Kven var eks-kong Ali?

Kven var eks-kong Ali?

 Ali, son av Sharif Hussein, (1879–1935). Her fotografert av Zoltan Kluger i 1933 (Foto:  Wikipedia )

Ali, son av Sharif Hussein, (1879–1935). Her fotografert av Zoltan Kluger i 1933 (Foto: Wikipedia)

Den 13. februar 1935 døydde Ali bin Hussein, tidlegare konge av Hijaz, i Bagdad, og ein britisk etterretningsrapport oppsummerer hendinga i nokre korte punkt. Kven var han?

Ali kom frå hashemi-slekta og var den eldste av sønene til Hussein bin Ali al-Hashimi , Sharifen av Mekka og leiaren av det arabiske opprøret mot Det osmanske riket i 1916. Sjølv om Ali var den eldste, er han i ettertid nesten vorte gløymd i forhold til dei to meir berømte brødrene sine. Den tre år yngre Abdullah vart emir og seinare konge i (Trans)Jordan, og den seks år yngre broren Feisal vart konge av Syria og seinare Irak.

 Feisal (t.h.), den meir kjende broren til Ali, vart portrettert av Alec Guiness (t.v.) i  Lawrence of Arabia  (1962) (Foto:  imgur )

Feisal (t.h.), den meir kjende broren til Ali, vart portrettert av Alec Guiness (t.v.) i Lawrence of Arabia (1962) (Foto: imgur)

Faren Hussein hadde i 1916 gjort seg til konge over det nyoppretta hashemiske kongedømet Hijaz på vestkysten av den arabiske halvøya og hadde utpeikt Ali til å etterfølge seg. Hussein hamna i konflikt med den ekspansjonsglade naboen i aust, Abdul-Aziz «Ibn Saud» Al Saud, grunnleggaren som seinare skulle bli Saudi-Arabia. Abdul-Aziz invaderte Hijaz sommaren 1924 og tvinga Hussein å abdisere. Ali vart dimed konge av Hijaz 3. oktober 1924, men det varte ikkje lenge. Abdul-Aziz heldt fram med erobringa av Hijaz og i desember 1925 flykta Ali med familien sin til broren Feisal i Bagdad. Ali budde der fram til dess han døydde litt under ti år seinare.

Utdrag frå ein av dei månadlege oppsummeringane av britiske etterretningsrapportar i Irak i 1935. (IOR/R/15/2/294)

Då Ali døydde vart det sjølvsagt skrive om i britiske rapportar. Ein av desse etterretningsrapportane for februar 1935 skildrar og oppsummerer Ali i nokre korte punkt.

Rapporten fortel at Ali døydde noko uventa berre 56 år gamal. Trass i at han vore sjuk ei god stund, skal det ha kome brått på for samfunnet generelt der det skal ha vore, ifølgje rapporten, «ektefølt sorg», spesielt i provinsane. Gravferda var dagen etterpå, der sonen Abdul-illah, broren Abdullah, som då var emir av Transjordan, og nevøen Ghazi, konge av Irak, var til stades saman med andre medlemer av kongefamilien i Irak, regjeringsrepresentantar og fleire diplomatar.

 Abdul-illah, son til Ali (Foto:  Wikipedia )

Abdul-illah, son til Ali (Foto: Wikipedia)

Den britiske rapporten skildrar Ali som ein mann med ein «mild og noko negativ personlegdom» som var «meir interessert i sjakkproblem enn politikk». Sjølv om det britane oppsummerer han som politisk uinteressert, fungerte han til tider som regent i Irak då broren kong Feisal var bortreist. Ali skal i tillegg ha vore rimeleg populær hjå dei ulike stammane i Irak og hatt ein god del innverknad på dei. Hashemi-familien var dyktige i stammepolitikk, noko mellom anna broren Abdullah drog mykje nytte av for å halde makta i Transjordan. 

Noko av grunnen til populariteten hjå dei irakiske stammane skal ha vore at Ali heldt fram med å gå i tradisjonelle arabiske klede («Arab dress») og skal ha levd eit rimleg nøktern liv («austere and pious»). Stammleiarar føretrakk å rådføre seg privat med Ali om problema sine framfor å møte ein «usympatisk administrasjon»

Broren Feisal hadde døydd eit par år tidlegare i 1933, og sonen hans, Ghazi, hadde vorte konge av Irak berre 21 år gamal. Den britiske rapporten uttrykte uro for at den unge kongen no hadde mista ein verdifull stammepolitisk rådgjevar og mellommann mellom monarkiet og stammane.

 Fem år gamle kong Feisal II av Irak. Feisal var barnebarnet til Ali. (Foto:  Wikipedia )

Fem år gamle kong Feisal II av Irak. Feisal var barnebarnet til Ali. (Foto: Wikipedia)

Aliya, dottra til Ali, vart gift med syskenbarnet kong Ghazi i 1934 og var gravid då faren døydde i 1935. Ho fødde sonen Feisal tre månadar etterpå. Feisal vart konge av Irak då faren Ghazi døydde i ei bilulukke i 1939. Sonen til Ali, Abdul-illah, vart regent for den unge nevøen og seinare kronprins av Irak i 1943. Feisal II tok styringa i 1953 då han vart myndig og Abdul-illah haldt fram som kronprins. Feisal II, Abdul-illah og store delar av kongefamilien, inkludert kona og eine dottra til Ali, vart alle drepne under eit blodig statskupp i Irak 14. juli 1958. Abdul-illah var sterkt mislikt i Irak og det lemlesta liket hans vart dratt gjennom gatene av Bagdad.

Den yngste broren til Ali, Abdullah og Feisal, prins Zeid bin Hussein (1898–1970), overlevde kuppet i 1958 og gjorde krav på den irakiske trona fram til han døydde i eksil i Paris i 1970. Sonen til Zeid, Ra'ad, tok då over som leiar for det irakiske kongehuset og dimed kravet om trona, som han held framleis. Ra'ad, som er gift med svenske Majda Ra'ad (fødd Margareta Lind)(som du kan høyre sommarprogram med i Sveriges Radio P1 her), er ein av minst to nolevande tronpretendentar til Irak. Den andre er Ali bin al-Hussein, eit barnebarn av Ali som i dag leier det irakiske monarkistpartiet.

Bokmelding: «Om tyranni»

Bokmelding: «Om tyranni»

Emirar, kronprinsar og plagsom slekt i Qatar

Emirar, kronprinsar og plagsom slekt i Qatar