USA sin nye monsterambassade i Baghdad vart offisielt opna i dag ifølgje BBC, eit og eit halvt år etter planen. Ambassaden er ein av dei aller største, om ikkje den aller største, som er bygd. Amerikanarane, eller rettare sagt billig og uetisk importerte arbeidarar, har bygd på Fortress America sidan midten av 2005. Ambassaden er bygd med eit stort fokus på tryggleik og skal kunne huse heile 4.000 personar. Ambassaden, som er nesten like stor som Vatikanstaten, har dette å by på: 619 husvære som kan stå i mot eksplosjonar, ein eigen kraftstasjon, vassverk og avfallstasjon, to store diplomatbygg i tillegg til gymsal, handlesenter, symjebasseng og kino. Festningen skal visstnok ha kosta 740 millionar dollar og for å halde det i drift må ein ut med 1,2 milliardar dollar i året. Ambassaden, med tanke på både mannskaps- og arealstorleik, vitnar ikkje mykje om at amerikanarane har tenkt å trekkje seg ut av Irak med det første. Slike konstruksjonar fortel heller at her har dei tenkt å bli lenge.
Ambassaden kan diverre for amerikanarane allereie vere avleggs i følgje denne lettare kritiske artikkelen frå november 2007:
- - - -
Velkomen etter til Aftenposten forresten, «USAs nye ambassade i Irak åpnet». Eg er spent på kvifor biletet dei brukar har det amerikanske flagget på halv stang.