Her ein dag kom eg over ei ny bok, Setting the Desert on Fire av James Barr, ein britisk historikar. Boka har undertittelen T. E. Lawrence and Britain's Secret War in Arabia, 1916-18 og er like mykje ei skildring av Lawrence som den er av den britiske kampanjen i Arabia. Lawrence spelar den største personrolla og Barr går grundig til verks for å skildre både personen Lawrence og kva han gjorde. Som ein liten bonus har Barr eit nyttig indeks over hovudpersonane i boka. Barr skriv godt og med kapittel på 10-12 sider kvar kjem ein raskt gjennom boka. I byrjinga fekk eg kjensla av å lese ein spenningsroman grunna måten Barr skriv på. Barr nyttar dialogar i større grad enn andre historiske verk, og i tillegg er boka full av detaljar som Barr skildrar på ein måte som gjorde meg litt skeptisk. Barr nyttar nemleg ein del skjønnlitterære verkemiddel, i alle fall verkar det slik. Kjeldene han har nytta er likevel mykje private brev og dagbøker, og det er sannsynleg at han har skildringane frå desse. Den korte perioden boka dekkjer, dei personlege kjeldene og hendingane sjølv legg òg betre til rette for å nytte skjønnlitterære verkemiddel slik Barr har gjort utan at det går ut over den historiske analysa. Barr har òg gjort rom for nokre litt artige historier, som desse to:
Trying to help the Arabs regain the initiative, the British became unwittingly embroiled in the port's [Jeddah] highly factional politics when Boyle invited a local tribal leader aboard the Fox to point out possible targets inside the town that he could shell. Boyle became suspicious when the man identified some unlikely-looking buildings. 'Months after I heard that my picturesque sheikh was in reality a merchant of the town,' he later wrote, surmising that the man 'had taken advantage of this opportunity to rid himself of trade rivals'.
The French would force Feisal into exile in July the following year. The French general responsible is reputed to have gone to Saladin's tomb in Damascus afterwards and announced: 'Nous revoilà, Saladin' - Saladin, we're back.
Shrine of Saladin
James Barr har, i alle fall slik bibliografien gjev uttrykk for, gått grundig gjennom britiske arkiv og har basert seg nesten utelukkande på britiske og engelskspråklege kjelder. Dette fører til at det største fokuset i boka er på britane og kva dei gjorde, men det er då òg meininga med boka. Det hadde derimot vore interessant å ha høyrd meir frå eit arabisk perspektiv.
Barr har, i tillegg til å rote grundig rundt i britiske arkiv, sjølv tatt turen til regionen for å følgje vegen det arabiske opprøret tok. Fleire stadar i boka stoggar Barr opp der det er relevant for å skildre eigne observasjonar av landskapet og situasjonen slik det er i dag. På si reise oppover Hijaz-jarnbane fann han mellom anna fleire lokomotiv som hadde vorte offer for miner og sabotasje frå britane og arabarane. Mange av lokomotiva ligg framleis i sanden der dei spora av, 90 år etterpå. Dette gjev eit spanande og nytt innsyn av konflikta og gjer den samstundes meir levande.
Etter å ha lese boka har eg fått endå meir lyst til å vitje stadane i Jordan der Lawrence var. Spesielt har eg lyst å vitje mellom anna ørkenfortet Azraq ('blå' på arabisk), som ligg aust i Jordan. Lawrence nytta Qasr al-Azraq som ein base i krigen mot tyrkarane.
*James Barr har forresten ein ganske interessant blogg. Han har mellom anna lagt opp bilete frå reisa han gjennomførte i samband med boka si.