Den israelske animasjonsdokumentaren Vals med Bashir blir no satt opp på norske kinoar. Premieredatoen er fredag 20. februar og eg oppfordrar alle til å sjå den, spesielt dei med ei interesse for Midtausten og/eller god film. Eg såg filmen på BIFF i fjor og skal sannsynlegvis sjå den når den kjem til Noreg att. DVDen kan kjøpast frå play.com frå 30. mars. Filmen har god musikk og eit godt lydspor. Mange av lydeffektene i filmen skal i tillegg vere ekte opptak frå krigen i Libanon.
Til tross for at denne filmen handlar om Libanonkrigen i 1982, og er kritisk til den israelske krigføringa der, vart den ikkje satt opp på kinoar i Libanon. Grunnen til dette er at Libanon, og mange andre arabiske land, har bannlyst alle israelske filmar. I følgje Haaretz var visstnok filmen vist i Beirut likevel, men dette var ei privat framsyning med omlag 90 personar (der 40 hadde vorte invitert.). Framsyninga fann òg stad i nærleiken av Hizbollah sitt hovudkvarter. I følgje arrangørane for framsyninga vil filmen bli spreidd og piratkopiert over heile Libanon so snart den kjem på DVD.
Her ein av trailerane til filmen:
[youtube=http://www.youtube.com/watch?v=umYrGXzvRL4&hl=en&fs=1]
Eg har tidlegare skrive to innlegg om denne filmen her.
Dagbladet har no sett filmen og ein kan lese kva dei syns om den her: "Dødsdansen". NRK, BA og Aftenposten har òg sett nærmare på filmen. VG og Bergens Tidende var likevel dei som var mest rause med terningen.
Kjetil Lismoen har skrive ein interessant artikkel om israelsk film og nasjonal identitet i Aftenposten: "Kultur - boikottens siste vals?"