1948

I år er det, som mange veit, 60 år sidan staten Israel vart etablert. Dette var å lese i Aftenposten 14. mai 1948:

Den jødiske stat, hvis navn er Israel, ble proklamert i dag. Den nye stat er i øyeblikket omgitt av piggtrådsperringer, dens hær er på marsj for å møte en ventet invasjon, dens viktigste by er mørklagt, og folket er blitt advart mot flyangrep. Seremonien ved proklameringen var kort. Statsminister David Ben Gurion leste proklamasjonen, og deretter ble den undertegnet av den jødiske regjerings medlemmer.

I samanheng med jubileumsåret kom ein av Israel sine «nye historikarar», Benny Morris, i vår ut med ei ny bok om akkurat 1948 og den første arabisk-israelske krigen. Boka heiter enkelt og greitt 1948: A History of the First Arab-Israeli War. Per A. Christiansen, midtaustenkorrespondenten til Aftenposten, skriv om denne boka og forventingane til den i artikkelen «Historikerstriden som uteble».

Christiansen skriv òg litt om historieskriving og Israel sine nye historikarar, som «ikke har annet til felles enn at de var ferdig utdannet og i ferd med å starte sitt akademiske virke nettopp da Israel åpnet deler av sine arkiver fra perioden omkring 1948». Dei nye historikarane var dei historikarane som byrja å utfordre mytane og dei etablerte oppfatningane kring etableringa av Israel. Benny Morris er ein av dei mest kjende av desse, saman med mellom anna Ilan Pappé, Avi Shlaim, og Tom Segev.

1948 er eit problematisk år på fleire måtar og er som sagt gjenstand for mange mytar. Ein av desse mytane om den israelske David og den arabiske Goliat, der eit militært underlegent Israel kjempa mot dei talmessig overlegne arabiske hordane. Dette viste seg snarare å vere omvendt, der det var Israel som var den overlegne part, både militært, talmessig og strategisk. Men dette er ikkje noko nytt. Christiansen skriv mellom anna at «mens faghistorikerne stort sett er enige om hva som skjedde, krangler de så akademikerbusta fyker om hva som var de stridende parters planer, vurderinger og beveggrunner».

Eit døme på slik krangling er ei boka The Ethnic Cleansing of Palestine av Ilan Pappé. Denne går ganske langt i å hevde at det som gjekk føre seg i 1948 var, etter dagens standardar, ikkje noko anna enn etnisk rensing frå israelarane si side. Pappé argumenterar for at sionistane og Israel gjekk inn for å etnisk rense store delar av Palestina for arabarar for å sikre ein jødisk majoritet i den nye staten. Det var å skape «fakta på bakken». Det som vart Israel sine grenser etter krigen dekka eit større område enn det jødane hadde vorte tildelt i delingsplanen til FN, som igjen hadde dekka område der jødane berre vart ein knapp majoritet. Pappé skriv at dersom 1948 hadde hendt i dag, kunne det berre vorte kalla etnisk rensing, og han samanliknar vidare metodane israelarane brukte med hendingane i det tidlegare Jugoslavia på 1990-talet.

Sjølv om 1948 var året Israel vart erklært oppretta, varte krigen mellom Israel og deira arabiske naboland fram til 1949. Samstundes er det òg viktig å peike på at det herska ein borgarkrigsliknande tilstand i britisk Palestina etter at delingsplanen til FN vart lagt på bordet i november 1947.

Av norske bøker som tar for seg 1948 kan eg trekke fram Odd Karsten Tveit si Alt for Israel, der han trekker fram kva rolle Noreg og nordmenn spelte i området. To andre norske bøker som omhandlar er dei to korrespondanseskildringane til Albert Henrik Mohn: Araberne og Palestina og Frontlinjer mellom Øst og Vest: Øst-Tyskland, Hellas, Israel.

Aftenposten har ei samleside om Israel-Palestina-konflikta der dei mellom anna har lagt opp fleire gamle artiklar som var å lese i Aftenposten i 1948.


Denne teksten vart publisert 13. juli 2008, på ein eldre blogg.

14. juli 1958 - Eit militærdiktatur blir til

Då UiB-rektor Sigmund Grønmo vart haldt nede av Haakon Lie