Bokmelding: «1001 natt»
BOKMELDING på trykk i tidsskriftet Babylon 1-2014.
Vetle Lid Larssen
1001 natt – Den ukjente historien om to norske slaver i Alger*
Cappelen Damm 2013
I løpet av dei par siste åra har det kome ut nokre norske bøker som tar føre seg slavehandel i Nord-Afrika på 1700-talet der skandinavar har vore varene. Den mest omfattande og omtalte av desse er Vetle Lid Larssen si 1001 natt – Den ukjente historien om to norske slaver i Alger.
Frå 1500-talet til eit stykke ut på 1800-talet var det ei frykt og ei fare for at kristne europeiske skip kunne bli offer for korsarar – kaperskip frå barbareskstatane i Nord-Afrika, i dag er Marokko, Tunisia og Algerie. Sjøfolk vart ofte selde som slavar og brukt som arbeidskraft og for å presse pengar frå heimlanda deira. Lid Larssen skriv at det kanskje at det var opp mot ein million kristne som var tatt som slavar, og der 3500 av dei var danske og norske.
Boka følgjer lagnaden til to norske sjøfolk som vart tatt til slavar i 1769, Niels Moss frå Trondheim og Christian Børs frå Bergen. Dei hamnar båe i Alger, men dei får to ganske forskjellige opphald. Medan Moss sit i fangehus, klatrar Børs slavekarrierestigen og endar til slutt opp som kaffiskjenkar for herskaren sjølv. Attende i Noreg skreiv Moss ei bok, medan det einaste som er att av Børs er eit brev og ein kaffiskjenkaruniform utstilt på Universitetsmuseet i Bergen.
1001 natt er ikkje berre ei historie om to norske slavar. Vetle Lid Larssen har skrive ei detaljrik bok med eit rikt persongalleri. I tillegg til dei to nordmennene er ein innom norske prestar, danske sjømenn, algeriske sjørøvarar, tyrkiske herskarar og ikkje minst ein admiral på veg med danske krigsskip mot Alger. Ein blir kjend med store delar apparatet kring slavehandelen og Danmark-Noreg, noko som gjer boka meir spennande enn om ein berre hadde følgd historia til Moss og Børs.
Den mest interessante karakteren er likevel den særeigne svenske konsulen i Alger, Henrik Brandel, som Lid Larssen med rette vier mykje plass. Livet som svensk konsul er ikkje berre lett og Brandel må balansere mellom nordiske slavar og godvilje frå varierande lokale herskarar.
Boka er ein sokalla dokumentarroman, ein litt ullen litterær mellomsjanger der utgangspunktet er faktiske hendingar, men forfattaren tar i bruk skjønnlitterære verkemiddel for å sprite opp forteljinga. Lid Larssen har heldigvis, som han sjølv skriv, vore nøktern når det kjem til å gjette seg fram til dei indre tankane og kjenslene til karakterane. Historia er i seg sjølv nok til å halde på spenninga.
Språket er munnleg og lett, sjølv om det somme stadar passar betre til opplesing enn lesing. Det flyt som regel flott og skapar eit godt driv og ei levande og engasjerande forteljing, men somme tider blir det for blomstrete, som når det står skrive på side 322 at «Freden kom som et lynnedslag. Skjønt lynnedslag er et dårlig ord. Freden kom som en snegle. Som et pinnsvin, som snuste seg fremover med alle piggene til værs.»
Lid Larssen har valt å skrive seg sjølv inn i handlinga der han har portrettert seg som den informasjonssøkande journalisten. Forfattaren oppdagar gradvis meir og meir informasjon parallelt med lesaren, men dette litterære verkemiddelet fungerer likevel ikkje heilt i 1001 natt. Metakarakteren Lid Larssen søker etter informasjon lik alle andre som driv med historieforsking. Det er ikkje noko spesielt over det, sjølv ikkje den vesle turen hans til Algerie. Det hjelp heller ikkje på korleis denne søkinga etter «ukjend» informasjon blir framstilt. Slaveri og slavehandel i Nord-Afrika er nemleg ikkje so ukjend som ein får inntrykk av.
At europearar òg har vore offer for slavehandel finn ein skildringar av og referansar til slavehandel i fleire historiebøker. Slavehandel i det osmanske riket elles er òg godt kjend. Folk frå det austlege Europa og Kaukasus, og då særskilt tsjerkessarane, hadde i tillegg forsynt det osmanske riket med lyshuda slavar i fleire hundre år før Moss stod på hamna i Alger i 1769.
«Den eneste som har omtalt Moss og de europeiske slavenes skjebne var historikeren fra Fredrikstad, Torbjørn Ødegaard», skriv Lid Larssen på side 40, men det stemmer ikkje. Halvor Skurtveit skreiv i 2002 artikkelen «Slavar i Barbariet – Norske sjøfolk i nordafrikansk fangenskap på 1700-talet» som er å finne i antologien Nordmenn i Afrika – Afrikanere i Norge. Skurtveit går gjennom historia til Moss og to andre norske sjøfolk og korleis desse opplevde fangenskapet og kulturen rundt seg. Han referer òg til presten Hugo Hiorthøi som er sentral hjå Lid Larssen.
Artikkelen er diverre ikkje nemnd i korkje teksten, litteraturlista eller det omfattande noteapparatet. På tre og eit halvt år hadde eg forventa at ein, som «vært i Trondheim, København, Stockholm[,] London[,] Venezia, Roma og Alger» og «trålet halve Europa på jakt etter sannhetsbevis for denne historien», fann ein sopass relevant norsk tekst.
Noteapparatet er forståeleg nok ikkje med i papirboka grunna lengda på 1520 sider, men det er sakna. Det var ofte eg ynskte slå opp både påstandar og referansar. Det er heldigvis lagt ut på nett, men det kunne trengt ein strengare korrektur frå forlaget. Det gjev ikkje det beste inntrykket når ein har gløymd å fjerne formateringar frå tekstutdrag klipt og limt frå Wikipedia-artiklar (note 187).
Dette er likevel mest pirk. Lid Larssen løftar nemleg fram ei historie som er lite kjend utanfor akademiske sirklar i Noreg og syr det godt saman til eit medrivande og samanhengande narrativ.
*I undertittelen er ordet «ukjente» i ettertid endra til «utrolige».