Gamle jarnbanedraumar får nytt liv II

I går kunne ein lese i Aftenposten at heile Hijazbana no skal opnast for turistar og andre: Til Mekka på første klasse?

The Hijaz Train StationTogstasjonen i Damaskus

Dette er langt på veg på tide. Jarnbana vart aldri skikkeleg gjenbygd etter at Lawrence of Arabia og venene hans sprengde store delar den under første verdskrig. Sidan då har det i tillegg vore svært lite trafikk på denne berømte jarnbanestrekka. Til no har det berre vore to delar av bana som har vore i bruk. Strekka mellom Amman og Damaskus og strekka mellom Ma'an og kystbyen Aqaba. Amman-Damascus har vore open for passasjertrafikk, men dette tilbodet skal vere svært treigt alternativ til taxi (tog: ni timar, taxi: tre timar) i tillegg til at ein må byte tog på grensa til Syria. Ma'an-Aqaba har for det meste godstogtrafikk.

I følgje Wikipedia skal det ha vore gjort forsøk på å opne opp bana att sør for den jordansk-saudiske grensa på midten av  60-talet, men på grunn av seksdagarskrigen i 1967 vart ikkje dette noko av. Grunnen til at ein ikkje prøvde å opne opp bana før 60-talet var at grensa mellom Jordan og Saudi-Arabia i området der Hijazbana gjekk,  ikkje var avtalt og at denne var forbode å krysse. Saudi-Arabia hadde til og med lagt krav på store delar av sør-Jordan (Aqaba og Maan). Dette ordna seg i 1965 då båe partar fekk i stand ein grensebyteavtala som forma grensene slik vi kjenner dei i dag. Det var sikkert som ei følgje av denne at dei prøvde å opne den opp att.

Jordan Times hadde ein artikkel om jarnbana for nokre veker sidan: Initiative to place Hijaz Railway on tourism map. I august i år var det forresten 100-årsjubileum for jarnbana, eller nærmare sagt 100 år sidan bana og det første toget med pilegrimar nådde Medina. Dette skjedde åtte år etter byggestart.

Eg vil takke Per A. Christiansen, Midtausten-korrespondenten til Aftenposten stasjonert i Amman, for ein interessant artikkel som alltid. Men eg vil likevel ønskje han velkomen etter sidan eg skreiv om akkurat dette på bloggen min allereie i april i år på bakgrunn av ein artikkel i Jordan Times. Eg håpar verkeleg at Hijazbana blir gjenopna, og om den blir det, kjem det til å vere ei togreise eg gjerne vil ta. Sidan eg ikkje er muslim kjem eg ikkje inn i korkje Mekka eller Medina, men på vegen dit ligg Mada'in Saleh.

‘If people in the Middle East were more like Scandinavians’

Clayton's Slave