Då UiB-rektor Sigmund Grønmo vart haldt nede av Haakon Lie

Heilt sidan Israel vart etablert i mai 1948 har Noreg vore ein av deira sterkaste støttespelarar. Eit døme på dette er at Noreg mellom anna selde 20 tonn tungtvatn til Israel tidleg på 1960-talet. Kritikk mot Israel var ikkje like vanleg på 1960-talet som det er i dag. Det var først etter krigen mot Libanon 1978-1985[2000] at store delar av opinionen i Noreg byrja å snu. Seksdagarskrigen i juni 1967 fekk likevel Solialistisk Folkeparti, seinare SV, til å byrje å tenke seg om. Partiet sin utanrikspolitiske ekspert, Erik Nord, var mellom anna ein av dei som hadde pressa på for at Israel skulle bli tatt opp i FN snarast mogleg nesten 20 år tidlegare. Partiet hadde før krigen vorte spørt om dei kunne vedta ein støtteresolusjon for Israel, men då krigen byrja oppfordra partiet berre partane om å søke ei fredleg løysing. SF sin ungdomsorganisasjon, SUF (Sosialistisk Ungdomsfylking), valde som dei fleste ungdomsparti, litt krassare ord og kritiserte mellom anna den proisraelske haldninga til norsk presse.

I mai 1968 kom utanriksminister til Israel, Abba Eban, til Oslo for å feire at Israel var 20 år. Dette skulle feirast i Universitetets Aula, og dei meir militante ungdommane i SUF bestemde seg for å aksjonere. Blant desse var noverande rektor ved Universitetet i Bergen, Sigmund Grønmo, som då var nyvald leiar for SUF (1968-69). Haakon Lie, som i 1968 var partisekretær i Arbeiderpartiet og Israelven, var derimot òg til stade. (Lie var då svært proisraelsk og hadde mellom anna vore med som krigskorrespondent då Israel tok gamlebyen i Jerusalem i 1967, og han var den første utlendingen som rørte Vestmuren (klagemuren) etter at byen var tatt.) Dette skal ha skjedd då Lie fekk auge på Grønmo under feiringa:

Et tredvetall norske Palestinaaktivister blandet seg med publikum. Noen hadde rullet sammen transparenter under yttertøyet. Andre hadde med seg pamfletter. Haakon Lie hadde fått vite at det kunne bli en demonstrasjon, og da han kjente igjen den nye formannen i SUF, Sigmund Grønnmo [sic], satte sekretæren i Arbeiderpartiet seg på stolen bak ham.

På signal reiste demonstrantene seg da Abba Eban gikk på talerstolen. Haakon Lie forsøkte fysisk å holde Grønnmo nede. Men det var mange andre som rullet ut transparenter. De fleste i Aulaen satt som lamslåtte. Men Haakon Lie og noen andre, blant dem Jens Chr. Hauge, klarte å rydde salen for uromakerene.

Arbeiderbladet skreiv mellom anna dette om aksjonen dagen etterpå:

Det underlig at sosialister som vil regnes for å være særlig radikale, demonstrerer mot en stat som ble opprettet for å gi et fristed til et forfulgt folk. Vi skulle gjerne vite hva Karl Marx, Rosa Luxemburg og Leo Trotskij - alle av jødisk avstamning - ville ha sagt om denne form for agitasjon.

Til tross for denne aksjonen var det få som bytta side i konflikta og støtta Fatah i staden for Israel. Det var stort sett berre personar langt ut på venstrefløyen, og dei fleste gjorde dette fordi det var maoistar med i Fatah. Aksjonane hadde dessutan lite innverknad på politikken i Noreg.

Denne historia er henta frå Odd Karsten Tveit si bok Alt for Israel frå 1996. Båe sitata er henta frå same bok, side 395-396.

--------

Dagbladet Magasinet på Nett har forresten publisert ein god artikkel av Astrid Meland om då venstresida støtta Israel og korleis dette seinare endra seg.

1948

"The Age of the Warrior"