Føredrag: Jordan i Midtausten

Føredrag: Jordan i Midtausten

Torsdag 24. september 2020 heldt eg eit føredrag om Jordan på Bergen Offentlege Bibliotek.

Dersom du ikkje var til stade, eller har lyst å høyre det på ny, so er det no vorte tilgjengeleg som podcast, som ein kan finne på ulike podcast-plattformar og Soundcloud. Leit etter biblioteket sin podcast, BOBcast. Eg er episode #251.

Kombinasjonen Star Trek, kongerekka i Jordan og kart. Kan kort nemne ein faktafeil frå føredraget der eg fortel at  Abdullah var med i Star Trek: Voyager i 1992, men det var faktisk i 1996 (S02E20: «Investigations») (Foto: Malin Kleppe)

Kombinasjonen Star Trek, kongerekka i Jordan og kart. Kan kort nemne ein faktafeil frå føredraget der eg fortel at Abdullah var med i Star Trek: Voyager i 1992, men det var faktisk i 1996 (S02E20: «Investigations») (Foto: Malin Kleppe)

I løpet av føredraget viste eg til nokre lysbilete, og sidan desse kan vere vanskeleg å sjå i podcasten, har eg lagt nokre av desse lysbilete til under.

Framsida på presentasjonen under føredraget. Biletet har eg tatt sjølv og er av Amman, hausten 2011.

Framsida på presentasjonen under føredraget. Biletet har eg tatt sjølv og er av Amman, hausten 2011.

Noreg og Jordan, ei samanlikning (frå thetruesize.com)

Noreg og Jordan, ei samanlikning (frå thetruesize.com)

Natur i Jordan. Eigne foto.

Natur i Jordan. Eigne foto.

Kva eg forskar på, oppsummert i ein gif

Kva eg forskar på, oppsummert i ein gif

Kong Abdullah i ulike forkledningar på starten av styret hans. Karikatur av Emad Hajjaj (Abu Mahjoob)

Kong Abdullah i ulike forkledningar på starten av styret hans. Karikatur av Emad Hajjaj (Abu Mahjoob)

Lysbilete av Mithqal al-Fayiz, den arabiske legionen, og eit kart få 1940-talet.

Lysbilete av Mithqal al-Fayiz, den arabiske legionen, og eit kart få 1940-talet.

Eg heldt føredraget litt over ein månad før Jordan heldt parlamentsval 10. november, og før korona-smitta byrja spreie seg kraftig. Valet enda med dårleg valdeltaking på kring 30 prosent, og det var ein del demonstrasjonar grunna ei nedstenging av landet like etter vallokala stengde. Her er difor nokre Twitter-meldingane mine frå kring valet:

Promoteksten til føredraget «Jordan i Midtausten»:

I vår stengde Jordan raskt og kraftig ned grunna korona-pandemien, noko som har stagga spreiinga av viruset, men gått hardt ut over økonomien og sosiale rettar. I sommar oppløyste ein domstol den jordanske greina av Det muslimske brorskapet. Trass korona-restriksjonar, har det vore store demonstrasjonar som følgje av ei lengre konflikt mellom styresmaktene og ei fagforeining for lærarar – der foreininga er stengt ned og fleire av leiarane er arresterte.

I dette føredraget skal vi bli betre kjend med Jordan, eit land som ofte har vorte sett på som ein roleg utkant i ein uroleg region. Føredraget vil sjå nærmare på Jordan si historie og geografi, med indre spenningar og ytre påverknad, for prøve å gje ein god kontekst til landet si rolle i regionen i dag.

Denne månaden er det òg femti år sidan «Svart september», den korte og blodige borgarkrigen i 1970, som enda med at Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) vart kasta ut av landet. Med eit historisk blikk vil føredraget fokusere på spørsmål som kva demografiske utfordringar byr landet på med folkeauke og hundretusenvis av flyktningar frå nabolanda? Korleis passar landet inn i det regionale puslespelet? Kva er rolla til beduinstammane i landet og korleis speler det inn på politikken? Korleis kan den historiske utviklinga i Jordan hjelpe oss med betre å forstå situasjonen i dag?

Magnus Halsnes er midtaustenhistorikar og har budd to periodar i Jordan. Han skriv for tida på ei doktorgrad om grenseutvikling, kartbruk og statsbygging i ørkenområda mellom Jordan, Syria, Irak og Saudi-Arabia etter første verdskrig.

Sand

BONUS: Ein relatert podcast er dette opptaket av ein panelsamtale på Litteraturhuset i Bergen om Saudi-Arabia frå november 2018. Knut Vikør, Anne Bang og eg diskuterer «Kva er det med Saudi-Arabia?» som ein del av Forklart-serien til Bergen Ressurssenter CMI/UiB.

Då Midtausten kom til Noreg

Då Midtausten kom til Noreg

Bokmelding: «What is a border?»

Bokmelding: «What is a border?»