av ymse utforskarar på 1800- og tidleg 1900-tal. Eit gjennomgangstema er ørken og Midtausten, men somme tider ramlar det inn noko frå meir heimlege trakter.

 
fjell_wadirumm3.png
 

Nær alle skissene er teikna på skrivebrettet reMarkable 2, medan nokre er teikna på tradisjonelt papir. Detaljar om kvar skisse får ein ved å følgje instagram-kontoen @fjellskisser.

Fjell_wadirum.png