To spion-historier frå Transjordan

To spion-historier frå Transjordan

Tidleg på 1930-talet var det lite kontroll av folk som reiste over grensene i dei store ørkenområda mellom Transjordan og Saudi-Arabia, og frå tid til annan dukka det opp det ein trudde var spionar.

Wadi Rum i sørlege Transjordan

Wadi Rum i sørlege Transjordan

Den kjenslevare spionen

I mellomkrigstida fekk saudiske styresmakter urovekkande rapportar om eit prosjekt i sør-Transjordan og sendte difor ein spion over grensa. Uheldigvis for spionen visste transjordanske styresmakter om at han var spion.

Flyfoto av Wadi Rum i sørlege Transjordan

Flyfoto av Wadi Rum i sørlege Transjordan

På grunna mange rykter som svirra omkring i ørkenen om at noko var i emning, var saudiske styremakter nervøse og hadde sendt ut mange kamelpatruljer i nærområda og sendt mange spionar over grensene til Transjordan. Grensa i dei dagar var rimeleg vag. Prosjektet dei ynskte å vite meir om, var bygging av veg nær den saudisk-transjordanske grensa. Det var eit britisk tiltak for å hjelpe dei nomadiske beduinane i området som lei stor naud i dei dagar, med mykje fattigdom, tørke og svolt.

Nomadiske beduinar i Wadi Rum i sørlege Transjordan

Nomadiske beduinar i Wadi Rum i sørlege Transjordan

Mannen som kom fram til vegprosjektet var kjend for å vere spion, men i frykt for å såre kjenslene hans, fortalte ikkje transjordanarane dette til han. Dei inviterte han til å sjå seg godt omkring på arbeidsplassen før han tok turen attende til Saudi-Arabia.

Transjordanske grensevakter i Wadi Rum

Transjordanske grensevakter i Wadi Rum

Den britiske kommandanten over den transjordanske ørkenen, John Bagot Glubb, kom med eit hjartesukk om saudiske spionar:

If only all Ibn Saud’s spies told the truth, we should be saved a good deal of trouble. The difficulty is that, after being shown every thing there is to interest them, they go and report a lot of lies.


Det er vere verdt å nemne at prosjektet, som spionen skulle undersøke, vart sett på som ein suksess frå ein britisk ståstad. Glubb skreiv seinare om det i rosande ordlag:

The scheme has been a tremendous success, and even though on a modest scale, has undoubtably saved considerable numbers from death by starvation and exposure.

Mannen som sikkert ikkje var spion

Amman1932.jpeg

Hajjaj, ein mann frå Jauf i dagens Saudi-Arabia, drog ein dag i 1931 til Amman i Transjordan, som i dei dagar var under britisk kontroll. Han hadde ikkje med seg pass, og var då sett i fengsel, men problema oppstod først då han vart slept fri. Han vart då sendt attende over ørkenen til heimbyen Jauf i sørenden av Wadi Sirhan.

Midtausten (1936)

Midtausten (1936)

Skepsisen mot Storbritannia var stor i området, og Hajjaj vart arrestert på ny av styresmaktene i byen. Han var skulda for å vere engelsk spion og vart sendt vidare til Mekka. I Mekka skal han ha døydd i fengsel.

Djg7gkIXcAAJ_fz.jpg

Den britiske kommandaten Glubb var skeptisk til å utlevere folk til Saudi-Arabia. Det var eit menneskefiendtleg og lovlaust land, meinte han, som kasta folk i fangehol for å skrive kritiske dikt. I ein rapport frå februar 1933 skreiv han:

The Saudi kingdom contains no law-courts, and possesses no laws, no habeas corpus, and no feelings of humanity. […] Whereas murders are frequent and unpunished, men have been placed in dungeons from which they have never again emerged, for composing a poem criticising the Saudi rule.

Glubb i full mundur i eit fotografi frå 1940-talet, medan sjølve sitata er frå februar 1933.

Glubb i full mundur i eit fotografi frå 1940-talet, medan sjølve sitata er frå februar 1933.

Det var ikkje alltid so greit som britisk koloniadministrator å oppretthalde eit greitt forhold med saudiske styresmakter langs grensene. Glubb uttrykte frustrasjon med dette i april 1936:

The worst of dealing with the Saudis is that when, with great trouble and expense, one has allowed the suspicion and won the cooperation and friendship of any one Amir, he is moved elsewhere and replaced by a new enthusiast from Central Arabia, breathing fire and slaughter.

Kjelder:

Fotografia er i hovudsak frå fotoarkivet til Library of Congress, medan historiene er henta frå Glubb sine rapportar til Colonial Office i det britiske Nasjonalarkivet i Kew. (Båe historier er tidlegare publisert på Twitter.)

Atter ein fransk høgkommissær

Atter ein fransk høgkommissær

Bokmelding: «Israel – Historie, politikk og samfunn»

Bokmelding: «Israel – Historie, politikk og samfunn»