Pyramideoppussing

Cairo - Camels and a Pyramid Aftenposten Reise skriv at Pyramidene skal skinne på ny ved å gjennomgå eit storstilt oppussingsprosjekt. Den første fasen av arbeidet er allereie i gong; sand- og asfaltvegar skal erstattast med ein storstilt veg av sandsteinheller og heile pyramideområdet skal murast inne. Det sistnemde for å halde bort plagsame souvenirseljarar og folk som nesten påbyr ein kamel- og hesteturar.

Sjefsarkitekten Tarek Nega vil attende til slik det var i dei dagar då Napoleon med sin hær tok turen ned til Egypt. Nyare bygningar skal mellom anna rivast og eit turistsenter med meir skal byggast diskret inn i landskapet. Nega meiner at "det er jo absurd at noen av historiens største bygningsverker får lov til å bli forurenset og tilgriset på den måten. Sfinksen har utsikt til Pizza Hut. Det er en parodi, en tragedie, rett og slett."

Cairo - Tourist busses and a Pyramid

Eit slik oppussingsprosjekt er, etter mi eiga erfaring med pyramidane, på tide.Då eg var der for tre år sidan var området prega av kaos og rot. Rundt om i sanden låg det strødd med plastflasker , pepsiboksar og anna boss. Det såg med andre ord ikkje spesielt innbydande ut. Noko av det første eg tenkte var at dei i det minste kunne raka sanden og plukka opp alt bosset. Det at digre busslastar med turistar øydela ein del av heilskapen hjalp heller ikkje. Bussane kunne lett ha blitt parkert eit stykke utanfor området slik at dei ikkje forstyrra i like stor grad.

Cairo - Lonely Camel

Det er derimot ikkje utelukkande positive sider med ei slik oppussing. Det vil sannsynleg sjå både flott og imponerande ut, men det er ei fare for at det vil få eit litt for kunstig preg og kanskje miste litt av sin sjarm. Pyramidane er ikkje berre interessante av di dei er imponerande byggverk, men òg på grunn av at dei er eldgamle og då passar det seg ikkje heilt at dei ser spildrandes nye ut. Oppussing er bra, men det kan somme tider bli for mykje av det gode. Det at Pizza Hut og liknande blir fjerna har eg derimot svært lite i mot. Slikt høver seg ikkje heilt og er eit døme på det verste med ei kaotisk og delvis uplanlagd utvikling av turisme rundt slike historiske stadar.

Cairo - Busses

Sjølv ynskjer eg oppussarane lukke til og vonar resultatet gjer til at ein tur til pyramidane blir meir enn berre greitt nok.

Amerikansk ambassadefestning opna

Robert Fisk on Gaza