Kongeleg kronologi

Setlane i Jordan har bilete av den noverande og dei tidlegare jordanske kongane i tillegg til faren til den første. Undrast kva dei skal gjere når neste kongen kjem. Royal Currency

Rekkjefølgja er slik f.h. (JD = Jordansk Dinar):

1 JD: Sharif Hussein b. Ali: Sharif av Mekka og konge over Hijaz (r. 18 - 1924). Leiar av Det arabiske opprøret mot Det osmanske riket under første verdskrig. Kom skeivt ut med britane og abdiserte til fordel for sonen Ali, men mista til slutt Hijaz (1925) til Ibn Saud, grunnleggaren av Saudi-Arabia. Sonen Feisal vart seinare konge i Irak.

5 JD: Emir, og seinare, Kong Abdullah I av Jordan (r. 1921-1951): Ambisiøs son av Hussein. Grunnla Emiratet Transjordan under britiske overherredøme i 1921. Blir konge av det sjølvstendinge hashemiske kongedømet Jordan i 1946. Erobra og annekterte Vestbreidda under krigen med Israel i 1948/49. Vart drepen av ein palestinar i Jerusalem 20.juli 1951.

10 JD: Kong Talal I: Son til Abdullah I (r. 1951-1952). Regjerte berre ei kort lita stund før han abdiserte grunna helsemessige årsakar (mogleg schizofreni). Betra visstnok forholdet mellom Jordan og Egypt og Saudi-Arabia.

20 JD: Kong Hussein I (r. 1952-1999): Gjekk ved sidan av bestefar kong Abdullah I då han vart skoten. Krona til konge som 16-åring og gift fire gongar. Styrde Jordan gjennom ein svært kritisk og turbulent periode med m.a. kuppforsøk i 1957, avskaffa semidemokratiske val i 1957, statskupp i hashemiske Irak 1958, seksdagarskrigen mot Israel i 1967 der Vestbreidda gjekk tapt, borgarkrig mot palestinske grupper i 1970-71, Yom Kippur-krigen i 1973, intifadaen i Palestina 1987-1993, gjeninnførte semidemokratiske val i 1989, Gulfkrigen 1990-91, fredsavtale med Israel i 1994. Vart ein populær konge.

50 JD: Kong Abdullah II (r. 1999-): Sonen som ikkje skulle bli konge, men vart det likevel då Hussein ombestemte seg på dødsleiet. Er gift med dronning Rania som har palestinske opphav. Står for ei viss demokratisering av Jordan og økonomisk liberalisering.

Royal Currency II

Studieregistrering ved University of Jordan

Tilbake til Jordan