Frp, den norske ambassaden og Jerusalem

I følgje ein artikkel på aftenposten.no ynskjer Frp å flytte den norske ambassaden i Israel frå Tel Aviv til Jerusalem. Grunnlaget for denne påstanden er ein veljarguide sett saman av ein ny organisasjon kalla Kristenfolket, som har stilt fleire spørsmål til "samtlige ikke-sosialistiske kandidater". Eit av desse spørsmål er:

3. Vil du støtte flytting av den norske ambassaden fra Tel Aviv til Jerusalem i kommende periode?

Av svara dei fekk frå Frp sa 94% ja til ei slik flytting (mot 83% frå Krf). Av dei som svara ja var mellom anna partileiar Siv Jensen og Frp sin utanrikspolitiske talsmann Morten Høglund, som fekk eit lite pluss i boka av meg etter å ha vitja Gazastripa tidlegare i år. Høglund uttalar til Aftenposten at ei slik flytting er Framstegspartiet si prinsipielle haldning, men at dei har respekt for at det heile er omstridd og at ein må gå varsamt fram. Høglund reservera seg samstundes og legg til at ei flytting vil skje, men ikkje før situasjonen er moden for det. Høglund svara likevel ja til å Kristenfolket sitt spørsmål om å flytte ambassaden i kommande periode, noko som vil seie innan dei neste fire åra. Slik eg ser det er det lite truleg at situasjonen vil modnast nok til eit slikt ekstremt steg på so kort tid. Høglund sitt ja var kanskje mynta på ei flytting "før eller seinare" og kanskje etter at statusen til Jerusalem er slått fast i endelege fredsforhandlingar og/eller liknande, men då å svare ja på at det skal skje i kommande periode viser berre lite innsyn og dårleg dømmekraft.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre reagerar kraftig mot dette og karakteriserar det som "et standpunkt som vil være ekstremt i internasjonal politikk", noko eg seie meg heilt einig i. Med eit lite unntak av International Christian Embassy, er det ingen andre ambassadar å finne i Jerusalem, det einaste ein finn elles er generalkonsulata til Hellas, Italia og USA. (Ei oversikt over utanlandske ambassadar i Israel finn ein her).

Ei slik flytting vi slik Støre seier vere "en aksept av israelsk okkupasjon" av dei palestinske områda. Dette vil òg vere ein overraskande og, slik eg ser det, ein ganske tåpeleg åleinegang av Noreg som vil føre lite positivt med seg og heller øydelegge rolla Noreg forsøker å spele som ein nokolunde nøytral part. Støre påpeikar mellom anna at ikkje ein gong George Bush den yngre valde ei slik løysing, trass i at den amerikanske kongressen i 1995 under Clinton vedtok Jerusalem Embassy Act som slo fast at "Jerusalem should be recognized as the capital of the State of Israel; and the United States Embassy in Israel should be established in Jerusalem no later than May 31, 1999". Sjølve flyttinga er derimot utsett gjentatte gongar av den amerikanske presidenten, trass i at Israel og USA har vorte einige om ei potensiell plassering av ambassaden i Jerusalem.

Ei flytting vil i tillegg stri med FN sine gjentatte vedtak, men no er ikkje Frp den største tilhengaren av verdsorganisasjonen av norske parti. Men sjølv om Frp vinn valet i september tvilar eg på at dette er noko anna enn berre prat og veljarfrieri (det vil seie med mindre det blir ei Frp-Krf-regjering, noko som ikkje er særleg sannsynleg).

Svensk-israelsk diplomatikrise over Aftonbladet-artikkel om organhausting

"Grenser i det grenselause" på BORA