«Roleg Uro»

«Roleg Uro»

Eg hadde eit lite korrespondentbrev frå Jordan på trykk i året si siste utgåve av Studvest (32/2011):

      Faksimile frå Studvest

ROLEG URO

I tretida kvar dag strøymer studentane ut av hovudporten til Universitetet i Jordan. Ein skulle tru alle slutta samstundes, og straumen av studentar verkar endelaus. Politiet er fast stasjonært utanfor og kraftig portar passar på trafikken av studentar inn og ut. Det skal vere trygt her fortel det oss. Det var først etter nokre veker eg la merke til at dei aller fleste av studentane er jenter. Det seiast at dei utgjer so mykje som åtti prosent her, noko det ikkje er vanskeleg å tru på. Gutane går rett i arbeid, medan jentene studerer.

Det er når ein kryssar hovudgata utanfor og prøver å skaffe ei drosje at ein angrar kraftig på at ein ikkje skaffa seg eit husvære like ved. Gata er stappfull av store og små bussar, tutande bilar, fulle drosjer og ikkje minst eit vell av lydar og studentar på leiting etter transport. Eg tippar at gata er bygd som firefeltsveg, men her bryr ingen seg om køyrefelt. Eg rettar ut handa, og etter femten minutt stoggar ei tom drosje. «Første sirkel?» spør eg på arabisk. Sjåføren viftar med handa og takkar nei. For mykje trafikk den vegen.

Det blir drosje til slutt. Turen gjennom trafikken er lang nok til litt samtale. Dei fleste har anna arbeid, men køyrer drosje på deltid. Ein møter difor alt frå massørar til norsktalande fiskepakkarar. Både gamle og unge. Dei eldre er rolegare på gassen. «Kvar er du frå?» er som regel første spørsmål. Drosjesjåførane er nysgjerrige og det blir ofte samtalar på litt haltande jordansk arabisk både til og frå universitetet, men det er trass alt det ein er her for, å lære seg arabisk. Det er til tider vanskeleg å hugse på akkurat det med tanke på at nabolandet i nord er i fullt opprør og demonstrasjonane i Kairo blussar opp på ny. Det er ei spennande tid å lære arabisk når regionen opplever dei største politiske omveltingane på mange titals år.

I Jordan er det derimot førebels roleg, som vanleg. Landet er ikkje kjend som den mest rebelske guten i klassen, noko som er grunnen til at det har flokka seg mange arabiskstudentar hit. Dei fleste hadde nok eigentleg planar om å dra til Syria, Jemen eller Egypt. Den arabiske våren er likevel til stade. Det har vore demonstrasjonar i sentrum nesten kvar fredag sidan januar, og til tider utanfor den syriske ambassaden, men desse går for det meste roleg for seg. Regjeringa er allereie bytt to gonger i år. Kongen meinte reformene han ynskte gjekk for sakte. I neste månad skal det i tillegg vere kommuneval.

Trass dette, og at nyheitene ofte er på radioen, blir det lite politisk prat i drosjene. Samtalane med drosjesjåførane går på vêret i Noreg. Kulden har rett nok kome til Amman, men det er ganske kaldt der i nord har dei høyrd. «Ja, det er det,» svarar eg, «kaldare enn her.»

Konspirasjonsteoriar og arabisk media

Konspirasjonsteoriar og arabisk media

Irak eller Iraq? Ein fem år lang bokstavkrangel

Irak eller Iraq? Ein fem år lang bokstavkrangel