Intet nytt fra Vestbredden

Siste nytt frå krigen i Gaza er at Hamas har erklært våpenkvile, nokre timar etter at Israel gjorde det same. Fokuset på Gaza har vore enormt sidan romjula og noko av det som har frustert media mest er at Israel ikkje slepp journalistar og liknande inn på Gaza-stripa. Det vi derimot ikkje har høyrd mykje om er Vestbreidda. Rett nok finn krigen stad i Gaza, men som ein del av dei okkuperte områda er det litt overraskande at ein har høyrd lite om og frå Vestbreidda sidan krigen starta. Det er litt merkeleg at nesten ingen reportarar eller journalistar har vitja Vestbreidda sidan det har gått tre veker og  ingen av har fått tilgong til Gaza-stripa. Det gjeld i stor grad norske media sidan det er ganske vanskeleg å få ei god nok oversikt over internasjonale media. Det var difor eg vart glad for å sjå denne artikkelen i Bergens Tidende i dag: - Vi orker ikke en ny intifada

Når det gjeld internasjonale media har det heller ikkje vore ei særleg stor dekning av kva som skjer på Vestbreidda og korleis innbyggarane der har reagert. Det meste av nyhende frå Vestbreidda er at skilje mellom Vestbreidda og Gaza sannsynslegvis blir endå større som ei følgje av krigen. Al Jazeera har hatt eit par reportasjar og artiklar derifrå:

- West Bank despair over Gaza assault

[youtube=http://www.youtube.com/watch?v=qTIczZfm2Bk&hl=en&fs=1]

[youtube=http://www.youtube.com/watch?v=IKiv8UUC0d4&hl=en&fs=1]

Vals med Bashir

Shimon Peres om kvifor palestinske born blir drepne