Bokmelding: «Om tyranni»

Bokmelding: «Om tyranni»

Timothy Snyder
Om tyranni. 20 ting vi kan lære av det 20. århundre
Forlaget Press (2017)

Boka er omsett til norsk av John Grande og utgjeve på Forlaget Press (2017). 

Boka er omsett til norsk av John Grande og utgjeve på Forlaget Press (2017). 

Om tyranni av den amerikanske historikaren Timothy Snyder er ei svært kort og ganske lettlest bok, men samstundes er den skuffande banal og utan nokon ny kunnskap. Lista over dei ulike lærdommane verkar rimeleg sjølvsagte («5. Be wary of paramilitaries»). Boka skal kome med lærdommar frå 1900-talet, men nær alle døma er henta frå perioden 1930–1950 og omhandlar, eller er relatert til, Nazi-Tyskland, med nokre innslag av Sovjetunionen. Det er ikkje særleg overraskande sidan dette er fagfeltet til Snyder, men sidan ein kjenner til nesten alle døma frå før blir det ekstra skuffande. Det er heller ikkje alltid dømet passar skikkeleg til lærdomen. Winston Churchill under andre verdskrig er brukt som døme på kvifor det er bra å «Stand out» og våge å ikkje la seg kue av ei bølle, utan at Snyder heilt klarar å sette dette inn i ein betre og meir relevant samanheng (noko som er skuffande for ein historieprofessor frå Yale). 

Boka, som er retta mot eit amerikansk publikum, er sannsynlegvis skriven i samband med at Donald Trump vann presidentvalet i USA i november 2016, og det er ein god del mindre «stikk» gjennom boka, om ein vil kalle det det, til «The President» utan at Trump blir nemnd med namn. Dette verkar litt halvgjort og fungerer dårleg.

Boka er basert på ei liste Snyder skal ha skrive og sirkulert på sosiale medium rett etter presidentvalet, og det skin svært tydeleg gjennom. Kapittela er korte, men med varierande lengde, noko som gjev den ein ganske ujamn rytme. Dei ulike lærdomane er ikkje nødvendigvis feil, berre banale og dårleg følgd opp. Det er vanskeleg å vere ueinig med Snyder, men har du lese innhaldslista, so har du lese boka. Boka kan oppsummerast som at ein bør vere snill, lese litt bøker, ikkje ta alt for god fisk og ikkje stol på lystløgnarar som vil slå deg ned.

Bokomtalen er basert på den amerikanske utgåva. 

Jerusalem til jul

Jerusalem til jul

Kven var eks-kong Ali?

Kven var eks-kong Ali?