Den britiske draumen om ei jarnbane frå Calais til Calcutta var i tankane då britane var i ferd med å dele Midtausten opp mellom seg og franskemennene etter første verdskrig. Ideen om ei jarnbane mellom Bagdad og Haifa var noko av grunnen til at Storbritannia fekk innelemma Haifa og Akko i det britiske mandatet Palestina i staden for det franske Libanon. Tidleg på våren 1922 reiste den britiske representanten i Transjordan, St. John Philby, og jarnbaneingeniøren Major A. L. Holt frå Amman til Bagdad for å kartleggje moglegleiken for å legge ei jarnbane gjennom det då omdiskuterte området Wadi Sirhan, som i dag ligg lengst nord i Saudi-Arabia. I rapporten sin frå reisa skriv Major Holt om ein spesiell stamme i området som stakk seg ut frå beduinane, Sulubistammen.
Det spesielle med Sulubistammen var at dei var dei einaste som haldt til i ørkenen året rundt. Dei vart ikkje raida av dei andre beduinstammane og levde i følgje Holt eit liv i tryggleik i eit konfliktfylt område. Opphavet deira var prega av mystikk. Sulubistammen hevda dei var i slekt med engelskmennene og at det er hevda dei stammar frå europeiske krossfararar. Ordet Sulib tyder nemleg "kross".
Til tross for deira fredfulle forhold med beduinane, såg desse ned på Sulubistammen og nekta mellom anna å gifte seg inn den. Holt meinte òg at moralen deira ikkje var like streng og at dei arbeidde litt med ting som var sett ned på av beduinane. I følgje Holt såg beduinane ned på alt arbeid som ikkje involverte å drive dyreflokkane sine og halde på med sportsraid mot underlegne motstandarar.
Opphavet til Sulubistammen var som sagt prega av mystikk og dimed følgde det naturlegvis med ei opphavshistorie som vart fortald Major Holt:
For lenge sidan då Gud delte opp ørkenverda mellom dei forskjellige sjeikane sov leiaren for Sulubistammen og fekk dimed ikkje tildelt noko. Då han vakna vart han forferda av nyhenda og drog til Gud og gret over det tapet og ba på sine kne om å få tildelt ein del av verda. Gud var ikkje interessert i dette og fortalde at sidan verda allereie var delt opp kunne ikkje Sulubi-stammen få noko del. Gud gav likevel Sulubistammen eit lite plaster på såret og som trøst ville lagnaden deira vere å vandre på jorda i fred og frie frå plager.
Holt fortel at det er eit faktum at gjennom heile den arabiske historia er Sulubistammen den einaste stammen som er fritekne frå å bli raida og at alle dei andre ørkenfolk respekterarar denne fridomen.
I kor stor grad dette er sant er for meg førebels vanskeleg å vite sikkert. Major Holt vart fortald dette i 1922 og skreiv historia ned året etter. Artikkelen til Holt er å finne på Jstor under namnet "The Future of the North Arabian Desert", men ein må ha godkjend tilgang til Jstor for å lese den (til dømes gjennom universitetet). Eg tvilar derimot på at det framleis stemmer i dag med tanke på dei enorme endringane den aktuelle regionen og beduinane har gått gjennom sidan då.
Jarnbana vart aldri bygd, til tross for Major Holt sin optimisme og mange godord. Det var til slutt vanleg motorisert transport som vann fram over jarnbaneplanane i åra som følgde.