Dershowitz i Bergen

Måndag 21. mars gjesta forsvarsadvokaten Alan Dershowitz Bergen og haldt eit føredrag på Dragefjell om 'Israel og folkeretten' i regi av juridisk studentutvalg (JSU) og ELTA (European Law Student Association). Dershowitz gjesta Oslo og Trondheim i tillegg. Det vart rett nok ikkje særleg mykje prat om folkeretten, noko ein nesten kan forvente når temaet er Israel. Det var først då han  kom til Oslo og tala der at det vart plukka opp av media trass i at han var i Bergen kvelden før. Student- og lokalmediene i Bergen plukka det ikkje opp, men det kan vere at dette skuldast dårleg promotering. Nokre kommentatorar hevda han drog fullsatte salar i alle tre byane, men dette stemmer ikkje for Bergen, der salen ikkje ein gong var halvfull.

Etter det eg har høyrd frå artiklar, vener og kjende utgjorde alle tre for det meste det same showet, for det var meir eit show enn eit føredrag. Det bar, slik mange har peikt på, sterkt preg av at han er ein amerikansk forsvaradvokat. Polemikken stod sterkt og drukna for det meste dei gode poenga han hadde. Han framstod politisk ikkje på nokon måte som ekstrem, og presenterte seg i stor grad som moderat (pro-israel og pro-palestinsk).

Artikkelen han skreiv i etterkant av besøket i Noreg (Norway to Jews: You're Not Welcome Here) viser for min del at alt Dershowitz kjem med ikkje kan takast seriøst. Teksten svarar ikkje til overskrifta, og dei døma han trekk fram er ikkje representative nok til å trekke slike konklusjonar. At han faktisk ikkje har orka å finne den rette stavinga av namnet til Kåre Willoch er dårleg. Sitatet av Willoch han trekk fram her trakk han fram under føredraget og gjentok det fleire gongar. (Astrid Meland diskutert dette sitatet og debatten rundt det i 2009 på bloggen hennar: Kåre Willoch rasist?)

Artikkelen hans speglar til ei viss grad føredraget hans, der ein trekk fram punkt ein ynskjer fokusere på og arbeider ut frå dei. Føredraget hans kan kortast raskt ned til at det eksisterer verre statar enn Israel i denne verda, og at det er eit unormalt stort fokus på denne vesle staten.

I byrjinga av føredraget sitt oppfordra han publikum til å utelukkande stille kritiske spørsmål til han på slutten, ros kunne ein kome med etterpå. (Dette minna meg kort om John Cleese sitt siste show der han oppfordra folk til berre å kome med fornærmande spørsmål). Spørsmålsstillarane skulle få eit minutt kvar å stille spørsmål.  Det var difor litt synd at Dershowitz ikkje alltid let spørsmålsstillarane spørje ferdig før han svarte brutalt på spørsmåla. Det kan òg seiast at spørsmålsstillarane gjerne kunne kome med litt betre spørsmål.

Til sjuande og sist kan det seiast at føredraget var interessant, men ikkje særleg nytt. Eg kunne tenkt meg å høyre mykje meir om internasjonal rett og Israel enn det som kom fram. Det interessante var eigentleg føredragshaldaren og kjendisstatusen hans meir enn det han faktisk sa.

--

Ymse andre artiklar og kommentarar om besøket:

Eirik Løkke: Der-show-itz i Oslo

Universitetsavisa: Dershowitz kom - så gikk alarmen og Universitetene sa nei - studentene takket ja

På Høyden: Fikk ikke snakke om Israel

Knut Olav Åmås: Stjerneadvokaten som forsvarer Israel

Micheal Melchiorm: Utenfor virkeligheten

Tilbake til Jordan

The Green Wave