Norske reiseskildringar frå Midtausten

For litt over eit år sidan fann eg ei bok av forfattaren, utanrikskorrespondenten og journalisten Albert Henrik Mohn (1918-1999). Boka heitte Arabiske Korsveier: fra Algerie til Kuweit og kom ut i 1959. Sidan eg studerer Midtausten fann eg boka svært interessant. Sjølv hadde eg aldri høyrd om Mohn, men eg fann raskt ut at han var godt kjend og hadde skrive eit utal bøker frå reisene sine rundt om i verda. Ein del av desse reisene som omhandla Midtausten fann stad i ein svært interessant og spennande periode. Eg har sjølv berre lese denne eine boka hans, men eg har i mindre grad prøvd å skaffe meg fleire. For min eigen del vil det vere interessant å lese om reisene hans i Israel/Palestina i 1949, i Egypt i 1952, i Jordan i 1957, i Algerie i 1954, i Irak i 1958 og i Israel/Palstina på nytt i 1967/68. Desse årstala vil vere kjende for dei som har ein viss kjennskap til regionen. Medan eg leitte etter Mohn sine bøker på nett i dag fann eg ein ny og kanskje like spennande reisande, Georg Wasmuth Sejersted (1896-1982). Sejersted har eg heller ikkje høyrd om før, men han skal vere ein av pionerane innfor for norsk reiseskildring. Midausten var ein av stadane han reiste til og han gav ut fleire bøker frå regionen frå 1930-talet til ut på 1950-talet. Av bøkene eg har funne på nett har han reist mykje i ørkenen på den arabiske halvøya, mellom anna i Jordan og Saudi-Arabia.

Sidan eg ikkje har lese nokon av desse bøkene, utanom ei, er det vanskeleg å vite heilt kva type bøker det er snakk, om det er fagbøker eller reiseskildringar. Den eine eg har lese av Mohn var ei reiseskildring skriven av ein journalist der det var mykje fokus på politikk og dette er eit sannsynleg fokus i dei andre bøkene til Mohn. Kva bøkene til Sejersted er, er meir usikkert, men ut i frå titlane på bøkene hans ser det ut til å vere ei blanding. Medan nokon av dei har titlar som Orient. Fra Bagdad til Ibn Sa'uds land frå 1942, har ei bok utgjeve i 1936 tittelen Lawrence og hans arabere, eit år etter Lawrence døydde og den kan difor godt vere ei fagbok.

På nett er det lite anna informasjon å finne om bøkene forfattar og boktittel, men for min del er titlane interessant nok til å ta ein nærmare kik. Dersom ein er interessert i litt eldre norske bøker ein ikkje får tak i gjennom dei nye bokhandlane kan www.antikvariat.net vere ein god stad å leite, eventuelt kan ein ta seg ein tur på biblioteket.

Første kyrkja i verda?

Gamle jarnbanedraumar får nytt liv