Ein millimeter her, 200 meter der.

Ein millimeter her, 200 meter der.

Djevelen ligg stundom i detaljane blir det sagt, og når ein strekar opp statsgrenser kan detaljar vere viktige, spesielt i Midtausten. 

Då Storbritannia bestemte seg for at grensa mellom Palestina og Transjordan skulle strekast skikkeleg opp, sette dei i gang med lite liv og lite lyst. Året var 1922 og dei få grensene som allereie eksisterte i området var korkje gamle eller særskilt etablerte. 

Grensa strakk seg frå Daudehavet til Raudehavet. Kartet er frå 1922 (David Rumsey Historical Map Collection)

Grensa strakk seg frå Daudehavet til Raudehavet. Kartet er frå 1922 (David Rumsey Historical Map Collection)

Grensa britane skulle lage var administrativ og hovudsakleg noko dei sjølv trengde bry seg lite om sidan dei styrte på båe sider. Frå Daudehavet til Raudehavet går Wadi Araba, ein lang fjellete dal. Området er for det meste ørken i tillegg til å vere tynt busett. Det var difor ikkje særskilt viktig kvar grensa gjekk, sånn heilt nøyaktig.

Wadi Araba sett frå jordansk side, i nærleiken av Petra.

Wadi Araba sett frå jordansk side, i nærleiken av Petra.

Det var lite som var klart, som til dømes kva utgangspunkt og sluttpunkt grensa skulle ha, skulle grensa vere ein rett strek eller følgje fysiske landemerker, og skulle det følgje lågaste punkt i dalen (thalweg-prinsippet) eller medianen? Det viste seg at britane ikkje var godt kjende i området og heller ikkje hadde kart som dekka regionen på ein god måte.

Då dei endelege bestemte seg for kvar grensa skulle gå på karta sine, merka dei karta med ei stipla svart 0,8 mm tjukk line. Dette skulle vise seg å skape ein del problem og konfliktar i seinare tid når ein fann ut at 0,8 mm på kartet faktisk er 200 meter i røynda.

Dei ibuande defektane til grensa tok Jordan og Israel med seg når dei avtalte 1922-grenselina til britane som ei internasjonal grense under våpenkvila i 1949. Med det oppstod ei av dei mindre kjende grensekonfliktane i Midtausten.[1]


  1. Les meir om denne grensekonflikten i Elisha Efrat sin artikkel «The Israel-Jordan Boundary Dispute in the Arava Valley» i British Journal of Middle Eastern Studies, Vol. 21, No. 2 (1994), der denne historia er henta frå.  ↩

Jødekaravane i Jemen

Jødekaravane i Jemen

Klestips til reiser i Egypt, Palestina og Transjordan (1938)

Klestips til reiser i Egypt, Palestina og Transjordan (1938)