Bokmelding: «Black Wave»

Bokmelding: «Black Wave»

Kim Ghattas

Black Wave: Saudi Arabia, Iran, and the Forty-Year Rivalry That Unraveled Culture, Religion, and Collective Memory in the Middle East

Macmillan/Wildfire, 2020

Black Wave skisserer opp ei forteljing, eller rettare sagt, fleire forteljingar, om «svarte bølgjer» som oppstår i ulike delar av Midtausten. Desse bølgjene er brukt som eit bilete på det aukande fokuset på religion i Midtausten frå 1970-talet og fram til i dag. Rivaliseringa mellom Saudi-Arabia og Iran står sentralt, som den omstendelege undertittelen avslører. Forfattaren, den nederlandsk-libanesiske journalisten Kim Ghattas, set difor av ein del tid på revolusjonen i Iran og konsekvensane av okkupasjonen av moskeen i Mekka i 1979. Ho vier òg ein del tid til Zia-ul-Haq sitt styre i Pakistan i same periode.

Ghattas baserer seg mykje på personlege historier og forteljingar, henta fram frå historiske kjelder eller intervju. Desse personlege historiene er styrka til boka. Ghattas unngår slik å berre gjengi alle dei typiske og rimeleg kjende politiske forteljingane som ein ofte får servert i journalistbøker om Midtausten.

Det største ankepunktet ved boka er likevel at det kjendest ut som eg har lese den før. Utanom dei personlege forteljingane, byr den på lite nytt stoff og vinklingar.

Merk forresten at boka har to ulike undertitlar – ein britisk og ein amerikansk. Den andre noko mindre omstendelege er: Black Wave: Saudi Arabia, Iran and the Rivalry That Unravelled the Middle East.

Bokmelding er basert på lydbok-versjonen av boka, der Kim Ghattas sjølv les introduksjonen.

Bokmelding: «Revolutionary Russia, 1891–1991»

Bokmelding: «Revolutionary Russia, 1891–1991»

Irak frå monarki til republikk over natta

Irak frå monarki til republikk over natta