Attende til Libanon

BIFF i år gjekk den israelske animasjon-dokumentariske filmen Waltz with Bashir. Den omhandlar traumane forskjellige israelske soldatar har etter Libanonkrigen med fokus på massakrane i dei palestinske flyktningeleirane Sabra og Shatila i 1982. Filmen går ut på at hovudpersonen ikkje klarar å hugse noko frå sjølve krigen og leitar opp andre soldatar som tok del for å prøve å hugse tilbake. Filmen er i tillegg ei blanding av dokumentar og teiknefilm og er på bakgrunn av det åleine verdt å sjå. Den er i tillegg ganske bra. Inntrykket ein får frå krigen i filmen kan minne om ei rekkje amerikanske filmar om Vietnam, men dette gjeld til dels berre utvalde segment og musikken brukt i desse. Waltz with Bashir (Bashir=Bashir Gemayel) er ein film det er absolutt verdt å få med seg, spesielt om ein er interessert i krigen i Libanon, og vil gje eit inntrykk ein ikkje vil gløyme med det første. Filmen er regissert av Ari Folman og hovudpersonen representerar han sjølv. Eit langt intervju med han om filmen er å finne her. Filmen var òg ein del av filmfestivalen i Cannes si Official Selection 2008, der den i tillegg fekk ståande applaus.

Engelsk trailer:

[youtube=http://www.youtube.com/watch?v=ylzO9vbEpPg&hl=en&fs=1]

Med tanke på krigen i Libanon hadde Dagbladet ein fin artikkel om tidlegare norske FN-soldatar på besøk i 30 år etter:

- Godt voksne mannfolk har grått siden i går

Dersom ein vil lese meir om norske soldatar i FN-teneste i Libanon vil eg tilråde Odd Karsten Tveit sine bøker Nederlag og Krig og Diplomati - Oslo-Jerusalem 1978-1996. For Libanon elles kan ein lese Robert Fisk si bok Pity the Nation: Lebanon at War.

Fesjå i Saudi-Arabia

Iranian Joke