Irak eller Iraq? Ein fem år lang krangel

Før den moderne staten Irak vart oppretta etter fyrste verdskrig var området betre kjend som Mesopotamia. Dette var òg det offisielle namnet britane brukte om området. Då britane skulle lage ei statseining av dei tidlegare osmanske provinsane Basra og Bagdad (Mosul-provinsen vart lagt til seinare), ynskte dei eit nytt namn. Den britiske høgkommisæren i Irak på denne tida, Percy Cox, ba 13. august 1921 koloniminister Winston Churchill om at ein frå då av skulle bruke namnet Iraq i staden for Mesopotamia. Churchill godtok dette etter å ha rådført seg med Hubert Young, ein tenestemann i Midtaustenavdelinga av Kolonidepartementet. Bruken av namnet Mesopotamia forsvann dimed raskt frå offisiell britisk bruk. Dette var vel og bra, hadde det ikkje vore for ein viss Eyre Crowe, den permanente undersekretæren for utanlandssaker i det britiske utanriksdepartementet. Utanriksdepartementet meinte at ein heller burde skrive Irak med k, ikkje med q, i offisiell bruk. Dette gjekk naturlegvis ikkje kolonidepartementet og Hubert Young med på. Dimed var krangelen i full gang og i fem år, frå januar 1922 til juni 1926, krangla britisk UD og KD om ein skulle skrive Irak eller Iraq.

Før Crowe døydde i april 1925 hadde han dette å seie om spørsmålet:

When we read of the battle of Kut or the heroics of Kut, we know where we are. The Colonial Office want to insist on our writing Qut! We are familiar for generations with the Turkish dignitary called the Kaimakam. The Colonial Office protests that we must write Qaimaqam!

I call it lunacy!

Utanriksdepartementet stod fast på sitt og nekta konsekvent å bøye seg før William Tyrrell, som tok over for Crowe, gav etter i juni 1926 og ba sine underordna om å bruke q.

No kan debatten om k vs. q verke ein smule artig og tøysete, noko den sikkert var, men mykje av det som låg under argumenta var alvorleg. Debatten gjekk nemleg ut på korleis ein på ein korrekt måte skulle transliterere arabiske namn om til engelsk og gjere det brukande innanfor offisiell språkbruk. Kolonidepartementet stod for ein lettversjon av translitererte namn, slik sitatet over viser, medan utanriksdepartementet stod for ein meir inkonsekvent bruk av namn basert på kva ein til då hadde skrive og dimed var vande med. Etter fyrste verdskrig fekk Storbritannia eit behov for meir nøyaktig geografisk kunnskap om den ikkje-vestlege verda og med det eit anerkjend system for transliterasjon av utanlandske geografiske namn. Difor var PCGN, Permanent Committee on Geographical Names for British Official Use, etablert i mai 1919, og krangelen om k vs. q må difor sjåast i lys av dette.

På arabisk skrivast forresten Irak slik: العراق , og blir transliterert slik: Al-ʾIrāq

For dei som er interesserte i ei mykje lengre utgreiing om denne debatten kan sjå artikkelen eg henta historia frå, Irak or Iraq? The Problem of Geographical Nomenclature in British Official Use av Jeffery A. Rudd.

Israel har stengt ambassaden i Mauritania

Fox News' Fortress America Tour