Siv Jensen med Israel for fred

Til Dagbladet i dag uttalte Siv Jensen at ho er lei kritikken mot Israel si krigføring i Gaza og legg all skuld på Hamas. Ho meiner at det er Hamas som sit med nøkkelen til fred. Eg ganske spent på korleis Hamas skal kunne bruke denne nøkkelen sin. Trur Siv Jensen at alt blir fred, gull og grøne skogar på Gaza-stripa berre Hamas legg frå seg våpen og rakettar? I so fall er ho ganske naiv, eller kanskje på jakt etter KrF sine veljarar. Dette får ho i alle fall sjansen til å forklare når ho skal halde ein appell i samband med ein pro-israelsk demonstrasjon på torsdag 8. januar arrangert av Med Israel For Fred, Indremisjonsforbundet og Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem. Dagfinn Høybråten skal ikkje delta. Jonas Gahr Støre har gått hardt ut mot Siv Jensen si einsidige støtte til Israel. Støre meiner at Siv Jensen med slike utspel støttar ein prosess som berre vil styrke Hamas og ekstremisme og svekke Israel på lang sikt. Støre legg til at Jensen dimed meiner at våpena må tale og at krigen åleine kan løyse denne konflikta, noko den ifølgje Støre ikkje kan.

Siv Jensen er kanskje lei av at folk kritiserar at ein stat bombar sine lutfattige naboar, men eg er kraftig lei Siv Jensen og sytinga hennar. Den dama har aldri kome med noko positiv. Tidleg i desember hadde ho skrive ein artikkel i Svar 3, eit festskrift for Israel sitt 60årsjubileum, der Hilde Henriksen Waage kritiserte ho kraftig og påpeikte fleirfoldige faktafeil. («- Dette kan Siv Jensen ingenting om») Waage meinte at Jensen kanskje burde ta seg eit par studiepoeng før ho uttalte seg om ting ho ikkje kunne noko om. Dette hadde Jensen å seie til kritikken:

Jeg er ikke veldig overrasket over at Hilde Henriksen Waage mener dette. Hun har veldig sjeldent nyanserte standpunkter i denne debatten. For meg får hun forske så mye hun orker, men holde seg for god til å komme med den typen kommentarer som at jeg bør ta flere studiepoeng. Hvis det hadde vært ett svar på konflikten, hadde vi ikke trengt forskere.

Ho er kanskje ikkje sjokkert, men eit svar til kritikken er dette i alle fall ikkje. Einaste er ein lang tirade om kvifor Waage, professor i historie, ikkje er til å stole på. Her svarar ho på ingen måte på nokon av dei punkta Waage påpeikte. Sjølv om ho indirekte seier at ein treng forskarar i samband med konflikta, sidan den faktisk ikkje har eitt svar, verkar det ikkje som ho likar å høyre kva dei har å seie. Når det forresten gjeld å ha «veldig sjeldent nyanserte standpunkter» er ikkje Siv Jensen den som skal rope høgast.

Shimon Peres om kvifor palestinske born blir drepne

Amerikansk ambassadefestning opna