Ei liste over gode nordmenn
Verdens Gang lanserte sundag 16. februar ei liste over «De 100 viktigste nordmenn» sidan 1814. Kritikken mot lista kom fort, som forventa. Redaktøren i Manifest Tidsskrift, Mímir Kristjánsson, meiner at lista er ei feiring av borgarskapet og at den «mangler motkulturer, kvinner, miljøvernere og en rekke andre progressive bevegelser. Men det virkelige problemet er at man usynliggjør den viktigste bevegelsen i det 20. århundre». Med C. J. Hambro sopass høgt opp på lista, var det ikkje vanskeleg å spå denne typen kritikk.
Kristjánsson bommar likevel på det aller viktigaste ankepunktet mot denne lista: Det er nemleg ikkje ei liste over dei 100 viktigaste nordmenna. Det er ei skryteliste over dei beste, dei vi likar. Vi kan vere politisk usamde med dei, men framleis einast om at dei var gode folk. Folk vi som nasjon er stolte av å ha hatt.
Men kvar er skurkane? Dei vi ikkje likar? Kvar er Vidkun Quisling? Dei er ikkje der. Ifølgje VG sin jury vart landet berre forma av gode mennesker. Ein må gjere noko godt for å hamne på lista, ein må ikkje gjere noko viktig. Skamplettar er ikkje viktige for VG, men negative konsekvensar formar eit land dei med.
Halvdan Koht er ikkje med fordi han fullstendig undervurderte trugsmålet frå Nazi-Tyskland. «Flertallet i juryen mente derfor at han ikke kunne være med blant de 100 viktigste nordmennene», skriv politisk redaktør Hanne Skartveit. Men det er nettopp difor han bør vere på lista.
Andreas Nielsen, som arbeider i VG, utdjupar dette punktet i sitt svar på eit spørsmål i kommentarfeltet om kvifor Knut Hamsun ikkje kom med på lista: «Juryen mente det var [diskvalifiserende] at [Knut Hamsun] var nazist, dette er en liste over nordmenn som er viktige for vår nasjonale utvikling, med grunnloven som utg.pkt. Og da kan ikke nazister være med.»
Det er difor ei heltehistorie VG har skapt, ei liste der folk kan klikke og krangle i godt mot om kven dei likar best og kven som burde vere høgre opp enn andre. Røyste kan dei òg. VG vil snakke om «hvem vi er, om hvordan vi ble slik, og om hva som binder oss sammen», men dei vi ikkje likar i historia vår skal vi visstnok grave ned i jorda og gløyme. Det same kan vi med denne lista.