Pilegrimsferd frå India til Mekka på sykkel

Pilegrimsferd frå India til Mekka på sykkel

Ein gong i løpet av livet ynskjer dei fleste muslimar å gjennomføre hajj, pilegrimsreisa til Mekka på vestkysten av dagens Saudi-Arabia. Sidan dei fleste ikkje bur like i nærleiken, har eit av dei største utfordringane vore å kome seg dit. Det kostar både tid og pengar, turen har ikkje vore utan farer. Medan dei fleste nok flyr i dag, måtte ein før ta i bruk ulike framgangsmåtar. Nokre tok båt, andre kamelkaravane, mange gjekk, og i 1933 forsøkte to indarar for først gong å sykle.

Kart frå 1922 ( The Times Atlas of the World )
Ma’ān togstasjonen i Transjordan langs pilgrimsruta til Medina. ( Library of Congress )

Ma’ān togstasjonen i Transjordan langs pilgrimsruta til Medina. (Library of Congress)

Før ein etablerte flyruter til Saudi-Arabia, var det kronglete å kome seg fram, og ein pilgrim tok anten ei sjørute med båt eller landevegen, ofte med kamelkaravane. I nokre få år (1908–1918) kunne ein òg ta toget til Medina, men store delar av denne jarnbana vart sprengt i lufta av ein noko myteomspunnen brite under første verdskrig. Dei aller fattigaste gjekk.

Då grunnleggaren av Saudi-Arabia erobra dei to heilage byane Mekka og Medina i 1925, ynskte han av ulike grunnar helst at pilegrimar skulle kome sjøvegen. Dei aller fleste tok difor båt til hamnebyen Jidda. Landevegen til Mekka ut på 1930-talet var på ingen måte enkel. Det var vanskeleg å kome seg inn i Saudi-Arabia for dei fleste. Det fanst ikkje noko som likna på bilvegar til Saudi-Arabia før mot slutten av 1930-talet, då ein vart bygd frå Irak. Ein måtte difor krysse store ørkenområde som ikkje var heilt trygge. Trass farene, forsøkte mange å kome landevegen, spesielt mange fattige pilegrimar frå India, som tok seg fram via Persia og Irak. Nokre drog vidare til Saudi-Arabia frå Irak, andre via Syria og Transjordan.

Togstasjonen Al-’Ula i 1915, då området var under Det osmanske riket. ( Library of Congress )

Togstasjonen Al-’Ula i 1915, då området var under Det osmanske riket. (Library of Congress)

Madāʼin Ṣāliḥ, oldtidsbyen i Saudi-Arabia nær der første forsøket på å nå Mekka på sykkel stranda ( Wikipedia )

Madāʼin Ṣāliḥ, oldtidsbyen i Saudi-Arabia nær der første forsøket på å nå Mekka på sykkel stranda (Wikipedia)

Tidleg 1900-tal var det mykje nye framkomstmiddel som vart prøvd ut i ørkenområda i Midtausten, men det var først i 1933 at nokre indiske pilegrimar forsøkte sykkelen. Uavhengig av kvarandre, forsøkte to indarar å sykle frå India til Mekka under hajj. Det skal vere første dokumenterte forsøk å ta seg fram på sykkel. Det verkar som det gjekk bra heilt fram til desse dei kom til Saudi-Arabia. På 1930-talet var skattlegging av pilegrimar ei av dei største inntektene til den saudiske staten, noko syklistane fekk merke. Den eine indaren kom seg likevel heilt fram til al-ʿUla, ein togstasjon som ligg eit godt stykke (3-400km) inn i Saudi-Arabia, nær oldtidsbyen Mada’in Salih. Her fekk vite han måtte betale toll for sykkelen sin, noko han ikkje hadde råd til. Han måtte difor kvitte seg med sykkelen og halde fram til fots. Den andre indaren kom seg heilt fram til Medina, men selde sykkelen sin då han måtte betale ein vegskatt vidare til Mekka. Båe kom seg heimatt til India med båt.

Året etter, i 1934, forsøkte to «eventyrlystne indarar» visstnok «nok ein gong» å gjennomføre pilegrimsferda til Mekka på sykkel. Dei lukkast ikkje, kom aldri fram til Medina, og måtte kvitte seg med syklane. Dei klarte likevel å kome seg heimatt til India att med båt.

Pilegrimar på båt i Raudehavet ein gong tidleg på 1900-talet. ( Library of Congress )

Pilegrimar på båt i Raudehavet ein gong tidleg på 1900-talet. (Library of Congress)

Det var først i 1935 at ein indisk pilegrim lukkast i å ta seg fram til Mekka på sykkel. Medan dei tidlegare forsøka hadde gått over land, tok denne pilegrimen båten til Jidda, og sykla det noko kortare stykket til Mekka. Det skal seiast at saudiske tenestemenn forsøkte å kreve pengar av pilegrimen på vegen, men han fekk lov å ha med seg sykkel sin heile vegen fram.

I nyare tid verkar det som at fleire har forsøkt seg på pilegrimsferd med sykkel. I 2018 var det visstnok første gong britiske muslimar gjennomførte hajj på sykkel, men desse vart møtt med blomar og song framfor toll og skattekrav. Rett nok fekk dei ikkje lov å sykle heile vegen og måtte fly til Jidda før dei fekk halde fram til Mekka.

Oppdatering: 6. juni – 3. august 2019 sykla åtte pilegrimar frå London til Medina. Planen var å bruke 60 dagar på over 6000 kilometer gjennom 17 land. Desse kunne ein følgje på Twitter @TourdeHajj. Pilegrimane fekk ikkje lov å sykle landevegen til Medina, og hadde planlagt å ta ferje over Raudehavet til Jidda, men måtte likevel fly inn til hamnebyen. Her fekk dei hjelp til å fullføre siste resten av løpet til Medina.


Bokmelding: «Arabia: A Journey Through The Heart of the Middle East»

Bokmelding: «Arabia: A Journey Through The Heart of the Middle East»

Atter ein fransk høgkommissær

Atter ein fransk høgkommissær