Bokmelding: «Spillet om Gaza»

Bokmelding: «Spillet om Gaza»

BOKMELDING på trykk i tidsskriftet Babylon 1-2013.

Åshild Eidem
Spillet om Gaza – Krigerne, smuglerne og aktivistene
Cappelen Damm 2013

Spillet om Gaza har som utgangspunkt å finne ut kven dei som sender rakettar inn i Israel frå Gazastripa er som menneske, fedrar og ektemenn. Åshild Eidem har lurt på dette sidan ho var nær då ein rakett slo ned på eit jorde i 2008, og tre år seinare drog ho sjølv til Gaza for å skrive om kontrastane og drivkreftene på den vesle kyststripa. Notida for teksten, som Eidem kallar det, er oktober-desember 2011, men tematisk tek boka føre seg perioden etter samarbeidsregjeringa mellom Hamas og Fatah vart oppløyst i juni 2007. Frå den dagen byrja ei ny tid, skriv Eidem.

Eidem har medvite valt å fokusere mykje på det militære aspektet fordi det ifølgje ho utgjer ein stor del av livet i Gaza. Ho vil helst snakke med personane ein so ofte pratar om, og nyansere framstillinga av palestinarane som ansvarslause offer eller terroristar. Ein må setje seg inn i korleis dei forskjellige partane forstår røyndomen dei lever i dersom ein ynskjer å forstå dynamikken i konflikten.

Vi blir difor nærmare kjent med fire personar, som alle påverkar samfunnet rundt seg på kvar sine måtar og kvar med sine lagnadar. Dei fortel alle om sine eigne liv og gjennom boka får ein presentert synspunkt dei har på samfunnet der, livsstilen, politikken, og ikkje minst konflikten. Eidem har funne fire ganske forskjellige og interessante menneske, som alle har lagnadar sterkt knytt til konflikten med Israel.

Umm Nidal, ein sentral og kvinneleg frontfigur i Hamas kjend som martyrenes mor, fortel om tre av sønene sine som no er martyrar, rolla hennar i Hamas og rolla til kvinner i same organisasjon. Eidem hadde ein lengre artikkel om ho for Morgenbladet i januar 2012.[1] Ein annan person vi følgjer er politimannen og småbarnsfaren Abu Hamid, som kvelds- og nattestid patruljerer grensa mot Israel. Han er sjef for ein spesialstyrke innanfor den væpna avdelinga til Hamas. Den tredje personen er den unge, kvinnelege aktivisten Ebaa, som drøymer om ei betre verd og ei fredeleg framtid.

Det er likevel den 27 år gamle tunnelspekulanten Abu Abdallah som for meg er den mest interessante karakteren. Eit yrke som er særskilt for Gaza er den massive bygginga av smuglartunnelar til Egypt for å importere varer som den israelske blokaden stenger ute. Det er difor eit svært risikabelt, men òg potensielt svært lukrativt yrke. Det tok Abu Abdallah heile fire forsøk før han fekk ein tunnel som gav inntekt. Kvart forsøk bar preg av risikable finansielle investeringar og fare for eige liv. Den første raste saman som følgje av gravefeil, medan dei to andre vart bomba av Israel.

Den sokalla arabiske våren i 2011 fekk verknadar for tunnelindustrien. Etterspurnaden etter våpen i Egypt auka etter regimeomveltinga, nok til at det vart importert våpen frå våpenrike Gaza. Skal vi tru Abu Abdallah, gjekk ein kalasjnikov for tre gonger den vanlege prisen. Han selde tunnelen sin same våren. Ein månad seinare bomba Israel den sund.

Spillet om Gaza er på mange måtar ei passiv bok, der forfattaren har skrive seg sjølv ut av handlinga og let analysane vere opp til dei fire hovudpersonane. Eidem har lagt inn si eiga rolle til føreordet, etterordet og referansane for å fokusere på historiene til hovudpersonane, framfor seg sjølv. Boka er nærmast blotta for Eidem sine personlege meiningar og legg ikkje opp til nokon konfronterande tone. Den legg derimot opp til ei tilnærming der målet er å prøve å forstå korleis hovudpersonane ser verda kring seg. Det er historier om personane i Gaza, ikkje historia om ein journalist på besøk. Den overordna konflikten med Israel er sentral, men fungerer mest som eit bakteppe for å setje handlingane og meiningane til hovudpersonane inn i ein kontekst. Fleire utdjupingar er lagt i sluttnotar, noko som er forståeleg sidan det ville brote med gangen i boka og den narrative flyten.

Eidem fører eit lett og forteljande språk med stor bruk av språklege verkemiddel. Ho skildrar situasjonar ned til dei minste detaljar og målar gode situasjonsbilete av tekst, men det er diverre berre delvis vellukka. Ho er best på skildringar av hendingar og kaotiske situasjonar der ho sjølv tydleg har vore til stades. Sjølv om detaljnivået er vel stort til tider, gjer det somme stadar teksten rikare. Eit vellukka døme er samtalar som der nokre fiskarar sit på stranda og diskuterer om islam tillét å grille krabber levande eller ikkje. Det står verre til når ho målar større generelle språklege bilete om novemberregnet som «tikktakket mot asfalten lik milliarder av løpske sekundvisere som presset november mot vinter» (s. 195) eller når «[d]u ser Gaza forlate solen over Middelhavet og bevege seg mot mørke» (s. 250). Det blir for kunstig og litt for ofte for mykje av det gode.

Dersom ein er interessert i Gaza eller personlege lagnadar og historier, er boka verdt å lese. Det er til dømes spennande å få eit innsyn i tankegangen og økonomien bak smuglartunnelane og korleis fiskarane ser innverknaden blokaden har hatt for yrket. Boka byr på nokre spanande personlege lagnadar og historier som kvar på sin måte kan fortelje noko om livet på Gazastripa.

Spillet om Gaza er den fyrste boka til Åshild Eidem. Ho er frilansjournalist med Midtausten som spesialfelt og har mellom anna skrive for Morgenbladet og Aftenposten.


[1] Eidem, Åshild: «Martyrenes mor» i Morgenbladet, 19. januar 2012, http://morgenbladet.no/samfunn/2012/martyrenes_mor (sist sjekka 27.02.2013)

Ein brukt kommode

Ein brukt kommode

Arabisk historie, vestlege kjelder

Arabisk historie, vestlege kjelder