To gamle globusar

To gamle globusar

Det interessante med gamle kart med statsgrenser og liknande er at ein får eit lite innsyn i korleis den politiske verda såg ut ein gong i tida. Grenser endrar og utviklar seg dei som alt anna, somme tider brått og brutalt, andre gonger so sakte at ein ikkje merkar det.

Eg var ein av dei som fekk seg ein globus under globusbølgja på 1980-talet. Den hadde hadde ei lyspære i seg slik at jordkloten og den politisk inndelte verda skein mot deg og lyste opp rommet. Den er frå 1987, då verda var teikna inn etter Den kalde krigen. Eg fann globusen att for nokre månadar sidan. Mykje av det den viser eksisterer ikkje lenger.

 Midtausten på globusen min frå 1987

Midtausten på globusen min frå 1987

Ein kan få inntrykk av at grensene i Midtausten har dei same grensene sidan kolonimaktene streka dei opp i kjølvatnet av første verdskrig, men dette er ikkje heilt korrekt. Ein legg raskt merke til at desse er i endring ved å samanlikne 1987-globusen min med ein udatert globus som står i eine gangen på Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR).

 Midtausten på ein globus frå 1950-talet

Midtausten på ein globus frå 1950-talet

Grensene i Midtausten har endra seg sopass mykje at dei gjer det mogleg å gisse alderen på denne globusen. Den stammar sannsynlegvis frå 1950-talet. Eritrea er sameina med Etiopia so det er etter 1951 og sidan britisk Somaliland eksisterer må det vere før 1960.  Om den er frå før eller etter 1955 spørst på om det skraverte Sudan viser at det ein koloni eller ein sjølvstendig stat.

Nokre få år etter 1987-globusen var produsert, endra fleire av grensene på kartet seg igjen. Jemen vart eitt land, den nøytrale sonen mellom Irak og Saudi-Arabia forsvann og Etiopia og Eritrea skilte lag.

Bokmelding: «1001 natt»

Bokmelding: «1001 natt»

Ei liste over gode nordmenn

Ei liste over gode nordmenn