Kongen er daud! Leve brorsan!

Kongen er daud! Leve brorsan!

Eit kort historisk tilbakeblikk på kongebyte i Saudi-Arabia.

Dei siste 60 åra har kongedømet Saudi-Arabia vore styrt av brødre og halvbrødre, men no står neste generasjon for tur. I april vart det kjent at den nye kronprinsen i Saudi-Arabia for første gong var eit barnebarn av grunnleggaren av kongedømet. Sidan 1953 har alle kongar vore søner av Ibn Saud og etter kvart som desse har vorte eldre og eldre, har det vore spekulert i korleis ein overgang til den yngre generasjonen skal gå føre seg. Spekulasjonane om arverekkefølgja kjem neppe til å ta slutt med det første, men det kan vere eit flott tidspunkt til å sjå litt tilbake på tidlegare kongebyter i ørkenstaten.
 

Grunnleggaren Abdulaziz (1932–1953)

Kongedømet Saudi-Arabia er grunnlagt av Abdulaziz Al Saud (1876–1953), kjend internasjonalt som Ibn Saud. Abdulaziz bygde staten i periode på 30 år, frå erobringa av Riyadh i 1902 til erklæringa av kongdømet i 1932, gjennom krig, erobring, ekspansjon, alliansebygging og med eit visst samarbeid med Storbritannia. 

Abdulaziz fekk svært mange barn, over førti søner og over femti døtre. Han gifta seg med mange koner og hadde fleire konkubiner, noko som var ein del av ein strategi for å sikre si eiga slektsline framfor halvbrør og andre slektningar. Giftarmåla vart òg ein del av ei politisk strategi for statsbygging, maktsikring og alliansebygging for å sikre støtte frå stammar, religiøse elitar og bufast nobilitet. Konkubinene var ofte afrikanske, tjerkessiske og jemenittiske slavar, og då desse fødde søner vart slavestatusen deira oppheva. Dette har medført at den saudiske kongefamilien i dag er enormt stor, og tel fleire tusen prinsar.

Financial Times har laga eit interaktivt familietre for Al Saud som kan vere greitt å bruke for å skaffe seg ei oversikt.

Senioritetsprinsippet

Abdulaziz ynskte sjølv at sønene skulle følgje han som konge, først eldste gjenlevande sonen Saud (fødd 1902) og dinest Faysal (fødd 1904). Målet var at dei som hadde vore med å bygge kongedømet skulle vere først i køa til trona. Dette er det sokalla senioritetsprinsippet, der brødre står i kø til trona basert på kronologisk senioritet. Dei må likevel vere fysisk, mental og moralsk kompetente, og brør som ikkje er det kan ein hoppe over.

Fram til i dag har sjølve overgangen mellom kvar konge fungert ganske greitt. Nestemann, den sittande kronprinsen, har alltid vorte konge. Skifte av ein sittande kronprins har funne stad berre to gongar, i 1965 og i april i år. Dette systemet har ført til ein del rivalisering mellom dei ulike sønene, noko som vart klårt frå første stund.

Syskenrivalisering: Saud (1953–1964) og Faysal (1964–1975)

Kong Saud. (Foto: Flickr)

Kong Saud. (Foto: Flickr)

Då Abdulaziz døydde i 1953, vart Saud erklært konge og halvbroren Faysal vart automatisk ny kronprins. Perioden under Saud viste seg å vere den mest turbulente perioden i den gryande saudiske staten, og Saud skal ha vist seg ekstremt inkompetent til oppgåva som konge. Det braut raskt ut ein maktkamp mellom Saud og Faysal som kom til å prege 1950-talet, og den var sopass intens at staten fleire gongar var nær å bryte saman.

