«Østen våkner» med hamna i Haifa

«Østen våkner» med hamna i Haifa

Haifa, denne hittil ringe og uansette østerlandske kystby, [vil] bli en mektig inngangsport til Arabias mystiske indre så vel som berede vei for vestens civilisasjon[.]

Hamna i Hafia, ein gong mellom 1934 og 1939. Byen Acre, som er synleg i bakgrunnen, var ikkje store staden på 1930-talet. (Foto: Library of Congress)

Etter første verdskrig sat Frankrike med kontrollen over Beirut, den største hamna aust i Middelhavet. Britane, som sat med kontrollen over Palestina og Irak, var ikkje vidare begeistra over dette. Grunnen var at dei hadde planar om å bygge leidningar frå Irak og Saudi-Arabia som kunne frakte olje over land til Middelhavet. For å unngå at desse oljeleidningane gjekk gjennom område under fransk kontroll, byrja dei bygge ut hamna i Haifa i Palestina som eit alternativ til Beirut i 1932. Dei rekna òg med at det ville spare tid og pengar.

Livlig er det blitt på Haifa havn nu i disse dager, og man trenger så visst til havnen som nu er under bygging.

Avisa Morgenposten hadde ein korrespondent, med kone, på plass i Haifa i november 1932. Korrespondenten skisserte opp fleire framtidsplanar for kva dei omfattande hamneplanane i Haifa kunne føre med seg. «Abdo», som han er oppført som i avisa, noterte seg spesielt fleire norske skip.

Vi hadde stått der på kaien i Haifa denne søndags formiddag, kona og jeg, og sett med intens interesse på de norske skutene med de hjemlige farvene flagrende for vinden.

Han fekk vite frå ein bergensar han møtte der, og som det «synger […] morsomt fra», kunne at eit ikkje namngjeve Oslo-firma hadde fått kontrakt på å frakte tusenvis av tonn av oljerøyr som skulle brukast på oljeleidningen frå Kirkuk i Irak.

Overskrift på framsida av Morgenposten, sundag 13. november 1932

Dei andre stormaktene på 1930-talet, fortel Abdo, såg ikkje heilt med blide auge på denne nye hamna britane var i ferd med å bygge. Den ville ikkje berre bli ein torn i auget på «de aktpågivende italienerne», men òg for franskmennene i Syria sidan hamna ville konkurrere med Beirut. Sjølv innad i Palestina hadde hamnebyen Jaffa, som helst ville ha si eiga hamn utbygd, ytt «megen motstand». Ei ny stor hamn i Haifa ville få andre konsekvensar òg:

Oljetankene f.eks. som nu må gå den lange og kostbare vei gjennom Suezkanalen, rundt kysten av Arabia og op Den persiske gulf for å fylle olje, kan nu bare komme op til Haifa og fylle op og således spare en masse både av tid og penger.

I dei dagar eksisterte det (delvis) ein jarnbane mellom Haifa og Hijaz i Saudi-Arabia. Nokre delar var rett nok stengt etter at arabiske opprørar saman T. E. Lawrence (av Arabia) hadde sprengt store delar av den under første verdskrig. Abdo hadde likevel store håp om at denne jarnbana skulle skipe store rikdomar ut av landet. Han konkluderte artikkelen sin med at: «Østen våkner op, derom er det ingen tvil».

Hamna i Haifa vart uansett bygd ut, og det same vart oljerøyrleidningen frå Irak, men etableringa av staten Israel i 1948 sette eit effektivt punktum for fleire planar om røyrleidningar til Haifa og stengte ned dei som var. Ein oljeleidning frå Saudi-Arabia var nesten ferdigstilt. Trans-Arabian Pipe Line (TAP), som den var kalla, vart omdirigert til Libanon og heldt ut til midten av 1970-talet.

I dag blir det meste av olje transportert med båt rundt heile den arabiske halvøya.

Norges handel- og sjøfartstidende dekker TAP , 31. oktober 1945.

–––

Ein versjon av teksten var først publisert på Twitter, 17. september 2019:

Araberne – ei ekspertanalyse frå 1916

Araberne – ei ekspertanalyse frå 1916