Atter ein fransk høgkommissær
Frankrike styrte Syria ved hjelp av ei rekkje franske høgkommissærar med ganske omfattande makt. Desse var sidan 1919 basert i Beirut, og forbruket av desse var høgt i dei første åra. Då desse høgkommissærane hadde styrt på i ti år skreiv den libanesisk-amerikanske forfattaren og aktivisten Ameen Rihani (1876–1940) ein underhaldnande gjennomgang av kvar og enkelt av dei. Rihani gjev kvar høgkommissær ei kort evaluering og oppsummering. Alle hadde eit særskilt lynne og særeigen politikk, og Rihani meinte dei saman utgjorde ei fargerik samling av «Statesmen of Despair» og oppsummerte dei slik:
Gouraud the Good
Weygand the Grim
Vindenberg the Gentle
Sarrail the Mad
Jouvenel the Loquacious
Ponsot the Silent
Alle desse, fortel Rihani, kom til Syria med eit administrativt program og drog attende med eit anna. Under følgjer Rihani si oppsummering av kvar franske høgkommisær, i kronologisk rekkefølgje:
Den gode
General Gouraud, who was called Pere Gouraud because of his subservience to the Jesuits, divided the country into 6 independent States to please the minorities, especially the Maronites, and returned to Paris when the insurgent bands were still operating in the north of Syria.
General Henri Gouraud var fransk høgkommissær i Levanten 9. oktober 1919 til 19. april 1923. I denne perioden landa franske styrkar i det framtidige Libanon under første verdkrigen. Etter at San Remo-konferansen i april 1920 og innføringa av mandatsystemet, der Frankrike fekk Syria, invaderte dei det sjølvstendige og nyoppretta kongedømet Syria under Faysal ibn Husayn. Etter Faysal vart kasta ut, etablerte Frankrike eit virrvarr av ulike ministatar i Syria basert på etnisitet, religion og geografisk plassering. Einaste levninga av denne ordninga i dag er Libanon sidan resten vart over tid slått saman til dagens Syria.
Den dystre
General Weygand, the ablest administer of them all, was sacrificed to party politics at home. He only had time to pacify the northern border, and when he was recalled, the Druses were polishing their rifles and filling their cartridge belts.
General Maxime Weygand var fransk høgkommissær i Levanten i godt over eitt år, frå 19. april 1923 til 29. november 1924, før han vart henta heimatt. Dei to syriske småstatane Damaskus og Aleppo vart slått saman til Staten Syria før han drog.
Den milde
General Vindenberg was a gentle tourist who was not given time enough to see the whole country.
General Vandenberg var aldri høgkommissær, og Rihani rotar nok litt her. Vandenberg var guvernør av Libanon i ein kort periode. (Alle dei ulike småstatane i innan det syriske mandatet hadde kvar sin franske guvernør) Vandenberg vart utnemnd av Weygand i 1924 og vart sparka på dagen då den neste høgkommissæren, General Sarrail, kom til Beirut 2. januar 1925.
Den galne
General Sarrail antagonized everybody, from the Jesuits to the Druses, who had already shouldered their rifles. He precipitated the revolution of 1925 and lost his position.
General Maurice Sarrail, ein gamal kar på 69 år, styrte frå 29. november 1924 og fram til 23. desember 1925. Han kom til mandatet først i 1925 med ein solid plan, og rakk akkurat å få med seg starten på Det store syriske opprøret (1925–1927). Då han bomba Damaskus for å stogge opprøret i oktober 1925, henta Frankrike han heimatt. Bombinga skapte mykje rabalder og avisomtale, sjølv i Noreg.
Den pratesjuke
M. de Jouvenel came to repair the work of General Sarrail, but his flow of oratory impeded, I think, his progress. He was able to establish, however, merely by fiat, the little republic of Mount Lebanon.