Den interne maktkampen fokuserte på definisjonen på politisk ansvar mellom konge og kronprins, og deling av regjeringsfunksjonar i ein stat utan institusjonar eller statsadministrasjon. Det eksisterte ikkje eit overordna institusjonelt rammeverk der ein slik maktkamp kunne utfalde seg innanfor. Eit forsøk på løysing var ei institusjonalisert maktfordeling mellom dei prinsane som hadde vore direkte med på skapinga av staten. Ein månad før Abdulaziz døydde, vart det oppretta eit ministerråd, eit utøvande organ for styresmaktene, som skulle løyse maktfordelinga mellom konge og kronprins. Rådet vart i staden plassen der denne maktkampen fann stad. Roller og ministerpostar vart oppretta i eit raskt tempo i den neste tiårsperioden, gjerne dobbelt opp, parallelt og med overlappande oppgåver, samstundes som staten byrja få tendensar til ei byrjing på noko ein kan kalle ein statsadministrasjon. Fleire viktige ministerpostar og departement eksisterte likevel berre på papiret, mellom anna Finansdepartementet (oppretta 1953).

Fram til 1964 hadde det forma det seg tre maktklikkar: 

  1. Saud og sønene

  2. Faysal med halvbrør og onklar

  3. Yngre søner av Abdulaziz (fødd kring 1930) 

Saud favoriserte sine eigne søner over brødrene sine og sette dei inn fleire i ymse ministerpostar, noko som ikkje vart sett på med velvilje av Faysal.  Då Saud reiste til utlandet for medisinsk behandling, oppretta Faysal ei regjering der han tok med halvbrødrane Fahd og Sultan og samstundes ekskluderte sønene til Saud. Faysal lova reformer, mellom anna grunnleggande lover og avskaffing av slaveri. Saud kom attende, men var ikkje overbevist og trua med kongsgarden. Faysal mobiliserte då nasjonalgarden. Saud gav etter under press frå religiøst lærde og andre i kongefamilien og abdiserte i mars 1964. Han døydde i eksil i Hellas i 1969. Då Faysal vart konge, fekk han ekskludert Saud sine søner frå statsapparatet, noko desse sjølv såg ut til å ha akseptert spesielt etter faren gjekk bort.

Maktklikken kring Faysal kom sigrande ut av maktkampen og den er denne gjengen med halv- og heilbrør som i stor grad har styrt Saudi-Arabia sidan. Alle seinare kongar har kome frå denne «Faysal-klikken».

Abdulaziz sitt noko uklåre syn på arverekkefølgja til trona heldt fram då Faysal utnemnde halvbroren Muhammad (fødd 1910) til kronprins. Muhammad gjekk av som kronprins etter berre nokre månadar til fordel for den yngre heilbroren Khalid (fødd 1912), sannsynlegvis som følgje av ein intern familieavtale. Det var ikkje nokon tvil om at trona var reservert for sønene til Abdulaziz framfor sonesønene. Det trass i at nokre av desse sonesønene kunne vere eldre enn onklane sine. 

Prins Faysal (til venstre) og prins Khalid på statsbesøk i USA. (Foto: John Rous (LoC))

Muhammad er forresten bestefar til prinsesse Misha'al, som vart avretta for utruskap i 1977 medan heilbroren Khalid, grandonkelen til prinsessa, var konge.

I 1965 var ein nevø av Faysal skoten og drepen av saudisk politi under ein demonstrasjon mot opninga av ein TV-kringskastingsstasjon. Nevøen var ein av leiaren for demonstrantane. Dette skulle seinare vise seg å vere uheldig for Faysal. Broren til nevøen tok hemn ti år seinare då han snikmyrda Faysal i mars 1975.
 

Khalid (1975–1982) og Sudayri-brødrene

Khalid utnemnde halvbroren Fahd (fødd 1921) til kronprins. Khalid var mykje sjuk og vart i løpet av regjeringstida si mest ein sermoniell figur samstundes som kronprins Fahd tok ansvar for fleire og fleire oppgåver. Dette var ledd i ein intern maktkamp mellom Fahd med heilbrødrane sine på den eine sida, og Khalid og andre halvbrør, mellom anna Abdullah (fødd 1924), på den andre. Fahd og Khalid heldt kampen internt og truga ikkje styringsgruppa. Den er difor ikkje samanliknbar med kampen mellom Saud og Faysal på 1960-talet.

