Spor av utdøydd arabisk struts

Spor av utdøydd arabisk struts

For under 100 år sidan sprang det ein eigen strutseart omkring i den syriske og arabiske ørkenen, men i dag er dei alle utrydda. Den arabiske strutsen var ein underart av den vanlege struts, og døydde mest sannsynleg ut på 1940-talet, sjølv om ein visstnok skal ha funne ein døyande struts på 1960-talet. Mot slutten var den å finne i grenseområda mellom dagens Jordan, Syria, Irak og Saudi-Arabia, men òg nær Qatar og Kuwait.

Ein ser spor av desse store fuglane i historiske og arkeologiske kjelder. Dersom du reiser omkring i området finn du teikningar av dei rissa inn i steiner og som gulvdekor. Hovudbiletet over er av eit mosaikkgolv i Qasr al-Hallabat, eitt av ørkenforta utanfor Amman i Jordan (som var under rekonstruksjon då eg tok biletet i 2007). I ørkenområda på den arabiske halvøya finst det elles mengder med helleristingar. Ein twitterkonto @OldArabia delte eit bilete av det som viser arabisk struts:

Ein finn mange referansar til struts i britiske arkiv, der ein ofte skildrar funn av strutseegg, strutsespor, observasjonar av struts, og so jakt på dei, men lite om at dei døyr ut. Det kan verke som at britane i det minste visste lite om dyra. Gertrude Bell, den kjende arkeologen, utforskaren og koloniadministratoren, hadde sett strutsespor då ho reiste gjennom området like før første verdskrig. T. E. Lawrence (av Arabia) nemner spor av struts i 1918 like sør for dagens Jordan i Visdommens syv søyler (s. 323). Ein britisk offiser fortel han såg tre strustar (ein hane og to høner) i same område i august-september same år i. Britiske ingeniørar nemner spor av struts i 1920, og ein britisk offiser (Leachman) rapporterte same år at han hadde ete «fresh Ostrich eggs in the desert 100 miles west of Kerbela, also 200 miles west of Basrah». Då Harry StJohn Philby, den britiske representanten i den ferske staten Transjordan, reiste gjennom Wadi Sirhan våren 1922, såg han og reisefølgjet strutsespor, men ingen ville struts. Dei såg derimot nokre strutsar i fangenskap i byen Jauf (nord i dagens Saudi-Arabia).

Illustrasjon av ei strutsejakt i Palestina i 1877 (Frå Wikipedia)

No krydde det ikkje av struts i Nord-Arabia på 1900-talet, og det kan ha noko å seie med at moderne skytevåpen frå 1700- og 1800-talet av gjorde det enklare å ta livet av strutsen. Då bilen gjorde sitt inntog på 1920-talet, kunne ikkje lenger den raske fuglen springe frå dei som jakta på den. Der ein før måtte legge ned mykje innsats i strutsejakt, kunne ein no ta att fuglane og plaffe dei ned i fart frå bilen.

Det var ikkje berre struts ein skaut på i ørkenen, og innføring av bil og moderne skytevåpen gjekk hardt ut over andre dyr. Arkeologen Nelson Glueck nemner dette i ein artikkel om Wadi Sirhan i 1944. Wadi Sirhan er ein lang regnvatndal aust for dagens Jordan. Den er flat nok til å kunne køyre fort og rimeleg uproblematisk med bil. Dette førte til auka jakt med bil, og Glueck meinte at som følgje av det, so ville gazellebestanden der fort bli utrydda slik oryx og struts hadde blitt i delar av Transjordan og Arabia.

Jarvis, Three deserts.jpeg

Det var ikkje berre i den syriske ørkenen ein byrje jakte med bil og skytevåpen på alt som stod og gjekk der av dyr. Her er gazellejakt langs grensa mot Libya illustrert på eit kart i ei memoarbok frå 1936, Three Deserts av C. S. Jarvis.

