Dersom ein skal ta eit nivå høgare enn første nivå ved universitetet i Jordan, so treng ein ta ein plasseringstest (placement test) i arabisk. Denne har ein skriftleg og ein munnleg del. Største problemet her var at det var utruleg lite/ingen informasjon frå språkinstituttet om korleis ein skulle ta den skriftlege delen. Ein sa først at vi berre skulle starte, men etter ein ti minutt kom nokon og sa frå om at ein skulle byrje på side 4, ikkje side 1-3, som var til lytteprøva. Eit kvarter etter det igjen var vi sendt inn i eit rom for å ta lytteprøve, og etter den var ferdig skulle ein visstnok berre gjere ferdig resten.
Den skriftlege delen var berre på arabisk og hadde fem deler: (1) Lytteprøve med spørsmål, (2) merk av ordet som passar, (3) enkel tekst med fire spørsmål, (4) 2-siders artikkel med mange spørsmål og til slutt (5) skriving av ein liten tekst + skildring av eit bilete.
Sidan testen berre skal plassere deg på eit visst nivå og difor må omfatte alle nivå, so føler ein seg ikkje akkurat spesielt flink. Det var vanskeleg å sjå utifrå testen korleis ein skulle måle lågare nivå. Det hadde òg hjulpe om det hadde vore ei forklaring om korleis testen skulle gjennomførast.
Den munnlege delen var derimot ganske grei. Der skulle berre ein ha enkel samtale om forskjellige enkle tema. Ein kunne likevel fått litt informasjon om korleis det gjekk føre seg og kor lang tid det ville ta slik at ein slapp stå i kø i eit par timar.
Kva nivå ein har kome på sjølv får ein ikkje vite før eit par dagar etterpå. Det vart sagt i gangane at ein kunne gå opp (og sikker ned) eit nivå dersom ynskte det.