Bokmelding: «Israel – Historie, politikk og samfunn»
BOKMELDING på trykk i Babylon 1-2018 – Nordisk tidsskrift for midtøstenstudier
Marte Heian-Engdal
ISRAEL Historie, politikk og samfunn
Cappelen Damm 2018
Marte Heian-Engdal har skrive ei lett tilgjengeleg og oversiktleg historiebok om staten Israel, som fyller sytti år no i 2018. På snautt 200 sider får ho plass til imponerande mange trekk og aspekt ved både den israelske staten og det israelske samfunnet. Boka er flott illustrert med godt over 40 fotografi, kart og tabellar som løftar boka og bidrar til å gjere stoffet meir levande.
Meininga med boka er å nyansere det ho meiner er ei for enkel framstilling og førestilling av Israel i norsk medielandskap. Mediedekninga av Israel har alltid vore konfliktsorientert i Noreg, fortel Heian-Engdal i innleiinga, men påpeiker at konflikt er likevel berre éin del av den israelske historia. Ho stiller vidare spørsmål om israelarane verkeleg er so einskapleg som media kan gje inntrykk av og vil i boka sjå nærmare på kva det er som kjenneteiknar og pregar dei ulike delane av det israelske samfunnet. Ambisjonen hennar er å «gjøre fortellingen mer, ikke mindre, komplisert» (s. 9).
Det er to grep i boka som blir understreka i introduksjonen. Det eine er at fokuset ligg meir på sjølve staten Israel og mindre på fredsprosessar og situasjonen til palestinarane. Det er eit greitt val sidan temaet er godt dekka i fleire andre norske bøker. Konflikt med både dei arabiske nabolanda og palestinarane er likevel ein sentral del av den israelske historia, og over ein tredjedel av boka er via til krig, forsvar og busettingsprosjekta på Vestbreidda og Gaza.
Det andre grepet er å dele boka inn tematisk, framfor kronologisk. Fordelt på elleve kapittel tar Heian-Engdal føre seg eit land i stadig endring ved å sjå på ideologi og statsetablering, identitet og innvandring, krig og trusselbilete, og politikk og økonomi. Den tematiske inndelinga er eit godt val som gjev ei forfriskande ny framstilling og vinkling på eit tema som ofte er presentert kronologisk.
Nokre kapittel skil seg ut som betre og meir interessante enn andre, nemleg dei delane som tilfører forteljinga fleire lag og kompleksitet. Kapittelet om etableringa og utviklinga av det politiske systemet, til dømes, vil mange nok ha god nytte av å lese og sette seg inn i. Det er òg kanskje det kapittelet som tydelegast viser nytten av ei tematisk inndeling. Ein høyrer ofte om systemet i media i samband med val, og stykkvis i historiebøker, men ein finn ikkje ei god heilskapleg innføring i det på norsk. I to andre kapittel får Heian-Engdal flott fram dei mange ulike motsetnadane i Israel som går på identitet, etnisitet og integrering. Ho tar opp kva det vil seie å vere jøde, kven som blir rekna som jøde (og av kven) og korleis religion har spelt inn i statsbyggingsprosessen dei siste 70 åra. Her byr Heian-Engdal på skiljeliner mellom sekulære og religiøse, mellom sionistar og antisionistar, mellom europeiske, «austlege» og etiopiske jødar, mellom jødiske israelarar og israelske palestinarar, og mellom busetjarar og staten, for å nemne noko.
Nokre kapittel får likevel eit preg av å vere kapittel ein må ha med i ei historiebok om Israel, og det gjeld spesielt kapittelet om sionistrørsla før opprettinga av Israel. I føreordet skriv Heian-Engdal at ho blir svært overraska om «det ikke finnes lesere som vil savne noe i denne fremstillingen» (s. 11), og akkurat her saknar eg sjølv ein grundigare gjennomgang av mandatperioden, som blir via lite plass.
Hebraisk er mykje brukt gjennom boka og dei fleste konsept kjem i både norsk, hebraisk og engelsk omsetting. Men fleire gongar blir ein presentert med engelske ord og uttrykk der det er uklart om dette er faktisk brukt i Israel eller om det er henta frå engelskspråkleg litteratur. Heiter, til dømes, eit parti faktisk «Alignment» i Israel, eller blir det ei engelsk omsetting presentert i ei bok på norsk? Nokre gongar er det hebraisk som har forrang, andre gongar norsk og engelsk. Somme tider er det forståeleg og forklart, som med det israelske forsvaret, kjend som IDF (Israeli Defence Force), medan andre gongar blir det meir rotete, som forklaringa om «‘hilltop youths’ (no’ar ha-gva’ot, åstopp-ungdommen), som de kalles» (s. 137) der det er uklart kva ein eigentleg bruker og om det er snakk om journalisten eller israelarane sjølve.
Det må elles seiast at delar av boka diverre er prega av ein del mindre feil og unøyaktigheiter som bør bli retta til neste utgåve. Palestina var til dømes ikkje ei administrativ eining under det osmanske riket (s. 18), Sykes-Picot-avtalen vart ikkje godkjend på San Remo-konferansen i 1920 (s. 24), og Balfour-erklæringa i 1917 var adressert til Lionel Walter Rothschild, ikkje Arthur D. Rothschild (d. 1903) (s. 24), etiopiske jødar levde nok isolert, men neppe i «total isolasjon» frå andre jødiske samfunn i over 2000 år (s. 44–45), for å nemne nokre. Dette er likevel mindre slurv som er vanskeleg å unngå i detaljtunge førsteutgåver, og det endrar ikkje på hovudforteljinga til Heian-Engdal.
Boka fungerer godt som ei innføring i staten Israel si historie, politikk og samfunn. Heian-Engdal lukkast òg i å gjere forteljinga meir kompleks på ein oversiktleg måte. Boka gjev svar samstundes som ein får lyst å vite meir, ikkje mindre, om dei enkelte tematikkane. Som ei innføringsbok lukkast den der.