Arabisk historie, vestlege kjelder

Robert Fisk skreiv i 2008 at arabarar må basere seg på britisk og israelsk kjeldemateriale for å skrive si eiga historie. Slik er ståa framleis, og fram til i år har det ikkje vore mange teikn til at det skulle endre seg. Vil den arabiske våren ha noko å seie for kva kjelder arabiske forskarar kan basere seg på?

Behind [a staute of Hafez al-Assad] lie the archives of his dictatorship. But not a single state paper is open to the people of Syria. There are no archives from the foreign ministry or the interior ministry or the defence ministry. There is no 30-year rule – for none is necessary. The rule is for ever. There is no Public Record Office in the Arab world, no scholars waiting outside the National Archives. [...] It is the same in Cairo, in Riyadh, in Beirut and in Tripoli. Dictatorships and caliphates do not give away their secrets. The only country in the Middle East where you can burrow through the files is called Israel[.]

London - Archive Research

I Vesten og Israel er riksarkiva opne for alle som ynskjer tilgang. Dei fleste dokument blir gjort tilgjengelege etter at det har gått ei viss tid. I USA er hovudregel at alt blir gjort tilgjengeleg etter 50 år, medan det i Storbritannia er delt inn i 30, 50 og 75 år. Alt blir uansett tilgjengeleg til slutt.

London - Archive Rules [edit]

I riksarkiva finn ein det meste av papir, saksdokument, korrespondanse, avtalar, interne diskusjonar, ordrar m.m. knytt til staten og forskjellige departement. Dette er ikkje noko ein finn i Midtausten, ein region med ein god del autokratiske regimer som ikkje er altfor glade i folk som snokar rundt i fortida deira. Om det eksisterer eit arkiv so har ein ikkje tilgang, seiast det.

Dei nasjonale mytane er viktige og står sterkt i mange land. Dei er ikkje lette å punktere, og kvar gong dei blir utfordra blir det debatt og tidvis kontroversar. Ein kjenne dette sjølv frå norsk historie og alle 'oppgjera' som er tatt med hendingane under andre verdskrig og oppgjeret med landssvikarar i tida etterpå. I Tyrkia er det framleis problematisk og svært kontroversielt berre å kalle deportasjonane av armenarane i 1915 for folkemord, noko som ikkje ein gong er ein del av det moderne Tyrkia si historie, men Det osmanske riket.

I Israel vart dei nasjonale mytane og den offisielle versjonen av Israel si historie og etablering utfordra av grundig arkivforskning frå det som har vorte kalla dei nye historikarane. Dette kom som ei følgje av at dei israelske statsarkiva frigjer statspapir etter 30 år og gjer dei offentleg tilgjengelege. Dette skapte ikkje overraskande både kontroversar og debattar som framleis lever. Å slå hol på nasjonale mytar er som sagt vanskeleg.

Storbritannia og Frankrike var svært aktivt inne i den politiske utviklinga i Midtausten under og etter første verdskrig, for å seie det mildt, og dei skapte og styrte direkte og indirekte dei fleste statane der. Kjeldene deira er difor både rike og fyldige, men dei er skrive av dei styrande, ikkje dei styrte. Ein finn brev frå arabiske statsleiarar m.m., som ein ikkje finn eller får tilgang til i staten til avsendaren, som til dømes dette brevet under frå Ibn Saud, skrive i 1925:

London - Letter from Ibn Saud, 1925

Det Fisk påpeiker i artikkelen sin er at det er dei statlege dokumentarkiva ein ikkje har tilgang på. Det er elles mange kjelder basert på intervju, dagbøker og private arkiv. Eit lite døme er boka Year of the Locust som er basert på tre dagbøker skrive av tyrkiske og palestinske soldatar under første verdskrig. Men det like fullt ikkje statsdokument. Det er ikkje interne diskusjonar i regjeringa og departementa. Det er ikkje utarbeiding av strategiar og planar. Det er ikkje statlege ordrar. Det er ikkje noko som fortel kva informasjon staten hadde og korleis dei handterte denne. Dette, om det fins, ligg i dei statlege nasjonalarkiva.

London - Research Material

Den arabiske våren

Dei sovjetiske statsarkiva vart i løpet av 1990-talet delvis opna for offentlegheita som følgje av oppløysing av Sovjetunionen i 1991. Over 70 år tidlegare hadde dei revolusjonære i Russland offentleggjort ei rekkje løynde avtalar staten hadde med andre statar. Ei av desse var den svært kontroversielle Sykes-Picot-avtalen frå 1916. Grunnen til at eg nemner dette er den arabiske våren, som no snart er eit år gammal.

Førebels er det alt anna enn sikkert om korleis det heile endar. Det er ei av de største omveltningane i Midtausten på lang tid og ein vil sannsynleg sjå fleire forskjellige styresett enn dei ein har sett til no. Ei personleg von eg har er at opprøra skal føre til betre ytringsfridom og større offentleg debatt, og som ei følgje av dette at nokre riksarkiv skal bli opna for offentlegheita, og at folk skal få tilgang og innsyn til si eiga historie. Ein revolusjon kan føre til at ein vil offentleggjere "udådane" til det gamle regimet, men dette er langt frå sikkert.

NB: Mykje av det som er omtalt til no er moderne politisk historie. Ei opning av arkiva opnar òg for eit breiare kjeldemateriale innanfor mange andre og vel so viktige felt. Det egyptiske nasjonalarkivet er forresten eit av dei eldste i verda, ti år eldre enn Public Record Office i London.

Litt uro i Jordan

Konspirasjonsteoriar og arabisk media