Då kristne elefantar prøvde å øydelegge Kabaen i Mekka

Då kristne elefantar prøvde å øydelegge Kabaen i Mekka

Medan eg las ein omtale av sjølvbiografien til Harry StJ. B. Philby (of Arabia), ein viktig mann med tanke på Storbritannia si rolle i Midtausten etter den første verdskrigen, kom eg over ei lita historie om Kabaen i Mekka:  

På byrjinga av 500-talet sat den kristne keisaren Ella Asbeha i Etiopia og irriterte seg over ein massakre på kristne martyrar i Najran, som no ligg sør i Saudi-Arabia. For å hemne seg reiste han over Raudehavet til Jemen med ein hær og førte krig mot dei som skulle ha stått bak. Nokre år seinare hadde ein annan etiopisk keisar tatt over og hadde sett ein visekonge, Abreha, som guvernør av Jemen. Abreha var ein kristen mann som mellom anna hadde bygd ei kyrkje i Sana, og som ein kristen irriterte han seg over heidenske pilegrimar som valfarta til Mekka. Han ville difor setje ein stoggar for dette.

Abreha samla saman tretten elefantar og drog for å øydeleggje Kabaen, den heilage svarte steinen, som òg var svært heilag i førislamsk tid. Voktarane av Kabaen var Quraysh-stammen, stammen til Muhammad som seinare ville bli Gud sitt sendebod. Voktarane var ikkje særleg glade i elefantar og flykta difor då Abreha dukka opp. No stod det ingenting mellom Abreha og den heilage svarte steinen, med unntak av ei lite mirakel. Då visekongen nærma seg steinen, nekta elefanten han rei på å gå vidare og sette seg berre ned i staden for. Dimed var visstnok Kabaen redda.

Moralen her er at elefantar er eit dårleg val dersom ein ynskjer å øydeleggjer heilage steinar.

 

Ein engelsk beduinstamme

Ein engelsk beduinstamme