Å finne seg til rette

Ei utfordring for norske, og til dels andre europeiske, arabiskstudentar er å finne ut kva arabisknivå ein ligg på. Frå Noreg har ein det ein kan kalle ei solid innføring i arabisk grammatikk, men ein manglar eit større og brukbart ordforråd. Dette gjer at ein som regel hamnar mellom to stolar når ein skal studere i Midtausten. Ein kan mykje grammatikk, men ein forstår sovidt kva undervisarane seier. Eg har tidlegare nemnd at ein treng ein plasseringstest for å finne ut kva nivå ein skal gå på. For min eigen del hamna eg først på eit for lågt arabisknivå. Eg veit ikkje heilt kvifor, men eg må ha misforstått noko på testen. Eg merka at både grammatikken og vanskelegheitsgrada på tekstane var for lett og eg ville difor gå opp eit nivå for å få ei utfordring. Dette viste seg å vere lettare sagt ein gjort.

Ifølgje ein lærar kunne ein bytte nivå dei to første dagane. Eg fekk høyre at eg kunne sjå korleis nivået eg hamna på var i ein dag og so bytte neste. Eg tok del i nivået over meg for å sjå om det var for høgt eller ikkje, men fann ut at det var akkurat passe. Neste dag prøvde eg å bytte, men fekk høyre frå administratoren at det var fullstendig totalt umogleg på alle måtar å bytte nivå. Ho var urokkeleg. Nivået plasseringstesten sette det på var nivået du skulle vere på. Basta. Ein kunne korkje gå opp eller ned. Det gjekk heller ikkje an å ta testen på ny. Ei jente prøvde å ymte frampå at testen ikkje var heilt perfekt, men fekk klår beskjed om at den var perfekt, for instituttet. Det var fleire som prøvde dette og alle saman fekk svært bestemt nei som svar. Dei einaste som kunne bytte var dei som ikkje hadde tatt testen og var på nivå ein. Dei kunne bytte til nivå to dersom det var for lett.

Eg frykta å bli lettare demotivert av å vere på ei lågare nivå der eg ikkje ville bli utfordra nok og gjekk difor til nokon andre på instituttet. Etter litt om og men fekk eg høyre frå nokon andre studentar, som hadde høyrd med nokon andre ved instituttet, at det gjekk an å bytte etter ei veke dersom framleis ein ikkje var nøgd med nivået. Eg venta dimed til etter helga.

Den arabiske våren ser ut til å ha vorte ei lita utfordring for Språksenteret ved Universitetet i Jordan. Med uro i Syria, Egypt og Jemen, tre av dei mest populær landa å lære seg arabisk i, so har mange studentar funne vegen til Jordan. Det har dimed vorte mange fleire studentar enn eg trur insituttet rekna med, noko som har bydd på ein del kaos og rot. Dette kaoset kan ha noko å seie for at mange vart nekta tvert å bytte nivå, same kva grunn. Mange nivå måtte bli delte i to klassar og timeplanane har vore i konstant endring sidan studiestart. Denne kan endre seg brått utan at ein er klar over det. Planen har til tider endra seg frå dag til dag, og frå time til time. Vonleg vart dei siste endringane for semesteret gjort i dag.

Det hadde seg derimot slik at nokre klassar hadde vorte delte etter helga og brått var det nokon som hadde vorte ufriviljug sett ned eit nivå likevel. Etter ein time var det brått mange som gjekk opp på kontoret til eine undervisaren og sa kvifor ein ville bytte nivå. Om han godtok det, som han såg stort sett ut til å gjere, fekk du ein liten lapp der det sa at ein kunne bytte nivå. Etter lunsj gjekk ein inn på eit anna kontor, leverte frå deg lappen og vips var ein gått opp eit nivå. So enkelt var det. Her lønner det seg visstnok å ikkje ta eit absolutt nei for eit absolutt nei. Kva rolle dei forskjellige doktorane, for dei er alle Dr. Noko, i forhold til kvar andre er eg framleis usikker på, men det ser ut til at noko bestemmer meir enn andre sjølv andre kanskje har tittelen til det.

Informasjon er ikkje det ein får mest av her. Ein må spørje rundt og som regel får ein beskjed om at ein må snakke med den og den. Seier dei nei, og dersom ein vil noko sterkt nok, so kan ein gå til nokon andre og høyre. Harde ord og klaging på systemet til universitetet trur eg ikkje er vegen å gå. Under informasjonsmøtet fekk ein fast beskjed om at jordanarar ikkje likte dersom nokon kom frå andre kulturar og prøvde å endre systemet deira. Sjølv om det ikkje var perfekt, so var det deira måte å gjere ting på. Det gjaldt rett nok heile samfunnet, men det kunne tolkast som eit hint om korleis ein går fram i universitetssystemet òg. Eit smil og venleg humør kom ein lenger med enn surske, klaging og kravsetjing.

Med unntak av litt organisatoriske oppstartsproblem ser det ut til at det blir eit kjekt semester vidare. Nokon av dei som har studert her eit semester seier dei er fornøgde med både instituttet og undervisinga. Nivået eg ligg på no ser so langt ut til å passe perfekt til formålet mitt med å auke vokabularet mitt og samstundes betre lesedugleiken utan for mykje fokus på grammatikk. Grammatikkgrunnlaget frå Universitetet i Bergen er i tillegg bra å ha når ein går gjennom grammatikk her, for å lære arabisk grammatikk på arabisk ser ikkje ut til å vere det enklaste. Det er då det er kjekt å ha permen frå ARA101, men den ligg att i Noreg. A Student Grammar of Modern Standard Arabic av Eckehard Schulz er derimot på plass.


Teksten vart publisert 29. september 2011

Kjøtkaker i Amman

Sandstorm and smog