Laurdag samla om lag 50 studentar seg utanfor det tysk-jordanske universtetet i Jordan (GJU) for å protestere mot det dei kallar ei privatisering av høgare offentleg utdanning i Jordan, melder Jordan Times i dag. Dei offentlege universiteta i Jordan aukar no undervisingsavgiftene og i følgje demonstrasjonsleiar Guevara Hanna blir avgiftene dimed høgre enn avgiftene ved private universitet. Dette meiner Hanna i grunnen er å privatisere høgare utdanning. Jordan er ikkje av dei rikaste landa i verda og Hanna meiner at ei avgiftsauke vil gjere til at store delar av folkesetnaden i Jordan blir stengt ute frå universiteta. For å trekke inn litt klassekamp meinte ein student frå University of Jordan at utdanning no var reservert for borgarskapet ("bourgeois class").
Rektor ved GJU, Labib Khadra, forsvarte avgiftsauken med å vise til universitetet si "særeigne tilnærming" (different type of approach) til undervising hadde resultert i aukte utgifter.