Fahd og heilbrørdrane hans er mest kjende som i Vesten som «Sudayri Seven», ein maktallianse som byrja konsolidere si politiske makt i det saudiske toppleiinga under Khalid. Gruppa utgjorde sju heilbrør av ei mor, Hassa, frå den mektige Sudayri-klanen:  Fahd (f. 1921), Sultan (f. 1929), Abdulrahman (f. 1931), Nayef (f. 1934), Ahmad (f. 1934), Salman (f. 1935) og Turki (f. 1942). Sju var det største talet på heilbrør av sønene til Abdulaziz, noko som gav dei, saman med ei mor frå ei mektig slekt, ein stor fordel. 

Fahd vart konge då Khalid døydde av dårleg helse i 1982. Halvbroren Abdullah vart kronprins. Sidan Fahd allereie hadde tatt over mange av oppgåvene til kongen og skaffa seg mykje makt dei siste år, gjekk overgangen ganske greitt. Fahd hadde saman med brødrene sine tatt mange sentrale posisjonar i regjeringsapparatet.

Eit slikt sakte kongeskifte gjentok seg til ei viss grad då Fahd fekk slag i 1995. Abdullah tok då etter kvart over fleire og fleire statsoppgåver og var de facto regent av Saudi-Arabia fram til Fahd døydde i 2005 og han vart konge òg i namn.

Før dette skiftet var det spekulasjonar om Sudayri-brødrene planla å hindre Abdullah i å bli konge. Dette hendte ikkje, men at nestemann på den saudiske trona skulle vere Sudayri var det lite tvil om. Under Abdullah vart først Sultan (Sudayri) kronprins, men han døydde i oktober 2011. Då vart broren Nayef (Sudayri) kronprins, men han døydde halvåret etter i juni 2012. Salman (Sudayri) vart då kronprins, og seinare konge i januar 2015.
 

Truskapsrådet og det uunngåelege generasjonsskiftet

Dei fleste kongeskifter har til gått rimeleg smertefritt i Saudi-Arabia, men det mest kritiske kongeskiftet står framleis att. Kong Salman er siste gjenlevande medlem av den tidlegare nemnde «Faysal-klikken», som alle kongane sidan Faysal har vore ein del av. Dei andre gjenlevande sønene til Abdulaziz er gamle og på eitt tidspunkt må neste generasjon, Abdulaziz sine barnebarn, ta over. Med fleire hundre barnebarn, fleire ulike greiner av kongefamilien og eit i hovudsak rettleiande senioritetsprinsipp, var det eit behov for å få eit betre og meir oversiktleg system for arverekkefølgje.

I 1992 var det innført ei grunnlovsliknande basislov i Saudi-Arabia. Her vart det slått fast at tronfølgjaren skulle vere den nest eldste (etter kongen) og best eigna kandidaten. Basislova opna òg for at barnebarn av Abdulaziz kunne arve trona sidan den spesifiserte søner av Abdulaziz og deira etterkommarar. Det var derimot ikkje spesifisert korleis eit framtidig generasjonsskifte skulle gå føre seg.

Kong Abdullah oppretta eit truskapsråd i 2007 for å institusjonalisere systemet for utnemning av tronarvingar. Fram til då hadde kongen peikt ut kronprinsen, då helst i samråd med mektige prinsar. No skal tronarvingar veljast i Truskapsrådet. Kvar grein av den saudiske kongefamilien har ein representant i rådet, og desse røyster over ein, to eller tre kronprinskandidatar nominert av kongen. Leiaren av rådet er den eldste sonen etter Abdulaziz, utanom konge og kronprins.

I 2014 vart embetet visekronprins oppretta offisielt, sjølv om stillinga hadde i praksis eksistert sidan kronprinsskiftet i 1965 mellom Muhammad og Khalid. Stillinga er ikkje ein sikker køplass og både konge og kronprins kan fjerne visekronprinsen. Muqrin, son av Abdulaziz og ei jemenittisk konkubine, vart visekronpris i 2014 , og seinare automatisk kronprins i januar 2015.

