Lite nyttig saudisk frimerke

Lite nyttig saudisk frimerke

Det eksisterte ingen statsgrenser i området mellom Qatar, Emiratane, Saudi-Arabia og Oman på 1930-talet slik vi tenker på det i dag. På 1930-talet fann ein olje, og fleire aktørar som byrja då interessere seg meir for kvar eventuelle statsgrenser skulle gå. Frå 1930- til 1960-talet var det ei rekke større og mindre grensekonfliktar, forhandlingar, krav og løysingsforslag mellom Saudi-Arabia og Storbritannia, som representerte sjeikdømma på kysten gjennom traktatar.

Ein liten fotnote om desse noko overkompliserte grenseproblema er eit minnefrimerke Saudi-Arabia gav ut i 1945/46 (1365 etter Hijra). Storbritannia og Saudi-Arabia heldt då framleis på med grenseforhandlingar i aust, og det var fleire grenseforslag på bordet. Det britiske konsulatet i Jidda plukka derimot opp at på dette frimerket hadde saudiske styresmakter trekt opp ei grense som var vest for Qatar-halvøya og dimed det forslaget som var minst gunstig for Saudi-Arabia.

Saudisk minnefrimerke frå 1946 (FO 371/52797)

Saudisk minnefrimerke frå 1946 (FO 371/52797)

Konsulatet meinte det var verdt å nemne dette for britisk UD med tanke på dei pågåande forhandlingane. Konsulatet la likevel til at «This, of course, proves nothing», men tenkte at det minste kunne fungere som eit utgangspunkt for debatt. I ein liten handskriven kommentar til korrespondansen står det kommentert frå ein i britisk UD at «I hardly think that this will be any help!» Eg har diverre ikkje lukkast med å oppdrive meir informasjon om dette frimerket, so eg tippar det ikkje var til noko hjelp. Det viser likevel at ein ikkje skal vere heilt uforsiktig med å streke opp kontroversielle grenser på offisielle symbol.

Grensene i 1991 (Endra sidan. No er det berre éi grense mellom Qatar og Saudi-Arabia.)

Grensene i 1991 (Endra sidan. No er det berre éi grense mellom Qatar og Saudi-Arabia.)

Bokmelding: «What is a border?»

Bokmelding: «What is a border?»

Bokmelding: «Arabia: A Journey Through The Heart of the Middle East»

Bokmelding: «Arabia: A Journey Through The Heart of the Middle East»