Bokmelding: «Revolutionary Russia, 1891–1991»

Bokmelding: «Revolutionary Russia, 1891–1991»

Orlando Figes

Revolutionary Russia, 1891–1991

Penguin/Pelican Books, 2014/2017

Revolutionary Russia, 1891–1991 er grei innføringsbok om det revolusjonære ved Sovjetunionen, som er både lesverdig og godt skrive.

Det er likevel tydleg at ekspertisen til den britiske historikaren Orlando Figes er på tida før andre verdskrig, og då spesielt 1905–1924. Det er denne perioden får mest plass og er tydleg den beste delen av boka. Figes prøver dra den russiske revolusjonen til å vare frå 1891–1991, noko som er interessant, men han overbeviser ikkje heilt og perioden frå Stalin sin død i 1953 og fram til 1991 ber meir preg av rask historisk oppsummering enn analyse. Av totalt 20 pedagogisk oppdelte kapittel, er det berre tre som tar føre seg dei 40 siste åra (halve levetida) til Sovjetunion.

Boka hadde heller ikkje hatt vondt av ei lita ordliste for dei som er ikkje er solide i russisk, i tillegg til eit oversiktleg persongalleri og eit par kart til å plassere byar og visse hendingar. Formatet til bokserien A Pelican Introduction, gjer at boka er ganske behagleg å lese og halde i.

Reisebrev frå Stalheim til Palestina

Reisebrev frå Stalheim til Palestina

Bokmelding: «Black Wave»

Bokmelding: «Black Wave»