100 år med Sykes-Picot

100 år med Sykes-Picot

Midt under den første verdskrig, den 16. mai 1916, signerte Storbritannia og Frankrike ein hemmeleg intensjonsavtale om kva som skulle skje med Det osmanske riket etter krigen, med fokus på dei arabiske områda i dagens Midtausten.

Avtalen var éin av i hovudsak tre motstridande avtalar/lovnadar som Storbritannia gjorde seg under krigen, ei floke som viste seg å vere heller vanskeleg å løyse i etterkant. Avtalen fungerte som eit utgangspunkt for den seinare oppdelinga av Midtausten og er i dag eit symbol på imperialistisk arroganse.

Sykes-Picot-avtalen, oppkalla etter hovudforhandlarane Mark Sykes og François Georges-Picot, er alltid populær å vise til når grenser og statsetablering i Midtausten vert diskutert. Ifølgje avtalen skulle Midtausten bli delt inn i fem forskjellige delar. To delar der stormaktene Storbritannia og Frankrike hadde direkte kontroll, to der dei hadde indirekte påverknad og ein internasjonal del kring Jerusalem. Dette var ein avtale om fordeling av sonar og «interessesfærer» (spheres of influence), ikkje ei etablering av statar og statsgrenser. Det er lite i sjølve avtalen som faktisk vart gjennomført. Mandatsystemet som vart oppretta etter på starten av 1920-talet skil seg markant frå ordningane i avtalen.

 Sykes-Picot-avtalen frå mai 1916. Nede i venstre hjørne ser ein signaturane til hovudforhandlarane Mark Sykes og François Georges-Picot. 

Sykes-Picot-avtalen frå mai 1916. Nede i venstre hjørne ser ein signaturane til hovudforhandlarane Mark Sykes og François Georges-Picot. 

Avtalen er mest kjend i si visuelle utforming på kartet som var følgde med den skriftlege avtaleteksten. Påverknadssfærene er teikna inn på eit britisk kart frå 1910 der raude og blå strekar og skraverte område gjev eit tydeleg bilete av kva som er avtalt. Kartet viser rett nok ikkje alt i avtalen, som til dømes nokre område i Anatolia og på den arabiske halvøya.

Statane og grensene i Midtausten vart heller ikkje oppretta på ein dag, men gjennom fleire lange prosessar som fann stad i eit politisk landskap i kontinuerleg endring. Det viktigaste i Sykes-Picot-avtalen er den geografiske fordelinga av britisk og fransk påverknad, nemleg den blå-raude streken som skil A frå B.

Sykes-Picot-avtalen blir ofte diskutert med utgangspunkt i kva den symboliserer, framfor avtalen i seg sjølv. Det er fleire andre avtalar og traktatar som har hatt meir å seie for utforminga av statssystemet i Midtausten, men Sykes-Picot har blitt eit symbol på oppdelinga av eit område i «kunstige» statar med «kunstige» grenser basert på imperialistiske behov utan omsyn til lokale tilhøve. Den blir ofte brukt som forklaringsårsak for det meste som er gale i Midtausten i dag, frå borgarkrigen i Syria i dag, til Israel/Palestina til Irak. Fleire kommentarar og kronikkar om avtalen gjer store og spenstige sprang frå 1916 til 2016 utan å vise til kvifor det forklarar noko som helst. The Economist har til og med klart å gjere det absurde spranget til Marokko og Vest-Sahara i 1975. Dei siste åra har det òg blir populært å erklære eller spekulere i «slutten på Sykes-Picot» kvar gong det skjer endringar i Midtausten. Somme spekulerer jamvel i geopolitisk fantasy ved å leike seg med nye grenser og nye statar som visstnok skal spegle dei «ekte» grensene i Midtausten i dag, som om det er noko som eksisterer.

Sykes-Picot-avtalen er eit enkelt narrativ som kan fungere som ei rask innføring i opphavet til systemet vi finn i dagens Midtausten, men det blir for enkelt. Dersom ein skal forstå opphavet til statssystemet og grensene som vart oppretta, må ein ha med resten den historiske konteksten. Opphavet til dagens Midtausten var fleire langdryge og kompliserte prosessar der Sykes-Picot-avtalen berre var ein del av fleire. 

Vidare lesing:

Arabisk opprør sett frå Noreg

Arabisk opprør sett frå Noreg

Desert Castles in Jordan

Desert Castles in Jordan