Jødekaravane i Jemen

Jødekaravane i Jemen

Georg Wasmuth Sejersted er ifølgje Adolf Fohnan den første nordmann som «som har treng inn i denne delen av et land som vår populære presse har så lite å fortelle om, og som er lite nok kjent selv av den vitenskaplige verden.»[1]

Landet er det som no er Jemen og året er 1932. Sejersted er ivrig etter å utforske landet og har fleire gonger prøvd å kome seg innover «til blodfeidenes land» som han sjølv kallar det. Han hamnar likevel alltid attende i regionshovudstaden Lahij (لحج) nær Aden.

 Georg Wasmuth Sejersted

Georg Wasmuth Sejersted

 «Den øverste del av Khureba-passene.» Fotografi av Sejersted.

«Den øverste del av Khureba-passene.» Fotografi av Sejersted.

Etter mykje att og fram bestemmer han seg for å reise inn åleine saman med ei karavane. På veg gjennom Khureba-passa, like før byen al-Dali (الضالع‎), treff han på ei følgje med ein jødisk familie:

Først kom jødepappa med en parasoll over hodet. Han hadde lokker ned over tinningen — tegn på jøder. På esel nr. to var der vannsekker og leirkrukker og en del potter og panner. Det tredje esel bar to digre kasser — en på hver side. I kassene yret det med onger, syv-åtte små jødehoder med krøller nedover tinningene tittet nysgjerrig opp. Det hylte omkapp alle sammen.

I hver av kassene var der saget hull så ongene lettvint kunde gjøre sitt fornødende. Endelig kom det siste eselet. Det var ufattelig at dets små spinkle ben kunde bære den tykke, svære jødemamma som skrek til ongene og pisket på det stakkars esel.

 Sejersted si kartskisse over området han reiste i. Reiseruta er merka med svarte strekar. Han møter familien med jødar nær Dala ved E-en i «Emiren av Dalas stammer». Kartskissa er henta frå boka.

Sejersted si kartskisse over området han reiste i. Reiseruta er merka med svarte strekar. Han møter familien med jødar nær Dala ved E-en i «Emiren av Dalas stammer». Kartskissa er henta frå boka.

Sejersted skriv vidare at «jødene her sydpå er verdt et nærmere studium». Kvartera deira i landsbyane var skilt frå den arabiske delen og låg avsides. Synagongane deira var bygde av soltørka leira og Sejersted skriv at desse ikkje skilde seg særleg frå andre hytter.

Jødane i Jemen fekk heller ikkje bere våpen, eit ikkje uvanleg forbod for både kristne og jødar der muslimane styrte. Det var ei uskriva lov, fortel Sejersted, men mot litt betaling eskorterte arabarane karavanene deira.

Ei anna uskriva lov var mellom anna at jødar kunne passere to krigande arabarstammar «uten at et hår krummes på deres hoder». Drap på jødar, derimot, skapte ikkje nokon blodhemn og slike tvistar vart avgjorde med pengar.

Jødekaravana forsvinn og meir skriv ikkje Sejersted om jødane i Jemen. 17–18 år etter Sejersted sitt møte med den passerande familien blir mesteparten av jødane i området flydde til nyetablerte Israel.[2] I dag er det om lag 400 jødar att i Jemen, om ein skal tru visse kjelder.


  1. Denne historia har eg henta frå Sejersted, Georg W. (1933): Under Syd-Arabias ørkenhimmel — Fra sultanen av Lahajs eventyrslott til blodfeidenes land. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. Sitatet er frå forordet på side 5.  ↩

  2. Mellom juni 1949 og september 1950 vart 49 000 jødar transporterte med fly til Israel i det som er kjent som Operasjon flygande teppe, eller meir korrekte Operasjon På ørnevinger.  ↩

Solid «Ambassadors»

Solid «Ambassadors»

Ein millimeter her, 200 meter der.

Ein millimeter her, 200 meter der.