Muhammad bin Nayef bin Abdulaziz Al Saud vart ny visekronprins i januar 2015. Muhammad bin Nayef (fødd 1959) er eit barnebarn av Abdulaziz, son av tidlegare kronprins Nayef (Sudayri) og nevø av kong Salman.

I april 2015 vart kronprins Muqrin bytta ut med Muhammad bin Nayef. Ny visekronprins vart kong Salman sin eigen son, Muhammad bin Salman (fødd 1985). For første gong sit dimed eit barnebarn som utpeikt tronarving i Saudi-Arabia og det ser då ut til at neste kongeskifte òg blir eit generasjonsskifte. Slik ståa er no verkar det som den saudiske trona i næraste framtid kjem til halde seg innanfor slektlina til Sudayri-brødrene. 

Oppdatering

21. juni 2017 vart 31 år gamle Muhammad bin Salman opphøga til kronprins og tidlegare kronprins Muhammad bin Nayef vart satt til side og mista stillinga som innariksminister. Det vart samstundes ikkje utpeika ein ny visekronprins. I Truskapsrådet, som vel tronarvingar, skal 31 av 34 medlemer ha støtta endringa.

Det er første gong sidan statsgrunnleggaren Abdulaziz I si tid at ein son av den sittande kongen er direkte tronfølgar. Den nye kronprinsen er òg mykje yngre enn det tidlegare kronprinsar har vore, som har har vore over 50 år på det yngste (Saud). Kong Salman skal ha endra delar av den saudiske basislova frå 1992 for at sonen skal kunne vere kronprins. Førebels ser det dimed ut som ein slutt på den meir horisontale arverekkefølgja (eldst/bror til bror/best eigna) til fordel for ei vertikal (frå far til son).

Den som tar over som innanriksminister er Abdulaziz bin Saud bin Nayef (f. 1983), som er nevøen av den no avsatte Muhammad bin Nayef og soneson av tidlegare kronprins Nayef (Sudayri; d. 2012), som òg var innanriksminister i nesten førti år (1975–2012).


Denne artikkelen vart først publisert 6. mai 2015. Den er òg publisert på nettstaden Den arabiske halvøy.


Litt tilrådd litteratur om Saudi-Arabia

Det er mykje litteratur om Saudi-Arabia, men fokuset på desse er ofte sentrert kring dei siste tiåra eller opphavet til staten på 1920- og 1930-talet. For å skaffe seg ei grei historisk oversikt av staten er desse bøkene eit godt utgangspunkt. Madawi al-Rasheed si bok er den beste vitskaplege oversikta av staten si historie, og den innlegget over er hovudsakleg basert på. Bøkene til historikaren Robert Lacey er meir underhaldande introduksjon til Saudi-Arabia og byr i tillegg på mykje funfacts, anekdoter og røvarhistorier. Skal ein bryne seg på ei av dei meir interessante bøkene om Saudi-Arabia bør ein lese Steffen Hertog si bok om utviklinga av saudisk statsadministrasjon og byråkrati. Lettlest er den ikkje og det kan vere ei fordel å kunne hovudtrekka i saudisk historie før ein les den, men den er svært gjevande.

  • Hertog, Steffen (2010): Princes, brokers, and bureaucrats – Oil and the State in Saudi Arabia. London: Cornell University Press

  • Lacey, Robert (2009): Inside the Kingdom: Kings, Clerics, Modernists, Terrorists, and the Struggle for Saudi Arabia. London: Hutchinson/Random House

  • ——— (1981): The Kingdom. London: Hutchinson (Lydbok-versjonen av denne er svært underhaldande, trass i og på grunn av at det er tydleg at opplesaren ikkje kan arabisk)

  • al-Rasheed, Madawi (2002): A History of Saudi Arabia. Cambridge: Cambridge University Press (ny utgåve 2010)

Desert Castles in Jordan

Desert Castles in Jordan

Sand på albumomslag

Sand på albumomslag