Tilreisande frå Irak til Jordan må testast for kolera

Helsedepartementet i Jordan sette torsdag 11.september i gang tiltak for å hindre at kolera sprer seg frå Irak til Jordan, melder Jordan Times. Alle passasjerar som frå Irak, anten dei kjem landvegen eller luftvegen, skal frå torsdag av testast for kolera etter at eit nyleg kolerautbrot ut i den irakiske byen Babel. Dei må òg fylle ut eit spørjeskjema. Salih Al Hasnawi, den irakiske helseministeren, uttalte torsdag at kolerautbrot hadde drepe fem menneske i Bagdad og sørlege delar av landet. I følgje Hasnawi er det prova 36 tilfelle av kolera i Irak, mellom anna 13 i Bagdad og 20 provinsen Babel i sør. I september 2007 var det òg eit utbrot av kolera i Irak som skapte uro i Jordan. Jordan har det største talet på irakiske flyktningar etter Syria og det er difor med god grunn det jordanske helsedepartementet reagerar. Kor mange flyktningar det er i Jordan varierar frå kjelde til kjelde, men den meste grundige undersøkinga slår fast at det er mellom 450.000-500.000 irakarar i Jordan*. Tidlegare tal har vore so høge som 750.000, men dette kan skuldast at Jordan har vore flinkare til å registrere irakarar som kjem inn i landet enn irakarar som reiser ut at, og at irakarar som har reist inn i landet fleire gongar har vorte registrert meir enn ein gong. Det siste året har dessutan Jordan innført strengare reglar for irakarar for å få kontroll over flyktningestraumen.

Dei irakiske flyktningane i nabolanda, og då spesielt i Syria, er i stor del oversett av media til tross for at dei legg stort press både på dei landa dei er, både på staten og den øvrige folkesetnaden. Mange av problema i Jordan, og sannsynlegvis i Syria, blir skulda på det store talet på irakiske flyktningar. Det at det er mange irakarar i Jordan, som er eit realtivt lite land med rundt fem millionar innbyggarar, er det ikkje tvil. Eit flott døme her er når Irak vann Asiacupen i fotball i fjor og Amman eksploderte i irakisk sigersrus.

Straumen av irakiske flyktningar har likevel sine meir positive sider som ein kan lese litt om her.

Siste utbrot av kolera i Jordan skal forresten ha vore i 1981.

International Crisis Group publiserte i juli ein rapport om irakiske flyktingar i Syria, Jordan og Libanon, les den her.

*Denne undersøking vart gjennomført av norske FAFO og vart etter ein del utsetjingar publisert hausten 2007. Du kan lese heile rapporten deira her. Du kan sjølv lese i rapporten at 450-500.000 er omdiskutert med tanke på kva datagrunnlag som er nytta. Sjølv fann FAFO ikkje meir enn 161.000 irakarar (rapport side 11), men etter at nokre tal frå dei jordanske immigrasjonsstyresmaktene i tillegg til tal frå teleselskap var lagt til var talet oppjustert.

Empire of Sand

As the bird flies so it falls!