Bokmelding: «Arabia: A Journey Through The Heart of the Middle East»

Bokmelding: «Arabia: A Journey Through The Heart of the Middle East»

LevisonWood_Arabia.jpg

Levison Wood
Arabia: A Journey Through The Heart of the Middle East
(lydbok)
Hodder & Stoughton, 2018

Arabia: ei reise gjennom hjartet av Midtausten er eit gutedraums-eventyr i bokform. Wood, ein tidlegare britisk soldat oppfostra på Lawrence of Arabia og Wilfred Thesiger, drar til Arabia for å oppleve reisa han alltid har drøymd om å gjennomføre. Planen er å reise samanhengande til lands rundt heile Den arabiske halvøya, og han startar i Syria med krigsturisme før turen går vidare til Irak. Her vitjar han mellom anna sumparabarane, som Thesiger besøkte og skreiv bok om på 1950-talet (the Marsh Arabs), før han held fram ned gjennom Persiabukta og nokre av statane der. I Oman er den store draumen hans å krysse den svære sandørkenen Rub' al-Khali («The empty quarter»), og oppleve noko av det idolet Thesiger skriv om i Arabian Sands då han kryssa det på 1940-talet. Frå Oman prøver han å kome seg inn i Jemen, noko so viser seg å vere rimeleg vanskeleg. Vidare forsøker han å kome seg til Saudi-Arabia, men her er det notorisk vanskeleg å få visum (ein får eigentleg ikkje turistvisum hit), noko som fører han på ein diger omveg via Somalia.

Han får omsider visum til Saudi-Arabia og får lov å dra opp langs Hijaz, der han vitjer ruinbyen Madaʼin Salih, og oppfyller gutedraumen sin om å sjå Hijaz-jarnbana. I ørkenen ligg framleis nokre av toga som T.E. Lawrence sprenget i lufta under første verdskrigen. Vidare går turen til Jordan og ruinbyen Petra, dinest til «Det heilage land» og vidare til Syria att og turen endar i Libanon.

Reiseboka er ei lettlesen forteljing med godt driv, og Wood held seg sjeldan lenge på ein stad. Det som pregar bok er ei handlingsmetta eventyrforteljing der Wood møter ei rekke interessante, fargerike og ulike menneske på sin veg. Boka er eksplisitt inspirert av tidlegare fordums britiske eventyrarar som har reist i same område. Wood er tydeleg klar på si eiga rolle som britisk eventyrar og diskuterer mykje med seg sjølv om romantiske førestillingar og fordomar, kva han eigentleg driv med og kva som driv han, i tillegg til å vere var på å ikkje ramle inn i orientalske fantasiar. Eg saknar rett nok litt sjølvrefleksjon kring problema han skapar for dei lokale ved å prøve å snike seg inn Jemen frå Oman. Dei ulike analysane av tilstandane i enkelte land er heller ikkje særleg imponerande, og hamnar fort på eit lettbeint «sjia vs sunni»-nivå, men det er rimeleg vanleg i denne sjangeren.

Sjølv om diskusjonane Wood har med seg sjølv til tider er både gode, og ikkje minst sunne, blir det ofte noko overflatisk, og refleksjonsnivået er i overkant lett. Det er kanskje naturleg og uunngåeleg sidan han er konstant på reisefot og berre har nokre dagar kvar stad, men somme tider blir det noko påtatt. Han oppdagar på reisa at ting ikkje alltid er slikt han førestilte seg som vaksen eller drøymde om då han var mykje yngre, aller at biletet vi har av [arabisk land] ikkje er heilt slik vi trur. Saudi-Arabia er til dømes ikkje berre full av ultrakonservative religiøse fanatikarar og halshoggarar. Wood er ein erfaren reiseforfattar, og mykje av det som går opp for han og som han lærer undervegs er lærdomar eg er ganske sikker på han kunne og var klar over frå før. Det framstår difor mest som litt billige og overflatiske dramaturgiske grep, og som lesar lærer ein ikkje akkurat noko veldig nytt.

Wood opplever, og oppsøker, ein del situasjonar som ikkje er det ein vil kalle trygge. Medan dramatikken er berettiga nokre stadar, som i delar av Syria, Irak og Jemen, blir det somme tider blir det litt vel overdramatisert. Eit døme her er då han vitjar Petra i Jordan og reiser opp til ad-Dair (Klosteret), som han skildrar som ein stad der ikkje mange turistar tar turen fordi det tar ein god halvtime å gå dit langs ein fjellsti. Her blir framstillinga i overkant eventyrisk og eksotisk, der han kjem seg opp dit og skodar over Moses-dalen (Wadi Musa). Eg har sjølv vore der fleire gongar, og vil tilråde dei fleste til å ta turen som er både eventyrisk og flott, men den er på ingen måte turistfri. Ved bygget er det ein liten kafé ein kan henge på, og opp langs heile ruta er det turistar og boder der lokale beduinar sel suvenirar. Slik overdramatisering pregar store delar av boka, noko som gjer at dei delane som faktisk er dramatiske mister litt av dramatikken.

Reisa endar i Libanon, der han og ein libanesar nesten frys ihel i dei libanesiske fjella på tampen av turen. Som nordmann får ein ilt inni seg av å høyre på det som verkar som to idiotar på tur, der Wood med reisefølgje legg i veg midtvinters berre med sumarklede. Dei skal gå ein del mil i fjellet, men det kjem raskt snø og skodde, noko dei har vorte åtvara mot, og dei blir fort våte og kalde frå topp til tå. Wood, som er tidlegare soldat og har verka rimeleg reisevant i ørkenstrøk opp til dette punktet, gjev inntrykk av å vere ein uførebudd turist som Raudekrossen her heime må fly ned frå fjellet med helikopter.

Alt i alt er det ei lett underhaldande bok som spelar kraftig og medvite på den vestlege fascinasjonen av det eksotiske og romantiske Arabia. Boka hentar inspirasjon frå tidlegare eventyrarar som reiste i ei heilt anna tid, og boka blir difor delvis eit notidig gjensyn med deira «Greatest Hits». Boka synleggjer at fortida er forbi, og at det ikkje er like lett å vere eventyrar i ei tid der alle kan nå dei fleste plassar med bil. Etter å ha kryssa Rub’ al-Kahli med kamel, blir kamelane køyrd attende med bil.

Eg har høyrd denne boka som lydbok og det er forfattaren sjølv som les, noko eg tykkjer trekk opp. Dessverre følgjer det ikkje med lydboka kart og fotografi, som ein finn i den skrivne utgåva, der ein kan sjå bilete av dei ulike stadane og personane Wood skildrar. Reisa er òg ein TV-serie. Eg har dessverre ikkje fått sett denne, men med tanke på tonen i traileren, er eg sikker på fleire av poenga i bokmeldinga står seg:

Lite nyttig saudisk frimerke

Lite nyttig saudisk frimerke

Pilegrimsferd frå India til Mekka på sykkel

Pilegrimsferd frå India til Mekka på sykkel