I 1923 vart det etablert eit bil- og bussrute over ørkenen mellom Damaskus og Bagdad. Turistar, ofte vestlege, stoppa ofte for å skyte dyr og fuglar. På ein tur i mai 1923, gjenfortalt i Baghdad Times, skaut eit følgje ulv, gaselle og fugl.

Baghdad Times, mai 1923

Turistjakt under overfart. Baghdad Times, mai 1923

To år seinare møtte eit anna reisefølgje heile åtte strutsar, som dei jaga og skaut ein. Jakta vart skildra i The Times, mai 1925:

Very little animal life was seen, but between Kasr el Azrak and Al Jid they encountered eight ostriches, who made off at 30 miles an hour ; the motorists gave chase and shot one of the ostriches.

Det blir litt feil å berre peike på britiske turistar og koloniadministratorar som skyt tilfeldige dyr i ørkenen. Ibn Saud, grunnleggaren av Saudi-Arabia, likte å jakte gazeller frå bil då han kom litt opp i åra, om vi skal tru memoarboka til ein britisk diplomat. Ein gong på slutten av 1920-talet hadde Ibn Saud visstnok eit jaktlag som kom att med om lag 1200 nedfelte gazeller. Frå britiske arkiv er det elles mindre referansar til beduinar og andre som har vore på strutsejakt. Carl Raswan fortel levande og fargerik om at han sjølv er med på ei strutsejakt saman med beduinar på 1920-talet. Etter å ha drepe ein struts, og tatt til fange fleire kyllingar, skildrar han smaken:

With his dagger he then skinned the bird, opened it, and with an expert eye carved out the best breast-pieces. Roasted, the meat tasted like that of a fat bustard and was tender enough ; but to my taste the liver and the heart—the latter small for so large a bird—were better.

Fremover, 4. juli 1936

Ein finn små spor av det i norske aviser òg. I Fremover 4. juli 1936 stod det ein liten sak om at ein maskinmeister frå Oslo hadde fått med seg heim «et svært struts-egg nede i Arabia». Det vog 1800 gram (300 gram «mere enn normalt») og «hele maskinbesetningen – 12 mann – spiste av det». I kva grad det er snakk om egg frå ein arabisk struts er vanskeleg å seie.

Den siste strutsejakta, som eg har lese om og kjenner, var på 1930-talet sør i Transjordan (Jabal Tubayq). Alle skal visstnok ha blitt sjuke og dårlege i magen av å ete dyra.

Det siste ein såg av den arabiske strutsen i live skal visstnok ha vore eit dyr som ein fann døyande nord for ruinbyen Petra i Jordan i 1966. Om ein har lyst å sjå korleis strutsen såg ut, so skal det vere eit utstoppa eksemplar ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem, om eg skal tru ein artikkel på nettsida deira som diverre ikkje lenger er tilgjengeleg.

Biletet viser det som skal vere ein utstoppa arabisk struts ved Det hebraiske universitet i Jerusalem. Biletet har eg henta frå ei nettside der URL-adressa ikkje lenger fungerer.

Nokre kjelder:

  • R. E. Cheesman (1923) «Recent notes in the Arabian Ostrich», i The Ibis.

  • Nelson Glueck (1944) «Wâdî Sirhân in North Arabia» i Bulletin of the American Schools of Oriental Research, desember, s. 7–17

  • C. S. Jarvis (1936) Three Deserts

  • H. StJohn B. Philby (1923) «Jauf and the North Arabian Desert», i The Geographical Journal 62(4), oktober, s. 241–259

  • T. E. Lawrence (1926) Visdommens syv søyler (norsk omsetjing 1970)

  • Carl Raswan (1936) Black Tents of Arabia (side 62)

  • Andrew Ryan (1951) The Last of the Dragomans (side 274)

  • Ymse materiale frå Middle East Centre Archive ved St. Antony’s College, Oxford.

  • Søk i Nasjonalbiblioteket.

Araberne – ei ekspertanalyse frå 1916

Araberne – ei ekspertanalyse frå 1916

Reisebrev frå Stalheim til Palestina

Reisebrev frå Stalheim til Palestina