Henry de Jouvenel, ein tidlegare journalist, var den første ikkje-militære høgkommissæren Frankrike sendte, og han klarte seg vel eit halvt år, frå veslejulafta 1925 og fram til dagen før jonsok, 23. juni 1926. Han gjekk av friviljug då planane han ikkje gjekk som dei skulle. Han rakk akkurat å opprette Libanon som republikk med ei grunnlov i mai 1926. Det kan leggast til at nokre månadar etter han gav seg som høgkommissær, skreik han so høgt i eit møte i Mandatkommisjonen til Folkeforbundet at møtet måtte hevast. Mannen han skreik til var ingen andre enn Fridtjof Nansen. Dei krangla om mandatspørsmålet, kunne Bergens Tidende melde 22. september 1926, der Jouvenel førte et «ubehersket sprog mot Nansen», og han skreik høgt nok til at høyrde han langt ut på gata.
Den stille
M. Ponsot came to inaugurate an era of peace. For more than a year he applied himself to the study of the intricate situation from every angle, without making a single public utterance. When at last he spoke, he proved himself to be the most liberal of administrators. Syria received the right to elect a constituent assembly for the purpose of drafting a constitution and establishing a government. The elections were most orderly and, with one or two exceptions, free from governmental interference.
Auguste Henri Ponsot tok over etter de Jouvenel og vart den som klarte seg lengst av desse første høgkommissærane av Syria og Libanon. Han sat frå august 1926 til juli 1933, fire år etter at Rihani skreiv oppsummeringa si. Syria fekk ei grunnlov i 1930, året etter artikkelen var skrive.
Ponsot vart berømt for å ikkje seie noko særleg. I ein britisk etterretningsrapport frå 28. juni 1927 står det skrive om då Ponsot kom attende til Syria frå eit lengre opphald i Frankrike. Det er verdt å sitere store delar av denne:
There was no reception and no flourish of trumpets. He [Ponsot] drove away at once, and has been busy ever since receiving deputations &c., Again his silence seems to be defeating people. The inhabitants expected that after months of silence, and after his work in FRANCE, he would land with a detailed programme which he would give out. It seems to grow more and more obvious that his programme will only be unfolded bit by bit, as it is actually brought into action, and that there will not be any sort of ‘declaration of policy’. [Kjelde: TNA AIR 23/91]
Dei andre
Etter Ponsot var det følgde det fire høgkommissærar til, som då Rihani naturleg nok ikkje omtalte. Det kan nemnast at den norsk interessa for nye franske høgkommissærar i Syria dalte kraftig ut på 1930-talet, og arvtakaren etter Ponsot er ikkje ein gong nemnd i avisene.
Damien de Martel heldt ut som høgkommissær nest lengst, frå 16. juli 1933 og fram til januar 1939.
Gabriel Puaux sat høgkommissær i perioden frå januar 1939 og fram til november 1940. Han var høgkommissær då Frankrike overgav seg til Nazi-Tyskland i juni 1940, og oppretta det tyskvennlege Vichy-regimet, som franskmennene i Syria til sjuande og sist slutta seg til.
Jean Chiappe var høgkommissær i heile tre dagar, frå 24.–27. november 1940. Flyet som skulle ta han til Libanon vart skote ned av av det italienske luftvåpenet ved eit uhell.
Henri Dentz var sistemann ut, og sat frå 6. desember 1940 til 14. juni 1941 som del av det franske Vichy-regimet i Syria. Britiske styrkar invaderte Syria saman med Dei frie franske styrkane i 1941. Dentz vart dømd til døden etter krigen, men dommen vart ikkje fullbyrda.
Dei nye frie franske styresmaktene erstatta Vichy-høgkommisæren med eigne «delegatar»:
General Georges Catroux (1941–43)
Jean Helleu (1943)
Yves Chataigneau (1943–1944)
General Paul Beynet (1944–1946)
Kjelda her er den lesevennlege artikkelen «Mandates in the Near East» der Rihani oppsummerer 10 år med mandatstyre, i tidsskriftet The Syrian World 4(1), september 1929. The Syrian World kom ut ein gong i månaden og retta seg mot syrarar som hadde slått seg ned i USA.
Når det gjeld datoar, og somme tider måndar, for når dei ulike høgkommissærane startar og tar over er desse noko usikre.